Torni Slyngstad.

[Del 1 av 15]
 
(Av Hans Mo.)
                                   
I.
           
Paa Plassen under Fjellgarden Vatne budde ein Mann, som heitte Tergje. Han var liten av Vokstr, hadde svart Haar og Skjegg, kvasse, myrke Augo og ein liten Munn. Kona hans hadde voret gift ein Gong fyrr med ein Mann, som heitte Askjel; men ho aatte berre med sidste Mannen sin ein Gut, som ogso var døypt Tergje, men vardt kallad Torgeir; for gamle Skulemeistaren sagde, at Tergje var ikkje meir enn Torgeir det helder.
           
Vatneplassen laag attmed ei stor Elv. Paa hi Sida laag ein Gard under ei fager Skoglid. Husi der var bygde paa eit Ris med store gamle Almar og Bjørketre ikring; berre Nyestova stod fyr seg sjølv paa ein liten Bakke. Der skein Soli fritt inn gjenom Glasi. Garden heitte Slyngstad, Eigaren Torstein og Kona hans Margit.
           
Ein Gong i eit Brudlaup vardt Torstein Slyngstad so uppargad av Plassemannen paa Vatne, at han gav han eit Nakkedrag. Men Tergje berre klembde den vesle Munnen endaa meir ihop og trugad med Hemn, der det saaraste skulde bita.
           
Det var dei, som trudde, at detta Trugsmaalet laag og tyngde paa Hugen aat Torstein, endaa han aldri letst i vera. Tergje nemnde helder ikkje Dragsmaalet oftare; men Folk sagde, at hjaa han var gøymt ikkje gløymt.
           
At det ikkje var lagd ei Bru yver Elvi millom Vatne og Slyngstad, var til stor Mein; for Elvi var so stor og gjekk so strid, at ingen kunde vada henne. Men Vatnekararne meinte, at Slyngstadmannen kunde kosta Bru den Gong, daa han fekk Aalmannvegen lengd radt upp aat Stovedøre si, enndaa han var Einbu, og han tykte, dei kunde kosta Bru, som trengde henne mest.
           
No var detta baade leidt og skadelegt ogso fyr Tergje; for eit stort Stykke av Plassen laag paa Slyngstadsida, alt sidan Elvi ein Gong i Vaarflaumen hadde teket seg eit nytt Far.
           
Naar daa Tergje skulde slaa paa Slyngstadsida, laut han fyrst meisa Høyet ned aat Vatnet, som Elvi gjekk ned i, føra det so paa Baat yver Olsen og sidan bera det upp att i Tog paa Vatnesida. Øyk aatte ikkje Plassemannen.
           
Men ein Stad var Elvi so smal, at ein kunde kasta eit Klædeplagg elder ein Ljaa, som skulde slipast, yver Glupen. Som oftaste gjorde Plassekona detta sjølv; men snart var vesle Torgeir so langt komen, at han var mest høveleg til slikt.
           
Ein Dag, daa han kom ut aat Elvi med eit Byratog, som Far hans hadde gløymt aa taka med seg, stod der paa Slyngstadsida ei liti Gjenta i blaa Kjole og med eit stort fagert Haar, som naadde ned um Midja paa henne. Ho gjekk lengst fram paa Elvatromen og ropad yver til Guten, um det var han, som heitte Torgeir. Jau daa! Men kvat heitte ho? Det var daa Torni. Tergje hadde bedet henne taka mot Toget, sagde ho. Men Torgeir vilde ikkje kasta det yver til henne.
           
Fy vøre Skammi, du, som ikkje lyder Far din! trugad ho daa aat Guten.
           
Han svarad, at han kunde ikkje vita, um ho laug elder sagde sannt; for han kjende henne ikkje.
           
Nei, du er rædd dess, at du ikkje er Kar til aa langa yver Glupen, ropad ho tergande.
           
Denne Glupen her? Jau, um han var tvo Gonger so breid, skulde det yver, naar eg berre vilde.
           
So kasta daa, lat sjaa um du kann treffa meg, sagde ho og breidde ut Armarne.
           
Han røyrde Toget ihop til eit Nyste, klembde til og trefte henne midt i Fanget.
           
Au! det gjorde vondt, det du! Men slig Slag, vil du koma ut til Slyngstad, skal du faa sjaa alle Maalabladi mine, sagde ho.
           
Daa kom det Liv i Guten. Han hadde ein av Dagarne bytt fraa seg ei ny Forklaring mot ei gomol Filla hjaa ein av Vatnegutarne og fenget eit Maalablad i Millomlag. Bilætet var endaa av Judas Iskariot! Det var ingen Ting Torgeir var so glad i som Maalablad.
           
Hever du gylte ogso? spurde han.
           
Jau, det var Raad til dess, baade Moses og Aron og Isak og alle hine. David hekk paa Stykket sitt i Bibelsoga etter ein raud Traad gjenom Kruna.
           
