Livet paa Støylen.

Paa Heii æ Gama aa vera, helst naar Væe æ blenkjande klaart, stend de i Visa, aa de æ vist sannt, for hev ein vore paa Støylen aa set for Hugna de æ, so stemmer han vist i mæ paa denne Visa.
           
Ja paa Heii æ Moro aa vera, de hev eg daa prøva; aa daavist naar de æ tvo kaate lettliva Jentur ihop; daa gjeng de leikande all Ting. Eg veit ei Gong tvo Jentur, som flutte paa Heii Jonsok-Tid; men du kann tru de va kje dauvlegt den Somaaren um de va i ville Heii aldri so, for um Sundagen samla der seg heile Flokkan heima Bygdi for aa vitja Støylsjentun; for de æ mykje so, at dei liver bet, dei som æ paa Heii hell dei, som heime æ, daa æ de naa fordetmeste ein Svivar, som vi te daa maa vita.
           
Ja de va kje einast Sundagen dei hae Moro, de va kvar Dag de, for de va kje so, at dei blei motfalne, um der kom nokle Regndropar aa dei blei nokolit vaate, dei tralla aa kva like gale, so de jalma i Lian, aa naar dei sille ut aa gjæte, so fyllte dei væl Saltsekkjen aa hengde han paa Fyrklæbande, batt Nista paa Styttebande, aa ei liti Knivsnubbe i Sokkjen aa Spite i Haandi, a te aa lokke paa Kjyne, so kom dei som dei va jaga, aa so bar de burt etter grøne aa vene Smylehallir 1) , aa trefte de daa, at de va Skinvæ aa Bøykjen 2) var ute, so sprang de ikring mæ Rova i Ring; men naar dei hae kome uppaa dei høge Skin-nutan, so sto dei væl fornøgde, te Soli hae gladt nei Smyledekkan, so gjekk dei so rolegt, at de va so vitt dei saag dei lea seg, aa daa huga Juringan aa jala te kvarandre, so de svara i Nutan.                        
 
Joronn.
 
 
1) Smyli, noko fint Gras.
 
2) Bøyk, ein Slag Kvefs.