Bjørn Berge 1).

Det, som Forfattaren Oddmund Vik heve sett seg som Maal og Uppgaava med Forteljingi si, synes eg maa væl vera aa halle fram ein Bondegut, som lengtar etter Kunskap og Upplysning og ut fraa ei materialistisk aandsfatik Bygd yver dei høge Fjølli.
           
Den grove Stolpereising i Forteljingi er: Bjørn kjem fyrst paa Seminariet, men finn der ikkje det han leitar etter. Men i vaare store Menns Arbeid for folkeleg Upplysning og frihuga Politik finn han Krafter, som grip honom og bringar honom eit stort nytt Syn paa Livet. Heimkomen fraa Seminaret tek han til aa arbeida for sine Tankar, slæst med Lesararne og samlar Ongdomen kring seg til Skule, til Fyredrag og Ordskifte. So dreg han ut att til ein Folkehøgskule og vinn støare og sikrare Fotefeste og fær seg, som han kjem heim att, ei Festarmøy etter mykje Stræv og Stri. Kjem so som Huslærar til ein Embetsmann og treffer der denne Matilde Gran, som med sine Interesserog sin Intelligentsyverstraalar Bondegjenta, Ingebjørg, og som seinare gjer, at Bjørn slær upp med Ingebjørg og festar Frøken Gran. Aa so sluttar Boki med, at Bjørn er Folkehøgskulelærar i si Heimbygd.
           
Aa døma Forteljingis Værd i det heile tor eg ikkje, kann eg ikkje og vil eg hell ikkje gjeva meg av med. Men det synest daa eg maa vera endefram og klaart, at Oddmund Vik med sin stille alvaarsame gut, som i Heimbygdi si fører det store Ord, som drøymer stort, og som forkynder aa villa leva deretter, med det maa ha meint paa aa seta fram eit Mynster for Ongdomen. Nokot realistisk Bilæte kann eg med min beste Vilje ikkje skjyne, det skal vera.
           
Men er det so, at Bjørn Berge skal vera eit Mynster for alle Unggutar, so kann eg ikkje anna enn bli flugande harm. Bjørn, som drøymer so vent um aa lyfta det norske Bondefolk i Moral og Sanning og andre gode Dygder, burde daa fyrste sjaa inn i sin eigen Barm. Er det nokon sunn, sann, moralsk Tankje i det, at han som fyrst er so gla i si Ingebjørg, at han i full Mun kunde finne si Lukke utala med Diktarens Ord aa eiga en Følelse, som om han stod med Verdens Rigdom drysset for sin Fod, bryt med henar fordi ho ifraa honom innbilla Høgde ikkje er god nokk, utvikla nokk, hugstor nokk til aa fylgja honom paa hans storvorne uttenkte Livsveg? Eg skulde meina, det laut vera Bjørns største Gleda og Lukka, - at honoms Mission her fyrst og fremst laut visa si Magt, - for si kjære Ingebjørg attmed sin Kjærleikje aa preike inn paa ho alle sine Tankar og Draumar, som ho dessutan i Fyrevegen maatte halla av, so sannt som ho hellt av sin Bjørn, og Kjærleikje til honom er ho fulla utrusta med. Tvert imot er jamvæl Bjørn sjølvgod og laak nokk til aa meine, det aa vera ei Plikt til seg sjølv, for aa vera sann, som han segjer, aa brjote med Gjenta si, og feig nokk er han, som ein ikkje skulde tru dette um, - han som helles vil vera med der Menn slost, som han segje, - til aa gjera dette utan det minnste Tiltak paa aa forklara seg. Bjørn meiner au difyr, at skulde han handla ansleis, hell han gjer, ville det vera ei Lygn, som kom til mergstela honom for heile Livet. (!) Ja ei god Trøst synes desse Ordi aa vera for Bjørn, og han veit daa aa trøysta seg sjølv, naar han ingjen hev til gjera det.
           
