Tidender.

Kristiania, den 11te August.
           
Om Aarsagentil Radikalismens voksende Magt, hev Morgenbladet havt ei lang Rekkje av forunderlege Stykke. Det endar med aa kalla den politiske Striden for Massernes Kamp med sine egne Interesser, der nesten maa kaldes Selvmord.
           
Me hev for faae Galehus. Me treng byggja mange fleire, so det kann verta Rom aat alle.                                       
o.
 
           
Arbeidarnes Ringer eit Samlag i Sverike, som hev komet istand millom Arbeidsfolki serleg i Stockholm, men ogso vidare umkring.
           
Det var Strævet mot Brennvinet, som fyrst samlad dei, afsky krogarne kallad dei seg. Men sidan hev Strævet til Ringen vortet vidare, det gjeng ut paa Samlag og Samarbeid i alle Ting, som kann hjelpa Arbeidaren fram, allvisst hev dei havt for seg um Handelen og Husleiga hans, at det skal verta so billegt for honom som mogelegt.
           
Ringen skal alt hava 16,000 Lagsmenn berre i Stockholm.
 
           
Gullmedaljarne. Ved Industriutstellingi hev vortet tilkjennt: 1. I. & A. Jensen og Dahl, Kristiania. 2. Juveler Tostrup, Kristiania. 3. H. Skabo, Bygdøy. 4. Arne Fabrikar ved Bergen. 5. Hurdal, Birs, Hadelands og Høviks Glasverk og Lampefabrikk. 6. Bergens mek. Verkstad. 7. Nitroglycerins-Selskapet.
           
I same Rang hev dei ogso sett: Karl-Johansværns Verft, den geografiske Uppmælingi, Kongsbergs Sylvverk, Kongsbergs Vaapenfabrikk, Arbeidet i Domkyrkja i Trondheim.
 
           
Sylvmedaljarvart det gjevet mange av, me skal nemna Lars Kinsarvik i Ullensvang, som fekk ei for Treskjerararbeid. Mo Husflitskule i øvre Telemarki fekk Diplom lydende paa Sølvmedalje.
 
           
StatsrevisorGaarder døydde um Sundagen. Han var født 1814 og hev voret Statsrevisor sidan 1848. Arne Garborg er fyrste Varamann.
 
           
Bondestudentar, Roman av Arne Garborg, kjem no snart i Bokhandelen.
 
           
Eit historisk-biografisk Verk, som skal innehalda Livsskildringar og Bilæti av Stortingets Embetsmenn og andre namnkjende Tingmenn fraa 1814, skal fraa Nyaar av koma ut paa Forlaget av Urtegadens Bog- og Notetrykkeri.
 
           
Ullmanns Folkehøgskulei Telemarkje skal til Vettren haldast i Gjerpen inn-med Skien.
 
           
Stor Skadebrune var det i Staværn sin Sundag. Yver Helvti av Byen brann upp.
 
           
Eit stort Folkemøteskal snart haldast i Smaalenene. President Sverdrup er innboden og skal vilja møte fram.