For mykjet Ræddhuge.

Me er mange nokk Vinstre, og me heve Magti, paa alle Kantar; hadde me berre rett kunnat bruka ho. Hadde me det gjort, so hadde mangt voret annleids. Me skulde hava gjort Trykket so sterkt og so hardt for lenge sidan, at dei hadde lotet kjennt det, me skulde hava klemt paa, so det hadde gustat heilt innum Kongeraadet, so skal eg undrast paa, um han inkje hadde maatt leda litevetta paa seg all den Kallklokskapen og Tverrskapen og Meinsyni, som hev sett seg upp som ein Ismur rundt umkring Kongen og gjort alt sitt for aa kverva Syni hans paa Folks Trang og Armods-Høve daa hadde me voret komne langt langt.
           
Hadde me tekjet i og voret Karar for lenge sidan, so hadde me sloppet undan all den Seinking og Meinking og Krangel, som her hev voret. Det hev voret ein fælande Daudskap og Likesæla og Uvyrdenskap med oss sjølve alt til dei siste Tider, me hev sannleg so mykje Skuld sjølve for at me hev havt det daarlegt, og at Kravi vaare hev vortet tilsidesett alt i eit. Me hev faret so smaatt og tøygt og tøygt, so ingjen kunde skyna det var nokor Aalvors Meining med oss, at det var nokot, som me verkeleg heilt-upp vilde. Hev me gjort noko, so hev me bruka Ord, veike tame Ord, som inkje hev skræmt nokon. Aa for all den Mildskap, som me hev visa i Politikken vaar all Tid, komet so mjukt og stillferdigt, ja heiltupp bedande med kvart Krav me hadde Rett til. Men er det inkje fælt aa tenkja paa inkje ein Takk hev me fengjet, inkje eit godt Ord, men Hogg og Slag til kvar Dag, det er faae, som hev skjemt seg for det aa spotta dei stakars Bønderne. Ein hev stundom maatt fæla for, korleids det var laga med dette Folket, naar ein saag korleids Piskeslagi small, det var som yver Lendi til ein utkøyrd Øyk, det var snaudt det kvakk i oss; det var som dei stakk i ein vassen Sopp, det gjekk igjen paa Timen, det vart inkje Saar av det eingong. Det var som um det fannst inkje Ærekjensla hell Samliding hell Harme des hell millom Folk. So mykje Aat, som her var, men me me gjekk lettliva og song um Fridomen og talad um kor godt me hadde det. Det var ei lauslyndt Framferd.
           
Og so endeleg daa me tok aat lite-vetta og vaagad oss fram med Motord, det var tiskande og smiskande, med krokutt Rygg, med Bøygjing og Blygsla med Smøygjing og riding undan, naar det vart noko paa Ferd - aa rett for nokre Stakarar me hev voret.
           
Og endaa er det nokk berre vaakt og vasset med Manndomen. Nokre gamle Kallar og Kjeringar og kaute Gutar som hev sinna seg upp til aa ørska um Statskup dei kallar og jamen var det inkje mange, som alt bleiknad av Rædsla, og var ferdige til aa taka Flugti med det same. Ein skulde tru det fannst berre Stakkarar og Kjeringar i dette Landet.
           
Um dei trugad med slikt aldri so mykje, um det so var dei som hadde Magt til aa gjera det ogso, det skulde daa inkje ein vaksen Kar blinka med Augom for det.
           
Ja sjølv um nokon kom setjande paa oss og vilde røva oss Fridomen og drepa oss, so skulde væl ingjen vilja tenkja seg um paa det, annat han gjerne vilde gjeva baate Liv og Blod. For slik var det gamal Sed hjaa Nordmannen.
           
Men no er her livrædde Folk. Aa kara seg fram, spara og spinka og tøygje alt ut so lenge som mogelegt, det hev voret Gjerdi paa Folk no. Faae tenkjer paa aa nytta sitt Livs Arbeid til aa gjera noko nyttelegt og godt og auka Framgangen i Landet.
           
Ingen vil vaaga Livet for si Gjerning.