Fraa den Dag var det ingen, som saknad Bru so saart som Torgeir. Hausten kom, og Regnet øste upp Elvi som ei Snjoskreid, so strid og brimkvit gjekk ho. Men naar Isen kom, skulde det vera vandelaust aa koma yver, tenkte Torgeir; og daa skulde han ikkje berre faa sjaa Maalabladi aat vesle Torni Slyngstad, men kunde henda endaa til faa aka Kjelkebakke elder Skoskreid i Lag med henne.
 
           
Som tenkt, so hende det ogso ein Dag det leid ut i Februar, at Torgeir lagde Vegen til Slyngstad. Han tykte, alt Slag der ute var so stort og ljost. Men serlegt tykte han, det var undarlegt, daa han kom inn i Stova. Paa Benken sat ei ljosleitt Kona og spann paa ein grønmaalad Rokk. Tvo Tenestgjentur heldt paa leggja upp ein Linvev. Log gjorde dei seg imillom og hadde kvarandre til Laatteløgje; slitnad ein Traad fyr den eine, so log den hi og fekk Matmori med seg, so der var stort Leven i Stova. Soli stod inn gjenom Glasi og lyste upp yver Klokkehuset og Bokhylla. I Høgsetet sat vesle Torni og las.
           
Kona reis upp og gjekk burt aat Torgeir, som ikkje vann seg fraa Døri.
           
Kjem her ein liten Friar til oss i Dag? skjemtad ho.
           
Nei, meinte Guten.
           
Aa, det var illa, det! for dei her vil so gjerna gifta seg, sagde ho med stor Laatt og peikad burt paa Gjenturna.
           
Ja, men eg vil ikkje, svarad Guten og var ikkje langt fraa Graaten.
           
Vil du hava detta daa? spurde Kona og gav han ei diger Kaka med Smør paa. Han takkad og gav seg til aa eta.
           
Er det myket nytt inn i Bygdi no um Dagarne? spurde ei av Gjenturna. Men Guten var tagall, stod og blinkad og beit so smaa Bitar so mogelegt. Torni sat og lurte, tildess ho saag, at Moeri var i full Spune atter. Daa førde ho Forklaringi inn paa Bordet og snudde Andlitet heilt imot Torgeir. Fyrr hadde ho berre ender aa Gong givet han eit Augnakast, men dess meir arbeitt med Munnen, so det skulde syna, kor trottugt ho las. Torgeir gløymde aa bita; Handi med Kaka i kom ned med Sida; hi Handi fekk det heitt med aa slita i den eine Trøyesnippa. Elles bytte han sine Augnakast likt millom Torni og den ljose, fagre Kona paa Benkjen, - ho, som sat og ruggad litetvetta paa Hovudet til ein Song, som i Styrke snart vilde kappast med Rokkesurren og snart seig ned att og døydde som det skulde vera under Kjensla av eit saart Minne.
           
So snart Torni vart var, at Torgeir saag paa henne, stakk ho Moses fram under Olbogen. Guten, som trudde, det var eit Tilbod, gjekk paa skakke yver Golvet og upp aat Høgsetet til henne.
           
No skal du sjaa! sagde Kona; ho saag upp fraa Arbeidet og blinkad paa Gjenturna.
           
Kjenner du vesle Torni? spurde ho.
           
Ja svarad han. Og so slapp det ut daa, korleids Borni vart kjende med kvarandre, og kvat det var, som serlegt drog Guten ut til Slyngstad. Berre det tykte Kona var undarlegt, at Tergje Plassen skulde vera den fyrste, som paa ein Maate leidde Borni saman.
           
Sidan kom Torgeir baate titt og traatt til Slyngstad; og Folket paa einbølte Garden tykte Mun vera i Guten, som baate var fager og vitug og elles fraa Vatnebygdi kunde fortelja um so ymist, som det var forvitnelegt aa høyra.
           
Fyre Torni vart Torgeir snart ein kjær Gjest. Ho var den fyrste, som timde han inne med Elvi, daa han kom; ho gjorde seg Bodsending ut, naar ho visste, han laut hava seg heim att um Kveldom. Dei ok i Lag paa Kjelke; han drog henne etter seg paa Isen, bar henne yver Aa og Bekk, og ho gav han største Luten av Maten sin, naar dei fylgdest heim att fraa Skulen.
           
Torgeir var eit Aar eldre enn Torni. Likavel kom dei til aa gaa i Lag for Presten. Torgeir tykte, det var leidt aa møta i ei lappad Brok og ei gomol Kobbeskinsluva, som ein Kramkar hadde slengt etter seg um Vintren. Trulege maatte nokot slikt vera Grunnen til, at Torni, etterkvart som det leid fram paa Sumaren, drog seg meir og meir fraa, der Torgeir var. Iminstunde trudde han no detta. Soleids gjekk det til, at i detta Sumarshalvaaret kjende han dei fyrste Aatlaup av det, som rispar djupare i Hugen enn dei smaa Motgangsstøytarne i Ungdomstidi.                                       
( Meir.)