Knuppen.

Tileg ein Vaardag i solvarme Li
sto Knuppen aa venta paa Blom aa bli.
 
Kjærleg sitt Hovud mot Sol den bøygde,
Lengtande seg etter Vermden tøygde.
 
Den saag paa Soli, som skjein so blileg.
Den viste inkje den kom fortileg.
 
Den viste inkje, at kalde Vindar
Enn sopa Snjoen kring Fjøll aa Tindar.
 
Den viste inkje, at Soli øydde
So tidt sitt Gull paa ein Knupp, som døydde.
 
Den viste inkje, kor titt det er,
At Knuppen døyr, fyrr den sprette fær.
                                                           
S. Aa.