Torni Slyngstad.

[Del 4 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
 
             
(Framhald.)
           
Ho og gamle Faersyster hennar hadde rudt paa Engi der um Kvelden. Det var nokre Dongar med Høymolrøter, som Torni hadde gjevet seg til aa bera inn i Elvi, etter at Gamla gjekk heim. Torni hadde difor no lagt av seg det moldutte Fyrklædet og knytt sitt raude Kasteplagg kring Livet, so at Halsen var naken. Dei tvo Fletturna, som det daa var Skikk aa hava Haaret i, var samanbundne i Endom og hekk liksom tvo glimande Rullar av Silketraad nedyver.
           
Han vaagad seg ikkje til aa sjaa upp, so lenge dei strævad med Baaten. Med Slit og Slæp fekk dei han tømd.
           
Skal du i Bodsending so seint aa Kveld? spurde ho.
           
Han saag upp og vart var, at den eine Fletta var komi fram paa Barmen.
           
Sjaa der, sagde han og rette Handi burt aat.
           
Torni tok eit Steg tilbake.
           
Eg vilde berre rettleida den Fletta.
           
Aa Takk. Eg ser ut, som eg skulde koma fraa Skavskogen, svarad ho stupande raud og slengde Fletta att yver Skuldri, men ikkje so, at det vart rett korso.
           
Han laut freista aa nyo; men Bandet var i Vegen, so at Handi hennar laut upplyftast; detta fekk han daa Lov til aa gjera.
           
No var det hennar Byrt aa sjaa aat Marki; men ikkje vart det so, at ho drog aat seg den Handi, han hadde faatt fat paa, helder.
           
Det tok til aa verta trykkjande. Han drog ein Sukk. Samstundes saag ho paa han.
           
Vilde du daa detta likavel? spurde han laagmælt. Nei, ho svarad ikkje.
           
Fyrr kunde me møtast og snakka med kvarandre so tidt, sagde han.
           
Ja, men, - no er det lenge sidan.
           
Sovidt eg kann minnast, var det sist paa Massionsdagen.
           
Nei det var Dagen i Fyrevegen.
           
Du hever Rett, Torni! paa Massionsdagen fannst me ikkje, og ikkje saag du paa meg helder; men det gjorde alle hine Lesargjenturna.
           
Dei stod ikkje beint imot paa hi Sida paa Golvet, dei.
           
Nei, det kunde berre ei gjera, og det var du Torni! No er det halvtredje Aar sidan. Du er paa ditt attande og eg paa mitt nittande.
           
Under denne Samrøda var dei komne til aa reika inn og upp etter langs med Elvi, tildess Torni liksom stadnad og saag seg ikring.
           
Med eit ropad Torgeir; Ja, du heve Rett, Torni! her var det du stod fyrste Gongen eg saag deg!
           
Nei, det var her, sagde ho og flutte seg paa ein annan Stad.
           
Kor lenge er det sidan no?
           
Paa sjuande Aaret.
           
Hever du reknat etter?
           
Ja, svarad ho og vilde gjera seg laus.
           
Skal eg segja, at eg ikkje hever misstekjet meg, naar eg hadde som ei Von um, at du ikkje hadde gløymt meg?
           
Til Svar fekk han, at ho lyfte segupp og gjorde seg laus med slik Styrke, at han kjende, det var aalvorsamt meint; og so vart ho so bleik.
           
Vil du setja deg ned Torni?
           
Nei Takk.
           
Du er so bleik.
           
So?
           
Eg er rædd, eg!
           
Fyr meg?
           
Ja, skulde det vera mi Skuld, so -.
           
Neidaa; eg kom til aa tenkja paa - Moer, sagde ho og brast i Graat.
           
Aa, gjorde du det, svarad Torgeir og vart undarleg tilmote; for paa Heimvegen fraa Kyrkja Kvitsundag hadde Skulelærar Knut Bjørhaug fortalt han ei lang Soga um Margit Slyngstad.
           
Ho var Dotter til rike Torbjørn paa Høyset. Kor ovlege fager ho hadde voret ein Gong, synte seg endaa. Men ho var ogso alt fraa Barn av elskad av alle, som kjende henne. Detta saag eit Styggetroll, som heitte Gjertrud og var Erving til Vatne, den nærmaste Garden til Høyset mot Aust; og ho likad ikkje, at Margit vart elskad!
           
Av alle dei gjæve Gutar, som baud seg fram paa Høyset, var det ingjen, som hadde Lukka med seg, fyrr han Tergje, den yngste af Husmannsgutarne paa Plassen under Sledal, kom. Men dei vart ikkje lika sæl, korkje han elder Margit, maa tru. Faer hennar trugad; Moeri gret og sagde, det var ei Syndestraff! Men det munad ikkje. Elskhugen var alt for djupt botnad. Torstein, den velvyrde Guten paa Slyngstad, som heldt paa aa driva Odelsgarden sin upp til eit Mynsterbruk, friad ogso. Men daa han høyrde dette med Tergje, vart han tykkjen og vilde ikkje gaa Husmannsgutarne i Vegen, sagde han.
           
