Brev til "Fedrah."

Styret for Skjyttarlaget Bjørnen i Storelvdalen hadde bodet inn Skjyttarar fraa Hedemarkens Amt til Kapskjoting no siste Sundagen. 63 Mann fraa 6 Skjyttarlag møtte paa Skjyttarplassen ved Kjemsjoen og dei skaut i allt 2093 Skot. Grunnen til, at inkje fleire møtte var truleg den, at mange driv med Fjellslaatt og annat Sumarsarbeid, so dei hadde vondt for aa koma heimafraa. Banen ved Kjemsjøen er den beste eg hev set. Dei stend der i eit og sama Huset og skjyt paa 5 Hald utan aa vera kvarandre til Mein. Skjyttarstova var prydd med raude, kvite og blaa Vimplar, og 2 reine Flag og ei raud Fane med ein Bjørn i viftad yver Skjyttarplassen. Eg merkte meg det, at mange Skjyttarar hadde Riflereimar, som var utsydde med fargad Traad og Perlur, og det likad eg godt. Det skulde vera slik, at Guten kauper seg Rifle, og Jenta hans syr Riflereim, men ho skulde inkje bruka alle Slags Fargar. Ho skulde bruka berre raudt og kvitt og blaatt, for daa er Rifla best aa skjota med. Daa dei var ferduge med Skjytingi, so helt dei Moro utyver Kvelden i Koppangs Hotel. Eg ruslad til og fraa og talad med Skjyttarne. Me rødde mest um Politikk, og naar me kom til aa nemna um Statskupsmennerne og deira ville Draumar, so vart det altid Moro. Dei kjenner seg so trygge Østerdølarne, for der er Rifle mest i kvar Gard, og sume Stadar hev eg set like til 4 paa sama Garden. Eg kjende meg so sæl blandt all denne frilyndte Ungdomen, og eg tenkte ved meg sjølv:
           
Gamlingen paa Tinge
skal faa stemme trygt og kjekt
bagom Rifleringe
af den unge Slegt.
 
- r -