Fraa Riksretten.

Dahl endad Talen sin med i Lovens og Samfundets namn aa protestere aalvorlegt mot Trugslurne hans Bergh.
           
Han gjorde Krav paa: helst at Paastandet um Ugildskapen skulde burtvisast, etter di at det er avgjort fyrr. Hell, um det inkje gjekk:
1)      alle Domarar skulde vera med i Avgjerdsla (hell i det mindste at det skulde avgjerast ein for ein, og at den daa berre skulde treda av, som Avgjerdsla galdt.)
2)      Ugildskravi skal forkastast.
3)      Baate ved Røystingi og Avgjerdsla skal det farast aat likeins med Høgsterettsassessorarne Chr. Hansteen, Lambrechts og Ottesen som med dei, som Bergh hadde framsett Krav um.
 
 
So fekk Bergh Ordet igjen til Svar. Det var daarleg Greide, som Dahl hadde ført fram, det var inkje Logikk i det, berre slet Polemik, det var Formørkelsens Kunst han hadde brukat. Men daa han var Nationens Advokat, so galdt det væl for honom aa finna rette Laaten, so kunde det verta eit Samhøve millom Klaga og Maaten, som ho vart boret fram paa.
           
Dahl skulde ikkje faa øydeleggja heile Saki ved aa setja upp nye Ugildskrav, det maatte det verta ny Procedure um, vist so var.
           
Det var nokot av det galnaste, naar D. kallad det ein Kjendelse, som var avgjort paa Fyrimøte ivaar, for det var inkje den rette Riksretten endaa, det var ingen utskoten endaa. Dei hadde gjort Grunnlovsbrot, um dei daa hadde gjort det, som D. sagde.
           
D. hadde vrengt alt, naar han fekk ut at det vart inkje att nokon gild Domar, um Kravi hans skulde gaa. For dette med 9de Juni var noko serskilt, dei var slet inkje med paa absolut Veto alle, som hadde røyst mot 9de Juni. Han laut minna um eit Ord av Camille Desmoulins, at det er uhag Despot som brukar Bajnetten, Kunsti til Eineveldet er aa gjera det same med Domarar.
           
9de Juni laag inkje avleides her, som D. sagde, det var raalaust for Domen aa koma utanum den, den var so fastbunden til 15de Juni, som dei var klagde for.
           
Naar D. hadde meint, at dei hadde vortet ugilde, um dei hadde voret med i Kompromisforhandlingerne som Lemer av Stortinget, so maatte dei væl verta det, naar dei hadde gjort det same som Lemer av Vinstreforeningi. Han vilde beda honom upplysa, korleids Vinstreforeningi hadde dryft Riksretten.
           
Han hermad J. Sverdrup og andre, som skulde visa, at Fyremaalet var aa faa Dom, um 9de Juni var Grunnlov hell inkje, det var Systemet, som skulde dømast. Var det daa nokor Meining aa segja, at Stortinget hadde sendt en Meningsudtalelse til Regjeringi for aa forkynnast som Grunnlov. Nei det var nok det sterkaste Dekret.
           
D. hadde klaga paa dei Ordi hans, at naar 9de Juni skulde faa Kraft som Grunnlov, so kunde Stortinget gjera Grunnlog med eit snaudt Fleirtal. Det var ei Tilsniking, naar D. hadde sagt, at det var Nationen, som var med i det, men Politikken vaar var inkje slik, for det vart inkje valt slike Folk, som berre er Politikkerar. Naar D. kallad 9de Juni for so skuldlaust nokot, so laut han tenkja paa det Kjeringi sagde: Sonen min han er so snild so, fær han Viljen sin, so græt han inkje. Det var stor Skilnad paa Gildskapen til dei som hadde røyst for 9de Juni i Tinget og Folk som hadde samla seg um den som Valprogram.    
           
Grunnloven var bygd paa Bondens sunne Sans, men naar det var komet so vidt no, so var det fordi Bondens sunne Sans hadde domnat av, for at dei kunde fylgja Føraren sin, som hadde sett noko unationalt inn i Politikken, og det kom til aa rugga paa heile Forfatningi. Bonden var villstyrd, soleids at han gjekk inn paa, at Myrmannen sette seg paa Plassen hans og fekk kaupe Retten hans og heile Stasen i Storgata No. 18 for 2 Kronur og 50 Øyrur.
           
Det hadde daa voret ei Slag Gjerd paa Talen til Dahl fyrr, men mot Slutten var det berre Raseri, Hallucinationer (Synkvervingar). For han var daa vist so fri for Statskupplaner og skumle Tanker han som nokon. For det var berre Lov og Orden han vilde hevda han med Kravet sitt, um at den kompetente Del av Riksretten skulde halda dei hine 11 ifraa seg ved denne Avgjerdsla.
           
Slike Ord, som Dahl hadde lyst her, det hadde han aldri høyrt fyrr, for den Meining laag i Ordi hans: Gjer de inkje som eg vil, Domarar, so vert De dengde, daa kjem Odelstinget paa Høgsterett att. Dette hadde voret ei stor Sorg for honom, at Rettferdi skulde medfarast paa slik Maate. Med det endad han.
           
Fredag fekk so Dahl Ordet for siste Gong.
           
Avgjerdi kjem væl inkje fyrr det lid uti Vika att.