Men daa vart Høyseten so galen, at han bad henne fara dit ho vilde; og so gjekk han beint paa Bygdi og falad ei Tenestgjenta i Staden hennar.
           
Margit tok seg Tenesta i Grannegjeldet. Men den Dag ho skulde fara, vilde Moeri halda henne tilbake. Nyttad ikkje. Faer maa raada, sagde ho og reiv seg laus, kor saart det var. Eit Knyte med Kvardagsklædi var alt, ho førde med seg fraa rike Fedragarden.
           
All hennar Trøyst paa framande Staden var Brev fraa Tergje. Elles er no Tidi ein god Lækjar i Lengdi. Margit vart snart atter baade sterk og glad, ho. Men ikkje so med Folket hennar paa Høyset. Dei saknad henne so saart, at dei tykte, det vart reint utolande.
           
Ein Preikesundag, daa Aaret var umme, sende Høyseten det Bod til Margitt med Husbonden hennar, at ho laut koma heim att. Dei hadde voret fyr strenge, maa tru, og hadde no etlat seg til, at ho skulde faa sitt Ynskje med det andre ogso!
           
So kom ho heim att. Men den, som let bida paa seg, var Tergje Sledal. Der gjekk Vaar og Sumar og kom Haust. Men endaa stod Margit, naar Soli gladad, og saag ut under Sledalsaasen. Det var fulla ikkje stort Glaset i Plassestova der ute; men naar Solglima stod paa Ruturna, kunde det likavel skjera saart i Augo, som so lengje hadde voret vaate.
           
Ein Dag leid ut paa Hausten kom ein Stavkarl til Høyset. Han spurde, um dei ikkje hadde byrjad laga til Brudlaups endaa. Nei, dei visste ikkje, kvi dei det skulde gjera. Jau, Mannen fortalde, at ut i Bygdi gjekk det for fullt og fasst, at Margit skulde hava Torstein Slyngstad. Men paa Vatne skulde ogso staa Brudlaup. Han Tergje Sledal skulde faa den undarlege Husmanns-Enkja der ute. Ja, de kjenner vel henne, sagde Stavkaren, ho, som gjeng og plukkar Lauvduskar og snakkar Galnesnakk um, kor fagert det er, naar Himmelen speglar seg i myrke Vatnet! Hev de høyrt slikt? Men no hev ho faatt Plassen til gjevande av Gjertrud-Trollet, som eig heile Vatne.
           
Til gjevande? spurde Høyseten.
           
So godtsom, svarad hin; berre hundrad Dalar fyr slik ein stor Plass med all den Utmark og slikt eit Beite.
           
Gamle Torbjørn Høyset vilde ikkje tru paa detta; men Margit saag snart Samanhenget. Gjertrud hadde faatt Tergje paa den Trui, at han var sviken av Margit, so at han kom til aa svika henne i Staden.
           
Aaret etter gjorde Høyseten Brudlaup aat Margit og Torstein Slyngstad.
           
Det var i det Brudlaupet gamle Spelar-Hans fortalde, at det i Eldhuset stod Raud-Dravle i fem Eiketunnur, som i sjau Jamdøger ikkje kom ned um Halsbandet!
           
So god Raad hadde dei til aa fylla paa, ser du.
 
           
Naar Torni brast i Graat, avdi ho kom til aa tenkja paa Moer si, som ho sagde, hadde ho vonom liksom god Skilgreide paa, kvat Foreldri deira hadde ubytt seg imillom som Torgeir. Kann henda ho var rædd for, at ho skulde koma til aa smaka sama Lagnad som Moeri? Ja, Margit vart vel rikt og godt gjift, men ikkje med den ho elskad. Stundi var i alle Tilfelle ikkje høveleg fyr Torgeir. Han torde ikkje bera upp Maalemnet sitt. Han kjempad med sin Hug til aa faa segja henne, kor sæl han skulde vera, um han kunde faa Lov til aa gjera godt mot Dottri, kvat Faer hans hadde brotet mot Moeri; men han tykst forstaa, at ho hellst vilde avkorta Samværet so seint aa Kveld. Ho var fyr ung endaa! So var det klokaste aa vera so fin aa bjoda Godnatt. Han so gjorde. Men kann du gjita, kvat ho daa spurde um? Jau, um han vilde gaa daa alt!
           
Torgeir forstod det ikkje.
           
Eg trudde, du var missnøgd, sagde han.
           
Nei langt ifraa, svarad Torni.
           
Du kann vera trøytt.
           
Me giv oss so god Tid med Arbeidet her paa Slyngstad. Elles hev me havt ei long Helg no.
           
Ja, ja, so forstend eg likavel, at me ikkje maa finnast i Lag her.
           
Aa jau, det kunde me gjerne!
           
Vilde du ikkje vera rædd for det?
           
Ikkje det Slag. Vil du fylgja meg heim i Garden, so ver so god!
           
Eg? heim i Garden paa Slyngstad? no so seint aa Kveld?
           
