Fraa Riksretten.

Dahl hev haldet fram heile Vika med Motlegget aat Bergh, han vert kanskje ferdug idag.
           
Han kunde inkje halda med honom i det, at ein maatte krevja kald Ro av Domaren, so den som inkje det hadde, daa var ugild. Daa maatte ein Tjov kunna kalla Domaren sin ugild, ifall denne hadde sagt seg aa vera imot Kommunismen. Etter dette vilde ein til Slutt faa att berre Folk utan Tanke og Hjarta, som kunde vera fullføre Domarar. Det var reine Fantasi, naar B. talad um Fiendskapen, som 9de Junimennerne skulde hava mot Regjeringi, nei men dei saag Vanvyrdnad for Landsens Lov i Framferdi hennar, det var inkje annat enn Kjærleike til Forfatningi, som hadde styrt dei.
           
Det var inkje slike Stig hell Grader i Ugildskapen, som B. vilde hava det til. Det var ei Strik, anten var ein gild hell ugild.
           
Lagtingsmennerne skudle standa for nær Upphavet til denne Striden. Men det hadde voret raalaust aa standa langt ifraa her. For des merkjelegare Sak det var, des meir Umtale maatte det verta i Fyrevegen.
           
Riksretten var ingjen Partidomstol, men eit Uttrykk for Folkemeiningi, Folk hadde Lit til Domstolen og var nøgde med den Dom, som vart gjort. Inkje hadde Vinstrepolitikken siktat paa Riksrett, den hadde peikat paa ei onnorSak, som for lange Tider vilde hava stengt imot ein Riksrett, og han vontest og, at dette var den siste.
           
Skulde ein kanskje venta, at Folk valde Motstandararne sine, naar det galdt so store Ting? Det gjorde daa vist inkje Høgre. Riksretten var hellest inkje meint paa Krig men paa Fred og Forsoning. Nekting av det absolute Veto hadde aldri voret det same som Kravet paa Forklaging og Dom, men absolut Veto hadde voret Valprogram for Høgre og det sagde det same som: Forklag inkje hell frifinn! Men Vinstre, som hadde freistat andre Vegjer fyrr, vart tvunget til dette, som det gjorde. B. hadde heft seg ved Vinstreforeiningi og voret rædd Korporationsaanden. Men Grunnloven hadde kjennt seg reint trygg i so Maate. Men paa Ihopstellingi etter Forfatningi kann han ingjen Ugildskap byggja, han maa sprengja Innstitutionen.
           
Lagtingsmennerne i Riksretten i 1876 hadde voret med i ei positiv Mistillitsadresse, men desse her no hadde berre utsagt det som dei heldt for Forfatningslov. Og 9de Juni var i seg sjølv inkje noko paa Synderegistret til Regjeringi; hadde ho vyrdt den, hadde ho voret meinfri.
           
B. vilde væl finna seg i den Innstitutionen som saadan vedhængende Svaghed, men berre saalænge den ikke i det enkelte Tilfælde gjør Bundethedens eller Egeninteressens Fremtræden altfor paatagelig.Det var Statskuptankar framme i dei Ordi, dei høvde B. ille.
           
B. hadde nemnt det Adler-Falsenske Utkast, som vilde hava Odelsting og Lagting meir sunddelte, men Meiningi til Eidsvollsmennerne var nokk inkje den aa vilja hava Lagtinget av-serat. Dette hadde B. brukat for aa koma inn paa Vinstreforeiningi, som skulde hava gjort Stellingi endaa meir bundi. Men ho kunde hellest hava frelst fraa Riksretten ho, slik var ho.
           
Og aldri gjekk det an, at Domarar av seg sjølve kunde vikja fraa Sessen sinn, Skikk fyrr var imot det.
           
So skulde Riksretten vera gjeven alt fraa den Stundi ein saag, korleids Protokollnemndi var ihopsett, det viste sanneleg, at Høgre litte litet paa Talararne sine i Ordskiftet.
           
Mot 9de Juni hadde B. sett den hardaste Støyten. Men den var inkje nokor Grunnlovs-Avgjerd, difor kunde heller ingjen kalla henne eit Grunnlovs-Brot. Ho berre nemnde upp Avgjerdi den 17de Marts som Grunnlov. Ho var berre det Svar som trengdest paa Vetobruken 29de Mai, ho var berre ei Uafhængighedserklæring mot det absolute Veto. Stortinget sagde: Det er vaar Vilje, velje anten De vil fylgja den hell inkje. Nei Spursmaalet galdt Ministerandsvaret; det var det same, kvat ein so kallad 9de Juni. B. hadde gjort Aagrip paa sjølve Riksretten og vendt det dertil, at det var Spursmaal um 9de Junimennerne hadde gjort Brot paa sjølve Grunnloven, og han hadde skotet til det, at det drog Republikk etter seg. Men slike Republikanarar, som her var dei trugnaste Borgarar og hadde sjølve Bate av aa stydja det konstitutionelle Monarki. Kongedømet var inkje dauddømt ved at det absolute Veto vart nekta, men skulde det halda paa eit reaktionært Ministerium, var Dagarne til det talte.
           
