[Presten Heuch...]

Presten Heuchheldt for eit Aar sidan eit Fyredrag i Foreningi av dei teologiske Studentar i Kristiania og aatvarad dei for Radikalismen. Han talad slik, at mange totte det var grysjeleg, at ein norsk Prest kunde fara so. Men daa det var høyrande paa honom, at han inkje likad det skulde koma i Bladi, er det ingen hell som hev vyrdt det nokot, fyrr det stod litet um det i Vestlandsposten for 1ste September iaar. Det kunde inkje voret verdt aa dregjet det fram meir kanskje, for alle som hadde dei minste Uner til honom, totte vondt i honom, at slikt skulde koma fram, daa han tottest vera i eit As den Gongen og inkje heiltupp kunna styra Ordi sine. Men naar han sjølv svarar i Morgenbladet og avsannar alt det, som Vestlandsp. hev meldt um det, so fortener det vel, at ein ser litet paa det lel; og daa maa det segjast, at etter som dei minnest fleire Teologar, som høyrde paa det, so var det meir likt etter Grunnen i Talen hans soleids som Vestlands. hev det, enn som kan sjølv vil hava det til. Han likad inkje Grunnloven, sagde han, det var ein Frukt av Revolutionen. (Ein Teolog meiner, at han kallad honom for en raadden Frugt og, men han torer inkje vissa det), og naar me hev gjenget so mykjet fram sidan 1814, so var det inkje, fordi me hadde Grunnloven, men tiltrods for Grunnloven. Det var Ordi hans. Stortinget dugde inkje til nokon Ting, det hadde maatt voret inspireret skulde det hadde voret ført til aa døma um ymse Ting, og det viste han, at dei inkje var. Han nemnte inkje berre slike Ting som det høgre Skulestellet (det han talar um i Morgenbl.), men ogso sovoret som Spursmaalet, um Jarnvegen skulde leggjast um Kviknehell Røros. Stortingsbønderne var uføre til aa avgjera slikt.
                       
* * *
           
Presten Heuch hev merkjelegt so saart eit Samvit, naar det er nokot paa Ferde i det politiske. Verdens Gang fortalde, at ein Prest skulde hava sagt, at det verste var, at Kongen inkje kunde lita paa Herren i Tilfelde av at det skulde verta nokot paa Ferde. Det var ein annan Prest, som V. G. hadde Grunn til aa tru dette skreiv seg fraa. Men Heuch tek det aat seg, og kjem og fortel oss i Morgenbladet, at han ogso verkeleg hev sagt nokot liknande, som han daa tykkjer er fint og skuldlaust, men som verkeleg hev same Meiningi.
           
Han hadde talat med ein Offiser eingong fortel han. So sagde Offiseren, at han var Vinstremann. Det gjør mig ondt, sagde Heuch, thi intet vilde være sørgeligere end at Kongen ikke kunde stole paa Armeen, hvis den radikale Revolution skulde nøde ham til at forsvare Forfatningen.
                       
* * *
 
Den radikale Revolution ja, kvat meiner høgre med det? Dei meiner inkje det same, som alle andre kallar Revolution, at Folk reiser seg imot Lov og Rett og trugar seg fram med Vold og Magt. Nei det er sjølve Verjingi av Grunnloven, vaar Rett og vaar Fridom fraa gamle Tider, det er det, som Høgre er so ubljuge, at dei kallar Revolution. Revolutionen byrjad 9de Juni, og sidan den Tid er her revolutionære Tilstande her i Landet det er Ordtak, som er faste no millom Høgre, det trengst det inkje nokot Prov paa. Og det som andre Folk kallar Statskup, det kallar dei berre aa verja Forfatningi, for slik kallad jamvæl Verjaren for Regjeringi det i Rigsretts-saki, og det var vist inkje berre av sitt eiget Brjost han hadde suget det. Dei sit so nedsøkte i Statskuptankar Høgre, at dei snart inkje veit Skil millom lovlegt og ulovlegt i so Maate. Dei tek alt til aa rasa: Naar ein skal tala um Statskup, segjer dei, so er det væl ogso ein Talemaate um Statskup fra oven, men det er uverkeleg og ingen Stad mogelegt, nei det verkelege Statskup det er Statskupet fra neden, det vil segja Revolution. Dei sjølve er daa inkje tenkt paa aa gjera Umstøyt og tyna Konge og Styre, altso maa dei dømast fri for Statskupplanar. Det er so langt ifraa, at dei tenkjer paa nokot slikt Statskup, at mykje meir deires Umsut gjeng ut paa med alle Midlar aa verja Forfatningi mot dette Statskupet men det vil netupp segja det same som: aa fyrebu eit verkelegt Statskup, um Trykket vert so sterkt, at dei inkje kann halda seg uppe paa andre Maatar.
             
* * *
 
For den radikale Presse, segjer Heuch, er intet Bud so meget iveien som det 45de, det Bud, der - - stempler ethvert Oprør som Synd. Eg skal meina det. Det 4de Bud trengte aa lærast upp att no, og inkje minst av Prestarne. For dei vert so kloke og sjølvraadne no, at dei hev gløymt den einfalduge Baanlærdomen. Det 4de Bodordet stemplar ethvert Oprør som Synd, det ser inkje etter, um det løyner seg i fine Namn aldri so mykje, det dømer beint fram, det sparar korkje Prestar hell andre. So greid ein Kar som Heuch er i mange Maatar baade til aa preika og hellest det er syrgjelegt, at han skal vera so nedsøkkt i Fanatisme og Einsyn, det skjemmer heile hans Gjerning, og det er paa ingen Maate til Bate i Arbeidet hans med aa verja Kristendomen held, det blandar seg inn all Stad og gjer, at Folk inkje kann hava full Lit til honom.