Dersom det var so, at me Bondegjentur var aldeles framande og ukjende med Tidis Tankar og Arbeid og livde berre paa det gamle Kjeringsnakk og utan nokon Medhug for det, som stammer fra Aand, so var me ikkje værde aa faa slik ein Kar som Bjørn Berge til Brudgom, og daa ville eg segja, det var i sin fulle Orden, at Vik gjekk burt og utom Ringen og kaara ei Brud for sin Helt. So er det gudskelov ikkje. Den Mistillidsadressa me fær i Viks Bok er difor so svær, synes eg, at den fortener aa protesteras imot. Hadde han endaa valt Matilde Gran som Heltinda fraa fyrst av, ja daa hadde me ikkje havt so stort aa sagt, det hadde daa ikkje voret nokon Fornærmelse. Men no vel han fyrst den gjildaste Bondegjenta i Bygdi ut for Bjørn, og som det kjem til Stykkje, so duger ho ikkje, men er i Grunnen eit Faar, og maa røme Pladsen, eg ha nere sagt for den fyrste, som Bjørn møter av Intelligentsens Damer! Hev nokon høyrt Makjen? Ja me Telemarkingar skal gjønne vilja kjyte oss upp segjes det; men eg tor forsikre døkk paa, at det er den verkelege Sanning, naar eg segjer, at herifraa kunne skaffas, ikkje berre ei og tvo, men snesevis av intelligente, kvikke, lentutte, livsglade, snaale, snørannes, onge Gjentur, med Upplæring, Hjarta og Forstand nokk til i full Mun aa fylgje, sjølv ein Mynstermann som Bjørn Berge gjenom Livet. Vik er sjølv kjend her i Telemarki, og eg vonar han vil innrømme Sanningi i mine Ord. Aa Gjentunne søkjer Folkehøgskulen likso flinkt som Gutanne. At Gjentunne her skal standa framom Kvendi i andre Landslutar vil eg med dette ikkje ha sagt; eg hentar bare Bevis fraa min eigen Krins, - eg trur væl det, at Gjentunne paa mange andre Stader kann standa langt yver oss i alt det, som godt er.
           
Eg kann difor ikkje forstanda med hoss Slags Rett Vik kann kasta slik Vrak paa oss Bondegjentur, som han gjer. Det kann so vera, at me ikkje kann glima so i det Ytre, i Bevægelser og Former, som Frøken Matilde kann det, og det er væl so, at dette er imponerende for ein, som lengtar ut fraa Bondestoga og upp paa dei ljosare og friare Vidder. Um no verkeleg Frøken Matilde burde trekkjas fyre Bodnegjenta Ingebjørg, so hadde eg likevæl venta av Forfattaren, at han hadde teket Ingebjørgs Parti aa hjelpt ho fram det beste, han kunde. Det hadde voret rimeleg og felleleg etter Forteljingis Aand og Tankje. Skulle Bjørn Berge ha vore Telemarking, so vil eg for meg segja, at i den Vending han gjer mot Matilde Gran, hadde eg funni honom gruveleg ukjensleg . Livsvilkaari ville legge seg tvers i Vegen, um han ha skullt funne paa aa forelska seg i ei Frøken Matilde. Han ville ikkje magta aa rydja dei vekk, og Matilde ville snaut vera so laga, at ho ville Møta honom i det Arbeidet. Han ville snart koma til aa gjeva heile Stasen ein god Dag og heller vera frista til aa sukke med Tormod Kntuson: Herre skjyl oss av med noko Fant!
           
Ingebjørg finn eg, av det, som eg fyrr hev sagt, ikkje for aa vera nokon sann Type av ei Bondegjente. Ho er au som Bjørn tillagd dette seige, seine og aalvorsame Synet, som so mange vil hava til aa vera den norske Bondes Karaktermerkje. Men at me Bondefolk skal vera so seige aa ganga so seint aa so smaatt og koma um ikkje so braatt desse Ordi, som eg hev høyrt uttala skal høve so fortreffeleg, som eit Ordtøkje for den norske Bonde, - det er slett ikkje sannt. At me skulle hava so lite av Laatt og Løgje og Lentur, av dette friske og sprettande, me som fritt veks upp blandt vaare Fjøll under Sol og Regn fraa Guds frie Himmel utan aa dyrkas som Potteplantur og utan aa turva støyte imot det, som forbydes aa befales av Salonens Fjas, - tenkje seg noko so unaturlegt og tilskapt!
           
