Nokre Ord til "Fedraheimen" og Lesaranne hans.

Eg er no inkje gamalt kjennt med Fedrah, enno, berre sida seinste Nyaar, men i denne stutte Tidi hev eg daa fenget han so kjær, at eg no inkje vil byte han burt i nokot anna Blad. Han er so løgleg og morosam au den Fedraheimen, attaat han er so heimskleg; eg trur kje, det er mange, som vil slutte med han att av dei, som eingong hev fenget Smak paa han. Og so er han so uvandskleg, at han narrar Folk til aa skriva i eit Blad. Eg sille ynskje, at mange fleire vilde halda Fedraheimen. Men so er det Ulukka, at han er so dyre; fyr dei Peningarne kann eg faa eit stort Blad, segjer dei, og so blir Fedrah. attesett. Men berre me vilde og var samstelte, - so kunne me hjelpe paa detta: Me kann skriva til Venerne vaare baade i Amerika og andre Stader, som inkje kjenner Fedraheimen, og fortelja dei um han, hell um me vilde sende dei nokre Nommer, so skulde me sjaa, dei hekk paa Kroken. Eg kann tenkje meg, kos Moro det var, um eg hadde voret i Amerika, aa faa høyra fraa sine kjære Heimbygdar paa sitt eiget Maal, det vore plent likso godt som aa tala med ein der heimafraa.
           
Kunna me daa faa med oss, um det var berre ein kvor, so blei me daa dugeleg mannsterke etter neste Nyaar 1) . Og mange Tingarar gjer vel eit Blad billigt? Det kunna daa kanskje koma ut tvo Gonger i Vika, og daa trur eg, at Framtidi av Fedraheimen var sikra.
           
1/ 8 83.             Ingebjørg.
 
 
1) Ja vil alle Tingarar gjera det same som Ingebjørg: faa ein ny Tingar med seg, so skal Fedraheimen fraa Nyaar av verta større.                                         Bladst.