Det vert betre.

Det hev snaudt voret so mykje som eit Tiltak fyrr. Folk heldt det for, at dei hadde gjort si Plikt, naar dei var med i Valet sovidt, at det kunde verta Stortingsmenn, so let dei dei stella som dei vilde. Det einaste Folk hellest gjorde, var at dei fylgde med so vidt i Bladom, at dei fekk Tidender um kvat dei tok seg for der inne.
           
So kom Bondeforeningarne hans Jaabæk; daa lærde Folk seg til sopas, at de foor til aa døma og kritisera um ymse Ting og daa ogso Tingmennerne sine. Sidan kom det til det, at Folk tok til aa gjera seg Meiningar og gjorde Krav, den som inkje vilde lova, at han vilde vera med paa aa hjelpa fram det hell det, han vilde dei inkje hava til Tingmann. So vart det heile Valprogram og all Stad delte det seg ut visse samstelte Flokkar, Høgre og Vinstre. Men det var daa Stortinget berre dei kravde skulde gjera nokot, dei andre var det nokk aat, naar dei kunde fylgja med og vera upplyse til aa kunna røysta rett.
           
Daa trugad Regjeringi fram 9de Juni, og med den kom ei Vending i det heile politiske Livet. Stortinget vart inkje det høgste og einaste lenger, dei sette upp Folkemeiningi yver seg, ho var det som det kom an paa og som hadde den verkelege Avgjerdsla; naar det bar fram i dei store Saker, daa laut ho fram. Stortinget var berre dei, som skulde fullføra henne 1) . Men naar so er, daa vert det meir Andsvar paa Folk og, kvar Mann fær sin Del, han maa vera med, inkje i Ord og Røysting berre, men ogso i Arbeidet. Hans Arbeid er det, som ber det heile uppe. Han hev ingjen annan aa lita paa enn seg sjølv, skal han faa sitt, og skal det ganga godt paa Lengdi.
           
Trønderne trur eg var dei, som fyrst var mogne til aa taka iveg og vera med litevetta sjølve. Me skal hugsa, at det var der fyrst ogso, at det Ordet vart sagt, som Folk sluttad seg saman um ved Valet, at me helder vil hava Republik beint fram enn Vetostyring.
           
Der tok dei verkeleg aat aa arbeida og synte, at det var nokot, som dei vilde. Tanken um Folkevæpning fekk der fast Fot og spratt ut i Samlag. Samlag kom etter Samlag, som alle so seg isaman til eit med sameigi Yverstyring for heile Landet.
           
Det var Upphavet til eit verkelegt aalvorlegt Arbeid for Landet, som var gjort med det.
           
Folk skal friviljugt væpna seg, dei skal sjølve vera med og stella for aa faa Lands-Verjingi i Stand.
           
Og Tanken, som her ligg til Grunn, skal inkje verta standande ved denne Saki berre.
           
For dette er den Arbeidsmaaten, som no høver seg best for eit fritt Folk og som alle er best tente med: aa arbeida i Samlag. Di fleire Ting den kann verta innført i, di betre er det.
           
Lat Folk fritt faa hava Meiningar, og lat dei fritt faa samlaga seg um aa arbeida det fram, det er den fulle Fridom. Daa slepp sjølve Riksstyringi aa verta so vidslengd og hava so mykje gamle Institutionar og Stell, Institutionarne gjer seg daa sjølve.
           
Denne Tanken er det no, som ogso meir og meir kjem fram i det politiske, at dei serskilde Flokkar legg seg saman i Samlag, fyrst kvar for seg i sine Bygder og so i større og større Ringar, og Tanken um ein Ring for det heile Land med eit Yverstyre er alt framsett samstundes baate uppe hjaa Trønderne og no nyleg paa eit Allmannmøte paa Romerike, der J. Sverdrup i eit Brev gjekk med paa det og uppmodad Folk kraftigt til aa setja det i Verk.
           
Det vert hugsamt aa liva i Noreg og no, det tek til aa koma Vilje i Folk, og Arbeid fylgjer paa; daa kann ingen Ting standa seg mot dei. For den som vil noko til Gagns, han hev halvt vunnet.
 
 
1) Fædrelandet og andre Høgreblad, tøver endaa um, at det er Stortinget, som Vinstre vil skal gjerast allmegtugt, det maa væl vera for aa gjeva fritt Rom for Høgre til aa arbeida for det, som dei likar so, aa nedsetja Vyrdnaden for Tinget.