Fraa Telemarkje. (Brev).

I eit Brev til Fedrah. (Nr. 32) skriv ein um ei Bygd i Telemarki. Det fyrste han fortel, er at Folk er gjiruge og rike. Eg trur inkje det, at Telemarkingarne er gjirugare enn andre Folk. Sovidt som eg er kjend i Telemarki, so tykkjer eg, at Folk er snilde. Eg hev reist paa mange andre Stader og, men eg hev aldri funnet snillare Folk enn Telefolket.
           
Eg hev røynt, at Folk i Telemarki er meir rimelege med Ferdamannen enn andre Stader. Dei er gjestfrie og godgjerande, so ein tarv inkje vera rædd for aa ganga inn til dei. So segjer han, at dei er rike. Det er inkje stort aa skryta av. Det er berre faae Menn, som ein kann kalla rike. Deretter kjem han med, at det er Pæning, det høgaste Telemarkingarne strider for. Kann du tenkja, at her i vaar Tid er so klein Upplysning, at Folks et som sitt høgaste Maal aa stræva for Pæning? Upplysningi er det fyrste for alle Telemarkingar. Det er vist faae Stader, som den aalmene Upplysning er so stor som i Telemarki. Treskjerarkunsten er langt framme, fortel han; men den driv dei bare for aa tena Pæning. Men kor finn du den, som inkje vil tena Pæning? som inkje vil bergja seg? Han hev inkje set nokon Stad, som er prydd med Utskur, segjer han; men daa er han lite kjend i Telemarkje. Eg vil telja deg til aa reisa umkring der, so skal du nok faa sjaa Utskur, som du inkje hev set fyrr. Folk er fælt blauge, fortel han. Inkje tor dei sjaa paa Folk, og inkje fær ein Svar, naar ein talar til dei, for langt um lengje; men dei smell av burti ei Kro, so ingjen ser det. Du maa vist sjaa rar ut, men det at dei er so rædde deg. Eg hev inkje set annat enn dei er hugheile til aa tala baate med Fant og Fagnadmann.
                                               
L.