[Riksretten...]

Riksretten byrjad um Tysdagen Kl. 10 Fyremiddag med Saki hans Selmer. Fyrst var det eit lite Møte for stengde Dører. Kl. 10 ½ vart Dørerne opnad, og alle, som hadde Biletter, gjekk inn. Daa Retten var sett, kom Selmer inn, bukkad for Retten og sette seg paa Tiltalebenkjen. Sakførsla byrjad med, at Forsvararen hans Selmer Johannes Bergh gjorde Paastand paa, at Bonde Bjering skulde gaa ut av Retten. Aktor, W. S. Dahl, svarad baade greit og godt. Bergh gav Tilsvar att, og so byrjad Dahl paa si andre Svartale; men fekk kje fullføre henne, daa Klokka var 2, og Retten skulde sluttast. Um Onsdagen heldt Dahl fram med Tilsvaret sitt. Kl. 11 var han ferdug, og so skulde Retten avsegja Dom. (Ingjen av Partarne hev Lov til aa tala meir enn tvo Gonger i den same Sak.) Kl. 2 var Retten ferdug med Avrøystingi, og Domen vart kunngjort av President Lange. Den lydde paa, at Bond Bjering skulde sita i Retten.
           
Um Torsdagen hadde dei for seg, um nokon av Domararne var inhabile. Defensor vilde, at Aktor skulde koma fram med sine Innvendingar fyrst. Dahl svarad, at han ingjen hadde. Berghspurde daa, um han skulde koma fram med sine Innvendingar med det same elder um han skulde venta, til Aktor hadde lagt fram sitt Innlegg i sjøvle Tiltalesaki. Han vilde helst dette siste, daa han inkje kjende til, kva Aktor vilde koma fram med i sitt Innlegg. Dahl trudde, at Innvendingarne maatte gjerast fyrst. Bergh vilde hava Rettens Dom for det. Retten avsagde daa Dom og gav Aktor Medhald. Bergh bad um aa faa Bidetol 1) til neste Fredag. Dette gjekk Retten med paa.
 
 
1) = Udsættelse.