Fraa Skulesoga.

[Del 6 av 13. Første delen]
 
(Ved Matias Skard.)
                                               
Juli 1883.
 
IV.
 
Kjære Ven.
           
Upp igjenom det 18de Aarhundradet arbeider der seg i England og Frankrike ein ny Livsstraum fram. Og det er ein Straum, som Pietismen korki kann benda elder bøygja. Han gjeng sin Veg fram, velter ned og bryt sund alle dei Gjerde, som Ortodoksi og Pietisme hadde reist til Vegamerke paa Livsens Ferd. Men det er ikkje berre Ortodoksi og Pietisme det gjeld; nei den vil hava Livet løyst ut av Sambandet med Kristus. Menneskja skal standa rak, heilt paa eigen Grunn. For dei tru, at ho heve Livet i seg sjølv. Dei sjaa ikkje Syndi. Det gjeld daa aa reisa det naturleg menneskjelege, og det under Fornufti som Hovding. So kjem den Tidi, som serlege kallar seg Upplysningstidi.
           
Den som vil faa ein ny Tanke elder ei ny Livssyn til rettelege aa naa Livet og verka umskapande paa det, vil jamnan kjenna, at han maa freista aa faa Skulen til aa taka seg av det. Skulen skal bera Tankarne ut i Livet ved aa lata deim verta Eiga aat dei unge. Difyre strida ogso dei filosofiske Flokkar um Skulen Sida um Sida med dei religiøse og politiske. Den Flokk som ikkje bryr seg um Skulen, maa anten vera utan Tankar, han vil hava gjort til Liv, elder han heve seett seg blind paa sine eigne Tankar. Det vanlege og rette er, at dei vilja alle hava Skulen i si Tenesta; difyre vilja dei ogso hava honom umskapat etter sin Tanke. Ikkje minst maatte det gjelda fyre Upplysnings-Mennerne. Dei maatte sjaa, at Skulen var serlege lagleg til aa breida deira Upplysning ut. Og dei saag det, og vilde hava honom umbygd til det Bruk.
           
Og det skal aldri dyljast: vel var der Torv til, at Skulen vart umbygd. For slik som den gamle Bygnaden i Renosanse-Stil no var umkumplad, umvølt og tilbygd av Jesuitisme, Ortodoksi og Pietisme var han ikkje alt so god fyre Helsa til aa bu i. Og no kravdest det just ei helsug Saal i ein helsug Kropp.
           
Og ikkje maa det gløymast, at i si Tenesta tek Herren tidt deim, som minst vilja gjera hans Verk. So me maa ikkje fyreaat lata Augo til fyre den Sanningi, at dei fritenkjarske Upplysningsmennerne i det 18de Aarhundradet tok mangt eit Tak, som vart til stor Vinning fyre Skulen. Dei forgudade Menneskjenaturen; det er deira Grunnvillfaring; og det set ogso det store Villfaringsmerke paa deira Skulesyn og Arbeide. Men dette Mistaket gjorde deim ogso, naar galet skulde vera, rett laglege til aa sjaa Grunnbresten i Skulen og søkja aa finna Boti. For Bresten var den, at Skulen vyrde Menneskjenaturen for litet - serlege daa Barnenaturen og difyre ikkje lagde si Gjerning etter dei naturlege Krav i Menneskja vilde laga Kroppen etter Klædom i Staden fyre det motsette. Skulen hadde tidt so syrgjelege krenkt Barnenaturen, trakkat Guds Lovi so Maate under Føter. Og Upplysningsmennerne med si Yvertru paa denne Naturen var sjølvskrivne til aa gjera Hans Rett gjeldande. Den Mannen som framfyre nokon annan var eslad til aa venda Fritenkjarstraumen i det 18de Aarhundradet um mot Skulen, maa eg nemna her, enndaa han ikkje var Skulemeister meir enn eit Aar, og i den Tidi synte baade andre og seg sjølv, at han ikkje dugde til det; for han er lika vel ein Milepæl i Skulesoga. Men eg maa mest berre peika paa honom, skal eg ikkje verta for langdrjug fyre det vesle Blad-Romet. Du skynar, at den eg tenkjer pa, er Jean Jacques Rousseau(1712-1778.) Bakgrunnen fyre Rousseaus Liv og Ferd er Frankrik det 18de Aarhundrades Frankrik, Ludvig den 15de sitt Frankrik. Eg skal berre nemna det. Ludvigarne i Brodden med ei usegjeleg Sedløysa, som fraa Kongsgarden hadde breidt seg ut i dei høgre Samfundslag. Fraa ein annan Kant Filosofarne i fullt Arbeide med aa fremja det same, aa riva Moralen ned; rundt umkring berre leikande Spott og spottande Leik med alt det, som høgt og dyrt er. Ein Sivilisation, som meir og meir uppgav Kjernen og heldt seg til Skalet, det glimande Ytre, og som under dette dreiv det til ei makalaus Høgd i alt det som skin. Det er stigande Sivilisation med sigande Seder og minkande Moral. Og til alle Kantar den skire Unatur.
           
