[Um ei Bygd i Telemarki....]

Um ei Bygd i Telemarki skriv ein til oss: Det er fyrste Gongi eg er her, og Du tykkjest vel forviti aa høyre, hoss eg likar meg, og hoss eg tykkjest um Bygdi, og eg skal fortelja det Inntrykk eg hev fengje. Folki her er gjiruge og rike og liver godt i det Heile. Dei hev mest Sans for Pening, ikkje so liten Sans for Upplysning hell. Tresjerarkonsti er langt framme her; men den bli drivi meir for aa tena Pening hell for aa gjera Heimen koseleg. Ein maa ikkje klaga so mykje yver, at her er stygt i Heimen; her er koselegt mange Stader, maala og reint, men eg hev enno ikkje set nokon Stad, som er prydd med Utskur.
           
Folkje her er fælt blouge og mistenksame mot ukjende; det er mange Gongur ein mest ikkje kann faa Svar av dei, naar ein spør dei, især Kvinnfolkje, so den formelle Side af Dannelsen (Omgangslagje) stend mykje tilbakars; det er ein vanskeleg Ting aa faa sjaa Augo paa Folk her; dei mest berre glytter burtpaa ein og smyg burti Krøan. Litt Anstandsøvelse trur eg og dei hadde godt av. Men naar ein lærer dei aa kjenne, og naar ein er kjend for dei, so er det stor Skilnad paa dei. Eg trur Folk her er begava, men ein maa luske det ut av dei. Gjentunne hev fæl Hug til aa reise ut i Verdi; dei trur vist ikkje, at Heimbygdi ligg i Verdi, og so foragtar dei reint si eigi Bygd, sine eigne Gutar og sine eigne Sjikkar.