[Grundtvig...]

Grundtvigheldt Professor Lyng eit Fyredrag um paa Universitetet soleids paa Lag:
           
Den Mannen, som kom til for 100 Aar idag sidan, det var ein Ovkar, det maa dei sanna no baate Ven og Uven. Han hev havt nok av baade Slagarne, og naar han i so Maate ogso hev gjenget i Fotafaret til Frelsaren, at han hev kastat Eld paa Jordi, so syner dette, at han var nokot.
           
Grundtvig var med aa skapa Tidi vaar, aa setja Skiftet millom det 18de og det 19de Aarhundradet, aa føra fram dei Tankar, som sette Sveipen paa det 19de Aarhundradet. Han hev den store Delen sin millom dei samfengne Stormenn, som Tankarne og Gjerningi aat hev ihopsett Aandslivet vaart. I Romantikken si Tid vyrde dei for mykjet dei nationale Serbrigde, men forlitet det som alle Folkferder eig tilsaman. Slik er det inkje no lenger, og ein kann difor spyrja um kvat det er dei hev sameigt tvo slike forskjellige Menn som Grundtvig og Hegel 1) .
           
Det er Skilnad paa Tenkjemaaten i det 18de og 19de Aarhundradet. I det 18de trudde Folk, at Verdi jamt gjekk tilbaka, men no trur dei vanleg, at ho gjeng fram. Jamvæl dei, som hev mest Hug til aa kalla det for en Forfaldets og Nedgangens Tid no, dei held daa denne Tidi for ein Fotstad, som Utviklingi kann muna fram til nokot betre ifraa. Ein kunde inkje segja, at det var annat enn historisk Sans, som vantad fyrr, naar dei hadde den Trui, at Verdi gjekk attende, endaa um det var i det upplyste Aarhundradet og rart var det. Dei gjekk ut ifraa det, at det upphavlege var det fullkomne, og tenkte seg so fram til eit sovoret Utslag, men me gjeng ut ifraa det, at det upphavlege er det uheile og fær soleids ei onnor Syn paa all Ting.
           
Tankearbeidet i det 18de Aarhundrade gjekk ut paa aa skilja millom det, som inkje var av same Slag, dette er den verkelege Rationalisme, som raadde paa alle Leider. Herifraa kom den Sjuken etter Sambunad, i di at Serbrigde vart haldet som nokot, som var av det vonde. Heile Europa laut laga seg etter ei Folkeferd, den franske. Paa alle Stader vart Mønster-Dygder sett upp for alle Plikter mot andre Folk, men Fyremaalet med det heile Strævet var, korleids dei sjølve kund verta sæle.
           
Dette er det, som gjer Bok-Kunsti fraa dei Tider so daamlaus for oss. Allstad galdt det Mønsterdygdi, anten det so var i Tragødie, Roman hell Lyrik. Det var inkje nettupp paa Evne til aa sermerkja (hell karakterisera), som det vantad, men dei gjorde inkje nokot utav det, fordi det høvde inkje med deires Syn paa det fagre. Det sermerkte (hell karakteristiske) kallad dei beint fram stygt. Med dette samdest og den Styresformi, som var aalgjengd, slike Menn som Fredrik VI var Menn or si Tid, han som sagde. Eg aaleins veit, kvat som er til Bate for Samfundet. I det religiøse kom det ofta nokk fram, at kvar Mann hadde nokk med aa syrgja for Sjæli si, medan Stellet med Samfundet inkje kom honom ved.
           
