Tidender.

Kristiania, den 1ste September.
           
Det norske Samlaget hev endeleg fenget ferdigt Vinjes Skrifter (2dre Helfti av 1ste Bandet), som det skylde Lagsmennerne for 1882. Det er eit framifraa godt Portræt av Vinje med og Merknadar til 1ste Bandet. Pris Kr. 2.00.
 
Heile Bandet er 761 Sidur, og inneheld ymist av Dølen. Utgjevaren H. A. Halvorsen greider ut i Fyreordet, at det er Meiningi, at heile Verket skal verta minnst 8 Band paa 25 til 30 Ark, med slikt Innhald:
 
1 og 2. Ymist or Dølen. 3. Ferdasogur og andre Skildringar av Natur og Folkeliv. 4. Dikt, Forteljingar. 5. Bladsjaa, Boksjaa, Kunstsjaa. 6. Politik. 7. Fraa Bretland. 8. Lengre Avhandlingar, Talar og annat. Og skulde det verta funnet ynskjelegt, segjer han, aa taka med eit Utval av hans Skrifter i dansk og blandad Maalform, som finst her og der (1851-58), so vil det ikkje etter nokot vera til Hinder for det.
 
           
Fraudfor fær Morgenbladet fraa Tyskland til aa føda Statskup-Stuten sin med. Dei hev no Stykkje or eit tysk Blad, som set det som det rimelege, at Statsraadarne nektar aa lyda ein Dom, som feller dei. Vil so Sverdrup og hans Staldbrødre udraabe Republikken og vove det Statskup(!), som skal gjøre deres Kameratskab af et Storting til enehærende i Landet?
 
           
Morgenbladet preikad her nyleg um, at dei Professorar, som driv Politikk burde umuliggjøres. Men no gjer dei daa inkje Motlegg, naar Prof. L. Daa fer paa Agitationsreisur i Trondheimsbygderne! Nei det treng dei hell inkje.
For beste Maaten den Guten kann umuliggjøre seg paa det er ved aa fara kring og gjeva Folk Moro, og leggja ut um, at Folk vert for mykje upplyste; det hev han klaga paa til Trønderne og.
           
Aa høyra paa Prof. Daae det er likaso morosamt som aa ganga paa Teatret.