Torni Slyngstad.

[Del 2 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
                         
II.
           
Foreldri aat Torgeir var fatike som Plassefolk flest. Difor tok Tergje endaa paa sjølve Masjonsdagen Tenesta aat Guten. Det var i Grannegjeldet nord um Fjelli hjaa ein Mann i Aarsetdalen. Daa det leid tildess um Vaaren etter, at Torgeir skulde fara, kjende han seg saar i Bringa. Moer hans fylgde honom paa Vegen langs med Elvi nord etter. Skogen stod i Lauvsprettingi. Allstad var so vænt. Kvar den Flekk var det so tungt aa skiljast fraa. Torgeir var litet god til aa sjaa inn og ned yver Vatneaakrarne. Folket stod der og pløgde; men ut um Elvi til Slyngstad var det no ikkje Raad til aa kasta Augo ein Gong. Det var nokot, som vilde upp i Halsen og setja seg fasst i Svelgromet.     
           
Paa Vatne og Slyngstad var Lauvskog og mange Smaaelvar, som rann ned i Vatnet, djupe Hyljor, som laag myrke under Lauvet i Skuggarne um Kvelden, og der var Flokkar av Stokk-Ænder, som aatte Bustad i Orekjerri, men rømde ut paa Vatnet med Ungar ikring seg, naar Gutarne kom lurande fram paa Elvatromen i dei raude Luvurna sine.
           
Torgeir kunde ikkje tenkja seg, at nord um Fjelli kunde finnast slike Herlegdomar; men han tok i Mist. Aarsetbygdi var ljos og fager, laag ikkje inneklembd millom Fjelli, men breidde seg med ei bjart og tettbygd Grend fraa Fjorden og vidt aust yver. Dei store Gardarne laag her Bø i Bø,som det var vandelaust fyr Folk aa ferdast millom. Her var eit lett og leikande Ungdomsliv og fullt av Ordspel, som Gut og Gjenta i Tid og Utid førde i Munnen. Det var nokot i Torgeir, som samstavad med slikt Leven; men han kjende Hug til aa giva alle Vendingar og Skilningar ein større Sving. Ein daarande Elv lyste or Augo hans, naar han lagde seg etter aa skapa nye Formar i Skjemtetalen. Smaatt um senn fekk han Avsmak for alle dei meiningslause Utnemne paa Folk, og den fyrste, som gav Ungdomen i Aarsetbygdi Hug til aa leita upp fagre, maalande Ordlag, var Torgeir Vatne.
           
Dessmeir han kom til Vissa um, at dei andre i detta Stykket tok etter og i han saag sin Yvermann og Læremeister, dessmeir aukad han paa med kunstige Remsur og Talemaatar. Det stend Age av Lærdomen, maatru! So gjorde det her og. Serlegt Skuleungdomen saag paa Torgeir med stor Vyrdnad. Han likad seg godt paa Aarset sjølv og millom alle dei friskeblidlaatne Folk. Han vaks og vart stor og herdabreid, hadde fagert Andlit med milde blaa Augo, song som dei beste og vart uvanlegt flink til all karsleg Gjerd.
           
I Kvendelag saag Torgeir snart alt Slag liksom gyllt elder med Farge paa. Men i alt stod Minnet um Torni Slyngstad likavel høgst som den fagraste Blomen i ein Krans. Han trudde, det vilde vera umogelegt, at nokon Ting kunde minka elder dunkla detta Minnet fyre honom, alt um di, han maatte faa elska alt det gilde, han saag ikring seg, tildess Lagnaden vilde føra han saman atter med den kjære Barndomsvenen.
           
Men Livet i Aarsetbygdi var, som sagt, eltt og leikande. Her laag ei Meinflud for Torgeir. I den seinare Tid er det so mange Ferdamenn elder Tauristar ogso, som fara kring um Landet og bisna paa dei fagraste Fjell og Fossar!
           
I Aarsetdalen var Fossar; inkje fælt imponerande, men fagre Fossar likavel. Aarsetfossen var Basen. Til den kom baade Engelskmenn og andre gilde Folk um Sumaren. Men kringum i Aarsetbygdi for ein Rokkedreiar, som dei kallad Rafteseten. Det var ikkje Taurist, det; um han var Vestmann elder Austmann, var vandt aa vita; ein kunde ikkje lett høyra det paa Maalet; - han var so myket neda rokjen, ser du. Han var stutt og tjukk og snakksam. Smilet stod mest upp aat Øyrom. Han var helder breidmynt. All Ungdomen samnad han kring seg med si haale Tunga. Det var ein Munn, som gjekk yver alle Maal og Merkje. Dreiebenken hans var berre ei Stong med ei mentad Skinreim i. Det var aldri Spursmaal, um Folk trengde honom og Rokkarne hans elder ikkje. Han busette seg i Kleven, han, og so visste han, der vart snart folksamt.
           