Revolutionen støytte yver Ende desse Tankarne og bar upp Tanken um Framstiget, og samstundes var det, at Grundtvig steig fram og vart Maalsmann for dette nye. No er det Utviklingslæra hans Darwin, som er aa Vange, Evolutionstheorien dei kallar, og ein kann gjerna segja, at Tidi er darvinistisk, for alt det um kvar einskild kann hava sine ymse Tykkje um sjølve Darwinismen. Folk trur, at alt Umskifte er Utvikling, at inkje nokot held seg stillt, og dette er beint imot den gamle rationalistiske Tankegangen. Det som gjer Utviklingi til nokot annat enn eit snaudt Umskfite, det er det, at alle Ting hev gjøymt i Upphavet sitt Fræet til det, som det sidan vert, naar det vert umskift. Utviklingi ligg i det, at Skilnaden serar seg ut or det samfengde og heile. Me hev alle byrjat med aa vera Menneskje, som er mogelege for all Ting, men inkje for nokot visst, fyrr det tek til aa skilja seg ut nokot, som ein fær aa verka med. Soleids kann me inkje segja, at Nationalitetar er Avleider, det er tvert imot so, at der Nationaliteten er mest framkomet, der er det mest rette Menneskje, der er det rikaste Mannaliv, der trivst Samfundslivet best. Di meir trugen ein Mann er mot seg sjølv, trugen mot det beste i seg, di meir vil han vera Menneskje - ja i so Maate, som det krevst no, at han er til Framgang for andre og til Bate for Samfundet.
           
I vaare Tider fyller Politikken so Hugen aat Folk, og ein kann kalla det for syrgjelegt, men det er daa gildt med di, at daa kverv Avstengjingshugen og Eremittankarne burt, og alle skynar, at ein skal liva og verka med Kjærleik aat Menneskje. Og med det fylgjer det Fridomshug. Det vert Folks eigi Sak aa syta for sitt. Og um dei kann usemjast um Maaten, so er dei daa samhugad paa det, at nokot maa det gjerast. Soleids vil alle no havas Røysteretten vidare, men det vantar Einskap um, hosta Maate ein skal taka det paa.
           
I det religiøse ogso hev det lagat seg serskilt i det 19de Aarhundradet, anten ein so ser paa Fraafallet hell paa den nykveikte evangeliske Aand. Rationalismen med Skiljingi si maatte gjera det guddomlege raalaust til aa fata, setja det grenselaust langt ifraa Menneskjet. Dei som vilde næra si religiøse Trang, laut anten gjeva seg blindt innunder Rettlæra, hell dei maatte leggja seg inn i Strævet etter aa verta mønsterfromme.
           
Denne Trangi vert boret fram paa ymse Vis av Stormenn paa den Tidi.
           
Hjaa Grundtvig er det tvo Tankar, som sting seg upp, um: Nationaliteten og um Kyrkjelaget (Menigheden).
           
Grunntanken i Sogegranskingi hans Grundtvig tottest vera den, at kvar Folkeferd hadde sitt Sermerkje og kom best fram, naar ho tok det paa si eigi Gjerd.
           
Mest er væl Grundtvig namnkunnig ved Teologia si. Kjerna i henne er den Skiljingi han gjer millom Bibelordet um Frelsaren og Sakramentordet, det Ordet, som Kristus sjølv hev talat og held ved aa tala, idi han sjølv ertil Stades i Kyrkjelaget sitt. Det er soleids ei ny Folkeferd, Kristefolket.
           
Det kann inkje negtast, at han hev skapat eit serskilt Aandsliv i Skularne. Fana hans det var Samfundstankarne, og Grunntanken i Skule-Umboti hans var den, at alle skulde naa Maalet sitt i Samfundet. Det som skil Grundtvig fraa Aandsfrendar i Utlandet det er den store Personligheds-Sansen hans. Han gjeng i Jamnbreidd med Søren Kierkegaard i so Maate, men han ser meir paa Einingen, Grundtvig siktar stødt paa Folket.
           
Naar det so med eit Ord skulde segjast, hosta Fane det var, som Grundtvig heiste meir hell minder i Lag med andre Stormenn hosta Tanke det var, som han hadde sett inn i Aandslivet vaart, so maatte ein segja, at det var den um Samfundslivet.
 
 
1) Ein stor tysk Filosof, som hev grunnlagt den filosofiske Læra, som vert lært ved Universitetet vaart.