Under alt dette er den unge Rousseau med sitt store bylgjande Hjarta nær ved aa kvævast. So sukkar han ut; og kvar Sukken kjem med heile Styrken av ein glødande Harm. I 37 Aars Alderen sender han ut si fyrste Bok (1749); og der fortel han, at all Sivilisation (Daning) er av det vonde. Kunstarne og Vitskaparne hava runnet av vond Rot og bera vonde Frukter; dei røva oss den sedelege Kraft. Han set upp imot kvarandre dei tvo Ting aa kunna tala rettelege og kunna liva rettelege. Ei unaturleg Uppdraging dyrkar Forstandet paa Kostnad av det sedelege; ja so vidt hava dei drivet det, at Folk spyrja ikkje meir etter, um ein Mann er god, men um han heve godt Houvud. Soleides heve Verdi vortet laakare, til meir danad ho vart. Slikt er det han fortel Frankrik, som just gjorde seg so til av sin Sivilisation. Og undarlegt nog eit vitskaplegt Samlag giv honom Æreprisen fyre denne heilskorne Avdøming av all Vitskap. Han hadde paa si Vis havt Rett, ifall han ikkje hadde teket all Daning, men Daningi, som ho den Tid raadde i Frankrik.
           
4 Aar seinare giv han so den uppbyggjande (positive) Bakgrunn fyre denne uvæntade Domen, med det han i ei ny Bok fortel, at naar der er Ulukka og annat vondt millom Folk so hava dei voldet det sjølve; for Naturstandet er godt, ja Naturstandet i det Paradis, som Rousseau paa Frihand diktar: der dei Dyr, som han giv Menneskjenamnet, livde utan Tungemaal, utan Uppdraging, gløymde Moder si, naar dei ikkje saug lenger, og kjende ingen Fader, avdi dei parade seg, som det fall, og med frisk Kropp og Hjartefred livde rolege og skuldlause Dagar. Voltaire heve Rett, naar han skriv til Rousseau um denne Boki, at aldri heve nokon lagt so myken Ande i det Arbeide aa gjera oss til Dyr (Bæstier). Naar ein les di Bok, fær ein slik Hug til aa ganga paa Fjorefotom.
           
So kjem i 1762 Emil, elder um Uppdragingi den same Tankegang umsett paa Skulegrunn. Alt er godt - so byrjar Emil soleides som det gjeng ut av Naturen si Hand; alt vert laakare under Menneskjehenderna. Og vidare: Me halda det fast som uriggeleg Sanning, at Naturen sine fyrste Rørslor altid ero rigtige. Ein annan Gong fortel han, at Grunntanken fyre all Moral er, at Menneskja av Natur er eit godt Tilvære, som elskar Retfærd og Orden, og at der ikkje finst nokot upphaveleg bakvendt i det menneskjelege Hjarta. Paa den Grunn er Tankegangen bygd i alle mine Bøker, og den er det, eg heve prøvt aa greida ut, so klaart det berre er moglegt, i Emil.
                                               
( Meir.)