Blystakken.

(Fraa Syrstrond, fortald av ”Gamle-Huken”).
 
Han aitte Ola han og, jusso æg. Da æ ’kje so fælt længje sia han levde. Æg æ dan trie æg ifraa han. Fyste va da no han, so va da han Bestefar og so han Far og so æg. Han buddepaa Henjadne (Garden Henjum) paa ”Aiggja-Lars-Garen”, dai no kadla. Han var Lensmann og “Blystakkjen”. – Hadde me hatt ein slike Lensmann no, so hadde da vore andra Graie, skulde du ha set. – Da va han, so la akkjan Mærke (Skatt) paa Fjærlænningadne (Folki Fjærland). Han sa’ da han:”Naar me kjæme mæ Bore te’ dekka anten i Gjæstabo elder so, so æ de noki Konga so rike; men, naar de ska koma te Thingbore (aa betala Skatten), so æ de ingjenting,” sa’ an, for han la mykje paa dei, han. Dei rækna no paa Laupa i dai Daga. Fira Laupa kadla dai fudl Gar: Da æ kje mange Gara atte no, so æ so store, her i Bygdi ikkje. Da æ “Palnagaren” og “Kvaolen” og ”Heljegaren” og ”Per-Ja-Garen” i Husabø og Fosse og kanskje Fosshaga. Dai ha vore so svære te kløyvt Garadne her i Bygdi no. Aa ja, da æ no sume, so ha’ kjøpt atte te og.
           
Alt da, han vilde ha framm, da laut skje; da nytta kje aa sætja seg imot hono. So da va no paa Thingje, dai skulde lesa upp Forordningadne, Øvrehaiti, ”dessa store”, so sa Blystakkjen: ”Herren høyre da!” sa ’an – da va no alti Ortøkje hass da. – ”De læse ikkje rett no,” sa’n. Dai hadde da so daa, Fantadne, at dai spraang yve da ”i Laavedna, so dai ikkje likte aa so anngjekk dai; dai las bærre upp da, so Bøndedna skulde gjera. Aa so sa han: ”Lat meg faa læsa!” sa’n. Da fekk han og; da kunde ikkje nytta nokon te sætja seg imot hono; da han vilde laut fram.
           
Han va Sme og. So va da ain Gaang, da for ain Riddar forbi, sume saie, da skulde vera Amtmann. – Han va i Præstgaren aa losserte. Han hadde høyrt gjete Blystakkjen, og so vilde han endeleg sjaa han. So sende han Bo inn paa Henjadne ette hono, at han skulde koma ut. Han sto i Smia daa og. ”Aa ja”, sa’an; ”æg kjæme no i mi Ti æg.” Dai kom atte; ”aa nai, han læst ikkje gaa. So kom dai att trie Gaangen; men daa va Riddaren so sinte, sa dai, at han togg Skraa. ”Da gjære ’kje meg noke,” sa Blystakkjen. Han raiste daa likavæl; men han vaska seg ikkje, og so visste han da, atte, kunde han laga da so, atte han saag Riddaren fyste, so hadde da kje nokon Faare. Da gjekk daa inkon inn og sa, at Blystakkjen var komen, og daa gjekk han attum Stabbure, han, aa daa Riddaren saag han, var han so ty aa blie atte - -. ”Er du Blystakken?” sa’ han, du er en sort Mand,” sa’an.
           
Blystakkjen hadde faatt Visdomen sin hjaa eitt Finnekvinnfolk, so dai kadla ”Finska”. Ho va blinde aa for so Mann ifraa Mann; dai hadde henna kver si Stund. So skulde ho væra paa Henjadne daa ai Stund; men daa dai kom inn i Tune mæ henna, so sætte ho upp aa sa: ”Her i denna Stova ve eg kje væra; fyr Ongadne kjæme te aa bli so galne te aa rota ne i Posadne mine.” Aa so paikt’o upp te Stova aat Blystakkjen. ”Dar ve æg væ,” sa ’o.
           
- Da va no vel kje paakomi noke Laigd daa; men ho for no so Mann ifraa Mann.
           
Dar vart ho adl si Ti, og han hadde henna visst ikkje fyre inkje. Dai fekk aldri stæla noke ifraa han; fyr han visste da, han.
           
Ain Gaang va da ain Mann ihjaa han aa barde 1). So stal han tre Mæla Kodn. Daa da lai no Kvelds, so sa Blystakkjen da mæ Kona si: ”No ska du laga te Kvelds du, so han kann koma haim atte nokonlunde tile. Ho so gjore. Daa da lai paa Kvelden, kom Mann aa skulde henta Kodne, da hadde han før, um Dagjen, bore burt i ai Røys. Men daa han kom daa, sat Blystakkjen upp aa Hiti han. ”Kaa æ da, du laita ette?” sa’n. ”Æ da ette Kodne?” Aa so laut Karen staa te. Men antan han fekk Kodne elde ai, da ska æg ikkje saia; men han gjore vel da, vait æg.
           
