Høgre

tek det paa same Vis, dei vil og faa meir Samansluttning av Samlagi sine og ei Yverstyring for det heile. So god som denne Maaten er i seg sjølv, so ille vert han, naar han kjem i deires Hender. Ja hadde dei noko Arbeid aa gjera, so var det væl, men inkje nokot slikt hev dei, som ei sovori Samstelling kunde hava til Fyremaal aa fremja. Nei Strid og Krig mot det verkelege Arbeid som er framme, det er det, som dei siktar paa. Ei sta Styring og utlivde Tankar det vil dei halda uppe. Til det er det dei vil ringa Folki saman umkring seg, so dei betre kann aga dei og bruka dei som lyduge og trugne Hersveinar, for dei maa nok fint lyda Autoriteten dei Folk og inkje finna paa nokot av sitt eiget Hovud. For dei vyrder inkje Folk so mykjet dei, at dei gjer dette for deires eigen Del, dei tilkjenner inkje Folk flest nokon sjølvstendig Rett; litet ætlar dei til Stortinget jamvæl, det er berre Konge og Regjering, som skal hava alt.
           
Paa ein Maate, som dei sjølve maa halda for litet lovleg, driv dei sine skræmde vildledte Sjæle til aa fraakjenna seg sin eigen Fridom.
           
Av slikt kann ein inkje venta seg, at det skal koma ut nokot til Bate for Landet. Tvertimot mykjet vondt. Til stor Seinking er det for den lovlege og naturlege Framgang i Landet.
           
Det einaste er, at det kann manna Vinstre endaa meir upp og gjera det sterkt og traust.