[En Hanske...]

En Hanske, Skuespil af Bjørnstjerne Bjørnson er utkomet. Pris Kr. 2.00.
           
Svava Riis er forlova med Alf, Son til rike Christensen, og alt er godt og væl. Men so kjem det ein og syner henne nokre Brevlappar, som Alf hadde skrevet til Kona hans, Alf hadde haldet Lag med henne.
           
Daa vert det ille med Svava, ho hadde trutt so væl um honom i alle Maatar fyrr, men no vil ho inkje sjaa honom fyr Augom. Dei vil snakka Vit i henne igjen Foreldri og segjer, at det gjeng inkje an aa taka det so strengt, for Mannfolki kann det vera ymse lagat med, men det jamnar seg i Ækteskapet lel, og der er Kvinna i sitt rette Kall. Men ho vil inkje Svava, at Ækteskapet skal vera slik ein høiere vaske-anstalt for manfolk berre. Ho er harm paa Mor si, at ho skal vera mot henne no, for det er ho, som hev lært henne upp. So kjem daa alle tri Christensens heim aat Riis og skal freista faa greida det att. Alf er tykkjen for det, at ho kann hava so litet verkeleg Lit til honom, han er kaut paa det, og meiner han skyldar inkje aa gjera Greida for si Fortid for henne, alle maa skyna, at han meiner det aalvorslegt no, ingjen hev Rett til aa tvila um annat. Han krev dei skal tru honom, han er slik Kar. Men om en kvinne under de samme omstændigheder, Alf, kom og sagde det samme, segjer Fru Riis, hvem vilde tro henne? naar hun efter en slik fortid kom og forsikrede, at hun skulde bli en ærbar ægtefælle? Alf: Ingen hæderlig man vælger en kvinne, paa hvis fortid han ikke er tryg. Nøiagtig udtrykt: segjer Onkel Nordan, kvinnen skylder mannen baade sin fortid og fremtid; mannen skylder kvinnen bare sin fremtid. Tilslutt vert Svava so ill, at ho kilar Hansken sin beint i Andlitet paa Alf. Daa lovar gamle Christensen det, at skal det vera paa Krigen, so skal dei faa honom ogso.
           
So er det andre Dagen. Han skal paa Slottet og helsa paa Kongen Christensen, paa Vegen slengjer han og innum til Nordan, dit Fru Riis kjem ogso, og der ordskiftest dei vonom meir og skuldar kvarandre. Det er nokk ille stelt med Moralen til Riis ogso, midt i Ækteskapet det vil Christensen nytta. Svava hev havt so god Tru til Far sin fyrr, men no hev Mor hennar endeleg lotet fortalt, korleids det var laga i so Maate. Daa vert ho saar, og kjenner seg overleg mjuk og yvergjevi. Nu ser jeg først, hvorledes det er! Her er et helt bærg, som jeg har sat to hænder paa og villet skyve væk. Og saa har de staat rundt mig og led.
           
Fru Riis hadde boret yver med Mannen heile Tidi, for han hadde nemnt eit megtugt Namn som Skjold fyre seg: Christensen. Læg mærke til, hadde han sagt, hvor overbærende denne mans hustru er. Og fordi hun er det, er hele samfundet overbærende. Nordan hadde vilja tagt seg, endaa han kallad kvart Ækteskap berre eit Lotspil, men han hadde set det nyttad so litet aa koma nokon Veg, og gjenget trøytt. Og det er netop mødrene, segjer han, som efterhaanden har gjort mig sløv. Mødrene ser saa sløvt paa det. Christensen og Riis hev likevæl vortet Godvener att paa Slottet, og Boki endar med, at Alf bøygjer seg so mykjet, at han inkje vil strengja Kravet sitt no, men tegja og venta, til han kann vinna Tilliten hennar heil. Og ho gjev honom god Von.