Ho Mor er uppe endaa.
           
Nei, no maa eg lægja! Elder rettare sagt, eg forstend meg ikkje eit einaste Grand paa deg, Torni.
           
Eg er ingen rædd, ser du.
           
Nei, det er likt tildess, svarad Torgeir smilande. Skal tru, det er dei hine paa Garden, som er rædd henne daa? tenkte han med seg. Men det var daa undarlegt likavel; - fyr ei Stund sidan var ho ikkje soleids. Ho raudnad, daa han fekk lyfta upp Handi hennar. Ho sagde, at ho ikkje kunde sjaa paa han i Kyrkja paa Massjonsdagen. Ho brast i Graat, daa ho tenkte paa Moer si. No derimot stod ho der so kald, saag det ut til, som um Torgeir hadde voret ein liten Skulegut. Naar han tykst forstaa, at ho hadde vondt for aa dylja, kor sterk Brøstgang ho hadde, so kunde slikt ikkje hava sin Grunn i Samveret her med han! Elsk kunde her ikkje vera Snakk um. Ho var for ung! Han laut no trøysta seg so godt han kunde. Ja, for eg ser no det eg ser, tenkte han. Men godt -: kann ho dylja seg, og tykst finna det naudsynlegt aa gjera det, so lyt eg ogso prøva. Ho skal sjaa, her er Gut, som kann bida! Og ho er værd aa bida paa!
           
Han tykst aldri hava seet so fager ei Syn. Daa han rodde tilbake yver Osen, var han tenkt aa vitta med Lumeduken, - ho stod og saag etter han der upp med Slyngstadnaustet; men han let det vera. Her skulde Olvora til, og Umtanke, heldt det ja! Tenkjast laut her baade vel og lenge! Korleids denne Gjenta kunde vinnast var ei Gaata. En segja meg, ikkje vera rædd for aa taka meg med seg upp til Slyngstad, til Moeri! Hermed skilde ho seg med ein Gong heilt og beint fraa alle andre Gjentur der i Bygdi.
           
Han sat og tenkte paa detta, tildess han kjende Vatnet under seg. Det var paa det knappaste, at Baaten vilde vaka, tildess Torgeir fekk klara fraa seg Elvastraumen og krøkja um Odden. Han snudde seg og saag etter, kor langt det var til Lands; lenger enn han trudde. I Rædsla sette han Foten i Baktofta og tok fram i, - rudde Kjeipen fraa Ripi paa høgre Sida! var illa komen og laut kava seg i Land med ei Aara. Daa han naadde det, var han so sinnad paa Baatbrydja, at han sparkad til Framstamnen, og jamen seig daa Skarveskrovet tungt ut for Marebakken og sokk!
           
Torgeir tykte, det var meir, som sokk paa denne Friarferdi. Han kjende seg ikkje vidare lett um Bringa, der han tutlad upp etter Vegen til Plassen; og han laut lægja aat, kor liten Grunn den Tanken aatte, som Gong etter Gong kom svivande: ho er mi, men Lovnaden vantar.
           
Torni skundad seg heim og i Seng. Daa kom dei setjande Tankarne. Paa Sluten var det ikkje Tankar helder, men er berre Fargar i raudgule Blink og grøne Ringar fyr attelagde Augo. Det siste ho tykst merka var, at einkvan kom inn gjenom Døri, attaat Sengi, lutte seg ned yver henne og gret.
           
Daa ho vaknad upp att, stod Soli inn gjenom Sengjabudglaset med ein varm Straalestraum. Ho fauk upp og trudde, det leid langt aa Dag, som det ogso gjorde. Likavel sagde Moeri, som var komi inn, at ho vel maatte liggja litetvetta lenger. Margit letst hava det so annsamt med aa flytta og rettleida paa Klædi, som i tylvtevis hekk paa Veggjom. Elles var alt paa sin rette Plass. Torni forstod vel, at Moeri vilde snakka med henne. So sagde ho: Du leitad vel ikkje etter meg i Efta, veit eg?
           
Aanei, eg og han Faer din sat berre eit litet Bil ut paa Troppi; men du kom ikkje, og so lagde me oss. Daa eg vaknad i Dag, saag eg, at Kveldsmaten din stod urøyvd. So forstod eg, at du hadde voret upp aa Riset hjaa Faersyster di!
           
Men Torni var ikkje hjaa Faersyster si. Og ikkje var ho tenkt aa dylja nokot helder. Fyrst saag ho langt, barnlegt og varmt paa Moer si. Margit tok imot med sine milde trøytte Augo. Torni fekk Taarur i sine og fortalde alt.
           
Det er sagt, at gamal Kjærleike rustar ikkje. Vandt aa vita. Men visst er det, at Margit berre spurde upp att og upp att, um det var Torgeir, ho hadde møtt. Ja nettupp han - Son hans Tergje fraa Sledalsaasen! - Daa tok Margit Dotter si inn aat seg og gret lenge yver henne; men av slik ei undarleg Gleda, som ho sjølv ikkje kunde tyda.                 
 
( Meir).