Rispur.

Paa ein Gard i Tørdal var det eingong eit Gjestebod. Der hadde dei det paa den Maaten, at dei for aa spara paa Maten, drakk mykje Brennvin og Øl. Spilmannen, Torkel Strand, likad seg ikkje for utan Mat, og daa Brurgomen spurde honom, kva Fela sagde idag, so svarad han: Mykje Drikke, men Mat ikke, segjer Fela idag.
 
           
Ein Bjørn braut seg ein Kveld inn i ei Stoga burt i Amerika. Kjeringi trudde, det var Mannen, som kom full heim, og tok til aa skrella og skjemma, so Bjørnen vart so rædd, at han lagde til Skogs og var vitskræmd i 3 Vikur.
 
 
Smaastubber fraa Øysterdalen(av Gunnar.) Eg var i eit Gjestebod; der var det mykje Folk, deribland gamle Hallvard Skyttar, ein ordhittug Kar; ein Gong i Ungdomen hadde han voret nokot langfingrad; og so gamle Embret; han hev voret ein Ljugar all sin Dag, so dei kallad honom fyr det meste Ljugar-Embret. Desse tvo dreiv og talad mykje ved kvarandre, daa dei høvde liksom best ihop. Daa dei hadde no fengjet nokre Drammar, sagde Embret til Hallvard: Du hev svolte mykje i di Tid, du Hallvard. Ja det er nokk sannt det, svarad Hallvard. Men du hev livt bra att og sume Tider att, mea du hev skote nokot, so du hev havt nokot aa eta paa, sa Embret. Det er og sannt, svarad Hallvard. Ja, ein lyt segja du er ein bra Kar no, Hallvard, du er daa ærleg; men du dreiv og rappad og stal eit Bil, so Folk var stygt leide deg fyre det, sa Embret. Det er og sannt, du kann tala sannt du og, naar du vil, høyrer eg; hev du talad so sannt all din Dag, som du hev tala i Kvell, so hev inkje nokon turvt kalla deg Ljugar-Embret, svarad Hallvard. Embret sagde ikkje meir daa.