Tala hans Johannes Berg i Riksretten.

No er daa Advokat Berg færdig med Deduktionen sin. Han er ein ordhag Mann, det er visst, det kjenner ein so godt, naar ein les Tala hans. Men no daa han er ferdig, tykkjer eg, at alt ihop var liksom eit juridisk Fyrverkeri, og at det etterpaa er nokot tomt og myrkt.
           
Daa eg for til aa lesa Tala hans, tok det meg so undarlegt; Gud hjelpa Vinstre no. Men daa eg var ferdig, tenkte eg: No gjeng det visst gale for Høgre.
           
Det merkjelegste, som eg i mine Dagar hev set, er, at ein Mann, som vert klagad, segjer, at 11 Mann av Domararne er ugilde, og at dei skal smetta seg av straks og ikkje vera med aa avgjera um dei er gilde elder ikkje. Det var ingi Sak, um eg vart klagad paa den Maaten. Retten er paa 26 Mann. Eg trur, at eg hev 9 med meg, so segjer eg: 11 av dei, som er imot meg, er ugilde, so vert det 15 att, og av dei er 9 med meg og 6 imot!
           
Daa eg las Tala hans Berg, totte eg fyrst: detta er ein rettferdig Mann, han talar som Presten paa Preikestolen; 9de Juni-Mennerne totte eg reint vondt i, som ikkje kunne skyna so mykje sjølve, at dei var ugilde. Men so sveiv det meg: Hev Berg Rett her, so lyt han gjera Ottesen og Hansteen og Lambrechts, Høgsteretts-Assessorarne, og ugilde. For det er greidt: Vil 9de Juni-Mennerne halda uppe den fine Bygningen, som dei hev sett upp, og kann dei soleids ikkje vera gilde Domarar, daa dei hev Interesse av at Statsraadet vert dømt, so er det greidt, at Ottesen og Hansteen og Lambrechts er likso uppstellte paa aa riva ned den Bygningen og at dei hev minst likso stor Interesse av, at Statsraadet vert frifunnet, og dei kann difyr ikkje vera gildare Domarar dei enn hine. No veit me, at alle vituge Menner her i Landet er anten fyr elder mot 9de Juni. Konsekvensen av Tala hans Berg vert daa den, at vituge Folk ikkje kann vera gilde Domarar i Retten.
           
Og er det som Berg segjer, urett, at 11 9de Juni-Menner er med, so er det vel ikkje rett, at han let 4 vera att. Um eg stel 4 Eple elder 15 Eple, er like stor Synd.
           
Kannhenda Juristarne vil lika godt denne Forsvars-Tala. Men eg trur, at Folket vil finna helder litet Moral i ho. Det er ei kalkad Grav liksom so mykje annat, som kjem fraa Høgre, fint utanpaa, forgyllt med Moral og Talemaatar um Samvit og Rett og Sanning, men inni er det berre Rotenskap.
           
Berg slær frampaa um, at um Høgre vinn ved Stortings-Valet, so vil Høgre setja Riksrett vyer 9de Juni-Mennerne og straffe dei, liksom 9de Juni-Mennerne no set Riksrett yver Statsraadet og straffar det fyr politiske Meiningar.
           
Meinar Berg det, som han her segjer, so hev han litet Vit i Hausen. Vinstre hadde ikkje brytt seg med aa faa Straff yver Statsraadarne, dersom dei ikkje hadde vortet nøydd til aa leggja Sak; - 9de Juni-Mennerne kann Folket sleppa aa saksøkja; for soframt Folket ikkje likar dei, kann det berre lata vera aa velja dei uppatt til Tingmenn. Difyr kann ikkje ein vitug Mann snakka um Riksrett yver 9de Juni-Mennerne.
           
Me ser no, kvat me kann venta oss, um Høgre vinn, og det er godt at me ser det. Daa fær me Straff, vonleg Strafarbeide paa Livetidi elder nokot sovoret. Berg fortener stor Takk, som sagde oss det.
           
Men Berg hev sagt oss meir. Soframt dei 11 Lagtingsmennerne ikkje smetter seg av, trugar han oss med Statskupp. For daa ryk Høgre, og naar det ryk, so vil det gjera Upprør. Det var godt, me fekk vita det.
           
Vinn Høgre i Striden, fær me Straff, ryk Høgre, fær me Ufred.
           
Det er godt me veit det.
           
Denne Forsvars-Tala var lik paa Lag, som ein kunne venta.
                                               
X