[Kvi skal Vinstrebladi...]

Kvi skal Vinstrebladi fara med denne Kjeklingi med Høgre berre. Eg er so leid, at eg stappar att Øyro mine, eg les inkje Bladi.
           
Huf, kjære Dykk, kann De inkje finna paa noko anna aa skriva um! Det er daa ingen Nytte i aa slaast slik med dei. Kjære lat dei døy i Fred, stakkars Kreket. Kann dei inkje faa halda paa for seg sjølve; um dei og høgg i deg, so skadbit dei ingen Mann. Det er daa ingen vaksen Kar, som vert sinna, um Legdfolket skjenner. Lat dei faa rusla desse gamle Kallarne, lat dei faa gaa i Ro og mulla for seg sjølve som dei vil. Det held eg for styve, ja heiltupp baansklegt aa gjera seg sindt for deires Skuld, eg skal rett inkje vyrda dei so mykje, eg skal rett inkje gjera meg so laag, eg unner dei inkje den Moroi.
           
Grustar du deg mot ei Skjeltre-Bikkja og hutar, daa fær ho Mot og trur seg Kar og flyg kav paa deg; men gjeng du og aldri ser etter henne, daa vert ho skamfull og renn burt paa Timen.
           
Stakkarsdomen skal ein spara, ein vinn seg inkje nokor Æra, um ein blodgar Sverdet sitt paa dei. Det er berre Smaaguten, som gjer slikt. Naar me skal føda paa Høgre og hava dei paa Legd hjaa oss endaa ei Stund, so hev me nok aa dragast med dei lel, um me inkje skal hefta oss burt med aa slaast med dei og koma i Uluna berre for deires Skuld.
           
Nei spare legdfolket, gjere Dykk inkje til Narr for dei.                          
 
. x