Tidender.

Kristiania, den 8de September.
 
Adressur. Det hev no komit ei heil Flo av Adressur aat Selmer fraa mange Kantar av Landet. Men det synest som at det enno inkje er nokk, dei stræver enno Høgre paa mange Stader fyr aa finna fram fleire. Hellest er det nokk i siste luten no, og det var daa endaa væl. Ein kann inkje taka eit Høgreblad i Handi utan at det lugtar Sorg og Bekymring av det. Ein kann forstaa, at Høgre inkje hev meire aa leggja inn i Striden. Det, som no skal fylla dei tome Romi i Bladi deira er desse mange Navni aat dei, som teiknar under Adressurne aat Selmer! Eg likar no inkje Adressur, anten dei kjem fraa Høgre aat Regjeringi elder fraa Vinstre aat Sverdrup og Majoriteten. Det er nokot Kluss alt saman, synes eg. Naar me hev Val kvart tredje Aar, so treng me inkje Adressur. Dei, som inkje kjenner Trong til aa handla som Menn, naar dei ser Utfallet av Valet, dei kann helder inkje uppglødast av Adressur.
           
At Høgre sender Selmer Adressur, det kann ein skjyna, for dei finn no paa so mangt dei Kararne, men fyr Vinstre er det for kleint, dette Adressestellet.                          
 
W.
 
Ein klagadtil meg yver, at han inkje kann skriva Maalet godt nok, allvist for det han inkji hev lært nok Grammatik. Hadde eg endaa voret paa Seminaren hell nokot, sagde han. Eg trur, at den beste Maaten aa læra aa skriva godt paa, liksom den beste Maaten aa utvikla seg i det heile paa, det er aa læra seg sjølv. Paa Skular kann ein læra mangt snøggare, det er sannt, men so vert ein og bunden i sitt Syn baate av Læraren og av dei godkjendte Bøker, so det er snøgt aa missa den friske gode Heime-Daamen sin, og er han mist, so er han vanskeleg aa faa att, men han er einast den, som gjer god Stil.
           
Best vert den, som er sin eigen Læremeistar, men som kann hava Tilføre til aa henta den Rettleiding og den Lesnad han treng der, som han finst best for honom. Den som slepp mest aa ganga paa visse Skular og verta innført for mykjet i visse Systemar og verta bunden for mykjet til visse Menn hell søkkt for djupt ned i visse Stellingar og Postar han hev best Vilkor for aa verta ein fri, sjølvstendig og sjølvhjolpen Mann.             
 
O. S. R.
 
 
Ein ny Diktar hev Høgre fenget seg, han heiter Randers. Frie Ord heiter Boki hans. Han skrik, Ned med Tyrannerne (det er Fridomsmennerne), berre so det brakar. Høgrebladi er fælt glade i honom, kann ein vita. Han segjer sjølv, at han er Fritenkjar, men det gjer ingen Ting, det lagar seg nok med det, meiner Fædrelandet, naar han fyrst er paa den rette Sida i Politikken. Det er den, det kjem an paa.
 
           
Det er 100 Aarsidan N. F. S. Grundtvig art født, idag. I Danmark vert Dagen høgtida med eit stort Møte, og Minnestytta vert reist paa Fødestaden hans, Udby paa Sjelland.
 
           
Folkeskriftselskapet hev gjevet ut:
Følgerne av 9de Juni av Erik Vullum, Kr. 0.60; Vort Embedsparti av J. E. Sars, Kr. 0.30.