"Vor folkeskole".

Sidan Den norske Folkeskole sluttad aa koma ut, hev alle, som elskar sitt Folk og ynskjer dess Framgang i Upplysning og Vælvera, saart sakna eit frilyndt Skuleblad med Hug og Dugleike til aa tala Skulens og Lærarstandets Sak. Norsk Skoletidende hev nok sagt seg aa vera ein god Ven av Landsens Lærarar og Yrket deira; men det hev stødt gjort seg Vinn um aa nøgja Skuleauktoritetarne. Og dette er kje plent det same som aa arbeida for Skulens og Lærararnes Turvnad, allerminst i desse Tider, daa det meir enn annasinn gjeld um aa frigjera Folkeskulen fraa alt Prestedøme og alle livkvervkjande Autoritetar. Eit Skuleblad maa minst av alle vera Bakstrævarblad. Folkeskulen lyt som alle andre Ting fylgja med Tidi, utvikla seg, um han skal vera Kar um aa greida sine Fyremaal. Og eit Blad, som vil tena denne Skulen, maa difor bera Framsteget sitt Merkje.
           
I dei frilyndte Bladi hev det ofte voret Uppmaningar til Kr.a Folkeskulelærarar, at dei skulde gaa i Brodden med aa utgjeva eit frilyndt Skuleblad. Desse Uppmaningarne vart serskilt sterke, daa det i 1878 kom fleire nye Lærarar til Kristiania-Skularne, Lærarar, som var kjende heile Landet ikring. Men desse Lærararne drygde ei Tid, fyrr dei vaagad seg til; for dei visste, koss det hadde gjenget med alle dei andre frilyndte Skulebladi. Ifjor fyrst kom Bladet Vor folkeskole, utgjevet av Lærarar ved Kr.a Folkeskular og styrt av E. Thuland. Det gjekk smaatt, fyrr det kom i Veg; men det ser ut til, at det kjem godt. Det held fram og greider ut Spursmaal um Heim, Skule, Kommune og Stat. Av Innholdet for dette eine Aaret skal eg berre nemna: Ole Vig med Livssoga og Bilæte, Vor folkeskole, Amos Comenius, Oplysning og frihed, Fra barnets verden, Om vor skoleudvikling henimod ungdomsskoler for landalmuen. Det hev og Brevskrivarar baade her heime, i Sverige, Danmark, Tyskland og Amerika. Styraren Hr. E. Thuland er kjend for aa vera ein av vaare mest dugande Skulemenn, som ogso Leseboki hans vitnar um. Merkjast skal det, at Styret ikkje legg i Fingrarne imillom, um det hev fat i ein og annan Skuleautoritet, som hev forsett seg mot sin Mindremann. Ein hev soleis all Grunn til aa tru, at Vor folkeskole vil kunna greida sitt Yrkje framifraa godt. Det som fattast Bladet er Tingarar. Landsens Lærar bør taka det som ei Livssak for seg og sitt Stræv aa gjera alt det, dei kann for aa stydja Bladet. Alle som ein bør dei tinge Vor folkeskole. Men det vil dei tena ei stor Lands- og Folke-Sak, og sjølve hava Bate av det.
           
Og vaare frilyndte Prestar bør gjera det same. Det er kje mange av dei; men difor maa dei faae gjera so mykje meir. De bør hjelpa til med Skriving; dette vil baade Bladet og de sjølve vera best tent med. Og so maa de stydja Bladet med aa senda det Lysingar um Lærarpostar og slikt. Dette gjeld ogso, og helst, Skulenemningar, som no kann senda Lysingarne til kva Blad dei vil. Dei fleste av Landsens Skulenemningar er frilyndte; men det er berre nokle faa, som tykkjest koma ihug, at det finnst eit frilyndt Skuleblad. Dette er ein gamal-norsk Skikk, som no bør avleggjast.
           
Og so vil eg beda alle upplyste Menn, som ynskjer, at vaart Skulestel maa gaa frametter i alle Maatar, at dei tingar Bladet. Dei sjølve vil hava Baten av det; det vil dei faa høyra av sine eigne Born.
           
Vor folkeskole hev fenget utifraa god Umtale i mest alle frilyndte Blad. Bladet kjem ut ein Gong i Vika med eit Nr. paa aatte Sidur. Det kann tingast paa alle Posthus og i Ekspeditionen, Hejmdalsgaden 1, Kristiania. Det kostar med Postpengar Kr. 2.50 for Halvaaret.