 
Burt i Djupevikji (ein Gard utanfyr Frøysvik) va dar ain Mann, so aitte Pær; da va so ait Bergatrodl te Menneskje da. So hadde han vore hite aa stole ain Mjølsækk ihjaa Blystakkjen. Da va kje illt fyre han aa vita, kven dæ va, aa so sa han daa te Tenesteguten sin, at han skulde burt te ’an Pær aa faa atte Mjøle. Guten var rædde han, so ventande va. ”Du tar ikkje væra rædde,” mainte Blystakkjen, han ska kje gjera deg noke,” og so raist’an daa. Han let berre paa Dyri aa ropte inn, so raist’ an atte. Men Dagjen ette laut an Pær væra so go Kar aa koma atte mæ Mjøle. Han skjydde no ingjen Ting, denna Pær’en. Ain Gaang ain Be’dag, Præsten skulde te Frøysvik aa praika, treft’an ’an Pær, laag aa fiska. ”Fisker du idag, Peder, paa en Bededag?” spurde Præsten. ”Aa æ da Be’dag?” sa’an Pær; ”æg visste nokk, da skulde væra ain Helgedag no ait Bel; men eg visste kje det va i Dag,” sa’an.
           
Da va Blystakkjen, so hadde haime Kvædnavatne aa sætte upp Kvædna inn mæ Fossen.
           
Da so han sætte paa, laut bli, aa aldri gjore han Urett mæ nokon, aa aldri va han Uvener mæ nokon. Han va fødde mæ Sigerhua han aa innsætte mæ henna. Dai so æ fødde mæ Sigerhua skal allti vinna dei. Joremori ska flækkja Hua av aa skjæra henna inn i vingstre Sia, unde Armen, før Mori ser Badne, minder nytta da ikkje. Ja da æ flaire og so ha hatt Sigerhua. Han Hans Hamre, Far ’ass Hans-Eirik, og hadde. Da torde ’kje nokon bry seg mæ han, endaa han va slik ain Spirr te Kar. Han fortalde da te mæg aingaang, men han vilde ’kje, eg skulde saia da te nokon, aa da ha’ eg ’kje gjort helde.
           
Da va denne Finska, so va ihjaa Blystakkjen, so sa atte Kvaolsmannen skulde verta Mannslagar. Dan Dagjen, han vart gjifte, sa ho: ”Aa lat mæg faa høyra ut igjøno Loftsgluggjen, so eg faar veta, kva Brudlaupstrumba saie idag,” – daa for Brufylgje forbi ne i Tune. ”Aa stakkars dæg, so æ Bru idag,” sa’o, Brugummen bli Mannslagar.” Aa da vart han og. Ain Dag, han va i ait Lag antan i Gjære elder paa Njys, kom dar ain te ’an aa sa: ”Dalsmannen (Mannen paa Dalen) kunde no gjædna læte vore aa hogge i din Taig.” Kvaolsmannen va noke øre han, raiste so upp i Markje og traiv ain Lauvstylk og slo Dalsmann i hæl mæ. Sia vart da Mærkjesgaang, og daa vart da so, at Dalsmann ikkje hadde hogge um Mærkje. So skjønte Kvaolsmann, at da vilde bæra gale te, aa so gjøymde han seg unde ait Rostekjerald, saie dai; men dai fann ’an atte, aa so laut ’an avrettast, aa da vart gjort ne paa Nakka-næse. Men daa dai for ne mæ ’an saang han so, daa dai for ne Gjærsflætedna mæ ’an, at dai høyrde han ratt upp te Røysa: Da va Kar so kunde syngja da. – Dai kadla da endaa Mannslagar-Sva, dar so han slo i hæl Dalsmann, og dar syne da so noki Blorende i Bergje.
           
Han Far gjore ait godt Kast han aingaang, han va i Byn, (Bergen), at han ikkje aapendaga seg. Da kom nokre aa spurde, um da va noken atte av Slekti aat Blystakkjen; dai hadde vel høyrt, at han Far skulde væra av dan Slekti. Dai vilde ha upphøga han Far dai, vait eg; men han sa’ kje noke.
           
Ho Synneva, Kona mi, høyrde og te same Slekti, paa Morsia. Han Far vilde ’kje, eg skulde tainkja, paa noki onnor, han, aa so raist’ æg burt paa Sætreli og tok henna. Da va ai svært te drifteg Kjæring da; dai æ no bra ho Unni aa ho Randi (Døtterna hans) ogso, men naimen kjæme dai ’kje dar likavæl.
 
 
1) berja = treskja.