Nei, det norske Bondelynne er ikkje absolut aalvorleg inneslutta seigt og seint, som fleire av vaare Fyregangsmenn hev fortaalt oss um. Vaar Natur, vaare Fjøll og vaart strævsame Yrkje fyr aa klara og slaa oss igjenom skal hava stemt Folket slik segjes det. Dette trur eg ikkje noko paa. Eg finn vaare Bøndar meire lettliva, friske og kaate enn aalvorsame, seige og sture, eg. Um det vitnar au meir vaar Folkedikting og vaare Folketonar. Vaar Natur synes eg au kann stemme Hugen meir til den Leid. Syni av vaare Fjøll er ikkje til bli aalvorlege, men lett og frisk, kry og glad av. Slettir so store som Havet, alle Stader like eins, er til aa faa Aalvor av det. Aa Basketakje med vaar magre Jord for vaart Braud, ja det aukar netupp Krafti aa Evnen. Det hell Folket vakje til passa paa sitt, det let det ikkje sige ned i Tungsinn, i Doven- aa Uvyrdskap, so sannt, som det vil berge seg. Det gjev oss ikkje Stunder til aa grubla yver Verdens Lagnad, daa det bare gjeld um aa sputte i Neven og taka harare i. Ein ser difor jamt det, at Folk, som heve bare fraa Haandi og til Munnen, i sitt er dei kryaste og fornøgdaste.
           
Oddmund Vik let i det heile Bjørn Berge løfte Ideens Fane høit. Bjørn meinar no, at den, som ikkje drøymer stort, ikkje kann leva stort helder. Eg trur no, ein kann leva baate stort, sannt aa ædelt au, um ein byggjer og bur paa Jordi og ikkje i lause Lufti. Aa eg finn det for ein Ongdom meire naturleg, trivleg og heilskapt aa gjera si Plikt etter Emne yver for dei aa kalla daglege Uppgaavur, som møter ein, um dei kann vera smaa og sure nokk aa bite i, enn med tillaga, uppgjorde og fastslegne Fyrilogur aa kasta seg yver Framtidi. Ho er lunefull Framtidi, og faa av oss er det, som rett fær Ønskekvisten til aa lystre, um det so bare skal vera til aa finne Vatn med. Ein kann paa den Vis lett koma til stille Strængine paa Fela si so høgt, at ein maa frygte for, dei vil springe. Det er helder ikkje onaleg og koseleg aa stille deim ned att og seinare bli nøydd til aa spila i laagare og grovare Tonar. Aa gjera Mynster for Ongdomen, ikkje so høge i Himmelsyni, at ein svimrar i Hovudet ved aa stire upp til dei, men paa aalmen, menneskjeleg Lagna, det er klokt og vitugt gjort og maa vera kvar eins Plikt som Rett aa gjera. Kann ein so rekkja dei, so byggjer ein bare viare paa det, ein heve naatt, det eine paa det andre. Lat vaare Gutar fyrst setja seg det som Maal aller aa drikkaseg fulle hell gjera noko anna Fantestykkje, og hev dei vonne Tiltru i det, so kann me au tru paa deim, naar dei reiser seg nye, vituge og rimelege der uppaa, anten det no er i den eine hell andre Leidi. Mykje av den Ongdom, som Aar etter Aar strøymer ut av Landet til Amerika, skal eg undras paa um ikkje for ein stor Del reiser, fyrdi dei finn seg svikne og narra i so Maate. Visst og sannt er det, at her er traangt um Rom i Norge, og at mange er nøydde til draga ut for Levevegens Skuld. Men mange reiser au, som likefram ikkje er nøydde til det, og her maa det stikke noko anna under. Der finns væl sjaa desse ei Veile gjøymt fraa Heimen, Uppdragingi og fraa Skulanne. Slike Ongdomar er kannhenda Mengden av vaksne upp paa aandeleg Føde aaleine som Kjyt, Kjælenskap og vene Rødur og vore haldne for gode til uvannt og endeframt Arbeide, men derimot stappa fulle med Tankar um aa koma upp i Høgdi so Folk kunne dei sjaa. Som det so kjem til Stykket og det store og det gjilde ikkje vil koma flugandes, so vender dei med Vantak Fedralandet Ryggen og dreg ut. Dei hev livt seg so inn i sine eigne Draumar og kjøyrt seg so fast i dei, at dei ikkje lenger finn Fred og Ro her, men maa ut i Verdi som dei gamle Nordmennar aa vinna Namn og Æra, naar slike Saker ikkje kann naaast paa ein skjikkeleg Maate her i Heimen. Ja dette kann for seg sjølv vera bra nokk, naar dei bare ikkje bli gjort med Kostna av det, som er dyrare og gjævare.
                                   
Ei Telemarksgjente.
 
 
1) = Boki hev voret meldt i Bladet fyrr, men me trur, at Folk likevæl kann tykkja Moro i aa sjaa, korleids ei Gjente dømer um slikt.                                   Bladstyret.