Det var ein underleg Provsmaate B. brukad, han bytte um Subjekt og Objekt. Naar Jaabæk og Thomesen hadde nemnt seg som Republikanarar, skulde det vera Otte for, at Bjering og Tonning vilde praktisera Republikken. Naar Aarflot hadde skrivet mot det absolute Veto, so skulde Lien for den Sak Skuld vrakast. Nei ein maatte all Vegen faa Inntrykket av, at det var Riksrettens konstitutionelle Anordning, som det var Misnøgje med. B. hadde bruka 9de Juni for aa faa fram, at Riksretten var Valprogram og derifraa naadde han det næste Stiget, at Domfelling ogso var Valprogram. Ja hadde Folk forkasta dei gamle Tingmenn og valt nye, daa kunde ein segja slikt. Men jamvæl Høgre-Hovdingar hadde litt so paa Riksretten, at dei heldt fram det i Odelstinget, at Domfelling var umogeleg.
           
Landsskaden, som Klaga gjekk ut paa, var dei samde um mange fleire enn Vinstre, og det var reint løglegt, naar B.vilde venda Landsskaden paa 9de Juni og dei Menn, og setja upp eit litet Faatal som Overkasationsrett.
           
Saki var slik, at ein kunde inkje døma um Skaden kom anten av Sanktionsnektingi hell av 9de Juni, for det vilde vera ein Skade av reint forskjelligt Slag, paa den eine Staden Spursmaalet um kvat Mein Atterhaldingi av ei nytteleg Reform hadde valdat, paa den andre um Misforstandingi av Vetoet hadde kløyvt og revet upp Folket. Korleids ein so stelte seg, vilde inkje 9de Juni her kunna koma til aa verta dømt um.
           
B. endevende heile Saki, som um det her var 9de Junimennerne, som skulde for Domen, naar han ogso leitad etter deires juridiske Andsvar, og naar han so fann eit slikt mogelegt for dei, skulde dei straks vera ugilde. Men til aa samanlikna det Andsvaret sitt med Regjeringi var inkje Plassen her. Heller inkje gjekk det ann for Høgre aa segja: Passa deg, um eg skulde verta Domar og du sitja her eg er! Dette var ingi Sakføring millom Høgre og Vinstre, det var berre aa finna, um noko politisk Forbrot var gjort.
           
Dubbeltstellingi til dei folkevalde Domarar skulde gjera so mykje, meinte B., men dette var noko, som sjølve Grunnloven hadde sett og som dei difor inkje kunde venda um. Det er berre naar Domaren paa Fyrehand hev blandat seg upp i Saki utanum det som Embættsstellingi og Loven hev ført honom fram i det, at det vert Grunn til Ugildskap. Endaa der ei slik Dubbeltstelling inkje var lovsett, hadde det inkje voret so strengt. Høgsterett hadde jamvæl godkjennt seg til aa døma i ei Sak mot seg sjølve i 1875, daa ein hadde skulda dei for aa vera partisk mot Storfolket.
           
Hellest maatte ein segja, at 9de Juni-Mennerne no var meir gilde, etter at dei var komne inn ved nytt Val.
           
Huser hadde voret med i Protokolnemndi, men det som vart sagt i ei slik Innstilling det var ikkje kvar einskild Manns Tanke og Ord, og hellest var Spursmaalet alt avgjort i Fyremøtet. Um Bjering, Leer og Lien hadde voret med i Odelstinget i 1881, det gjorde daa ingjen Ting, for ein maatte vita det, at det var berre Odelstinget i 1883, som var Anklagekamret. Hell kanskje alle skulde dømast, som ikkje hadde klagat alt i 1881?
           
B. hadde talat um ein politisk Domstol, som um politisk skulde vera motsett Domstol. Meiningi med det var berre den, at det skulde vera meir enn ein snæver kriminal Domstol. B. hadde spurt, um ein ved Riksretten vilde sprengja Loven, men han vilde spyrja imot, um ein ved aa sprengja Riksretten vilde lata vera aa vyrda Loven?
           
Paastandet hans skulde verta, at Kravet til Defensor skulde avvisast, daa det fyrr var avgjort av Retten.