Rafteseten var eit Prov paa Livet i Aarsetbygdi. Det hadde skapt honom i sitt eiget Bilæte. Torgeir Vatne var ein stendug Gjest i Romet, der Rafteseten sat og svarvad. Vatneguten maatte stundom spyrja seg sjølv, korleids det i Grunnen stod til med honom; for i Lag med alle desse leikande Folk tykte han, etterkvart som Tidi gjekk, at Saknaden ikkje var so saar korso. Han kunde ein heil Dag lata vera aa koma i Hug den kjære Barndomsvenen paa Slyngstad. Men den Røynsla gjorde han rædd.
           
Paa Kvitsunkvelden, tvo Aar etter at Torgeir kom til Aarset, hadde Ungdomen der brennt Brising med Dans attpaa. Torgeir var uppøst. Han tykte, Gjenturna gjekk ut paa aa kringsetja han.
           
Leid fram paa Notti var han komen uppaa Sengjar-Romet sitt likavel. Men sova fekk han ikkje. So kunde han sitja uppe og sjaa ut yver Bygdi. Langt inn under Aasen høyrdest siste Ljomen etter ein Song. Det var Ungdommen fraa Fjellbygdi, som drog heim att fraa Kvitsunleiken. Ellest var ikkje eit Ljod høyrande paa nokon Stad. Berre Elvi song sin djupe Basstone høgmælt no i Vaarflaumen. Den eine rullande Ljomen etter den andre drog seg upp yver Bakkarne og kvarv i ei Kviskring djupt inn i den myrke Furuskogen.
           
Det er so undarlegt aa lyda paa Elvarsusen um Notti. Naar ingen Storm yler i Skogen, ingen Is brest elder brakar paa Vatnet, og ikkje eit Ljod høyrest millom Fjelli, daa er Fosseduren den einaste Røyst, som den livlause Natur eig i dei djupe Dalar. Og den Tanken er so aalvorsam.
           
Torgeir lutte seg ut gjenom det opne Loftsglaset. Dei velduge Drag paa Bassstrengen i Aarsetfossen naadde upp til han, det raadde berre Reinleike i den Songen, tykte Torgeir. Han kjende eit saart stingande Attelit i Barmen; for i denne Stundi kom han i Hug, at Torni Slyngstad ikkje hadde voret fremst i Hugen hans paa try Døgr!
 
           
Daa det leid fram i Attelysingi, kjende Husbonden aat Torgeir, at det var einkvan, som lagde Handi linnt paa Oksli hans. Han vaknad og spurde i Svenorom:
           
Fagert Kyrkjevedr faa me, veit eg?
           
Glimande Solskin, var Svaret. Eg vilde so gjerne heim til Vatne i Morgon paa Kvitsundag, sagde Torgeir; han stod fram fyr Sengi helgarklædd.
           
I Dag? Er det paa Vitjing daa?
           
Aa ja det ogso.
           
Men kjære, daa skulde du hava gjenget i Gaar, veit eg.
           
Det kom ikkje fyre meg.
           
Husbonden saag upp. Han tykte Torgeir skalv i Maalet.
           
Er du bodsend?
           
Neidaa.
           
Du skulde vel ikkje hava fenget Lengting paa deg?
           
Jau det er ikkje fritt, kjenner eg.
           
Du Torgeir, som me trudde, hygde deg so vel her?
           
Det gjerer eg, Husbond.
           
Naar du lengtar? Aa nei, Faer min, eg veit kvat det vil segja.
           
Ja, men det er ikkje til Plassen eg lengtar.
           
A en segja meg, Gut! er det so du hever det? Ja, daa veit eg ikkje onnor Raad, du lyt gaa i Guds Namn; og Lukka vera med deg!
           
Takk, sagde Torgeir.
           
Eg maa vel vera her atter paa Tysdag?
           
Aa, det veit eg no ikkje helder, du. Tridje-Dag plaa det aldri verta nokot gjort, som er nemnande; og det skil seg kor beint fram det kann verta fyr deg ogso, sagde Husbonden og mylte.
           
Ja, eg skulde tru det!
           
Det er ikkje altid godt aa vita, kvat Sjoen høver, du!
           
Er so ikkje, nei! Dei log, og Torgeir vilde gaa.
           
Nei, bida litetvetta, ropad Matmoeri til han. Du lyt daa hava Nista paa slik ein Veg.
           
Takk, eg skal ikkje hava, svarad Torgeir og var burte.     
 
( Meir.)