Ferdabrev.

[Del 2 av 4. Første delen]
 
(Framhald fraa Nr. 34.)
           
Eg ruslad uppetter til Garden, og eg merkte meg, at Jordet der var betre uppdyrkat, enn paa dei flestalle andre Gardar eg hadde set der i Trakterne. Daa eg kom upp, spurde eg den fyrste eg trefte, um eg kunna faa ganga inn og skriva eit Brev. Jau, det var no ingen skapandes Ting i Vegen for det. Eg vart vist inn i Storstova, endaa eg helder vilde vera ein annan Stad, so vaat og slaskutte, som eg var.
           
Dei hev det utruleg fint mange Bønder i Østerdalen. Her var det maalat baade høgt og laagt, og Bord og Stolar var av fint Slag. Paa Veggerne hekk Maalarstykkje og Speglar, og burte i Kroken stod eit Fortepiano. Eg skreiv dei Brevi eg hadde tenkt, og daa eg væl var ferdug med det, so kom der inn til meg ei Jente, og eg bad daa um aa faa kaupa ein Kaffikopp. Ho gjekk ut, og det var inkje lengje, fyrr ho kom inn att med Kaffikanna. Ho skjenkte i, og eg drakk. Godt smakad han, det kom væl av det, at Kaffeen var god, men meir kanskje, at det var so fin ei Jente, som skjenkte. Ho var inkje stor, helder liti. Haaret og Augnebrunerne var svarte, og dei myrke Augurne saag vitfulle og fagre ut. Eg gav meg so smaatt i Røda med henne, og vitugare Jente trefte eg inkje paa heile Turen. Ho hadde vist baade leset og tenkt meir enn Kvinnur flest paa Landet.
           
Det er ellest merkjelegt, kor friske og fagre Jenturne ser ut her uppe i Dalarne. Det er liksom Skog og Fjell og Sjø og alt det fagre i Naturi speglar seg av i Folket og inkje minst i Kvinna. Hev ein gjenget i Kristiania, der det er lika so vandt aa finna ei fager Dros, som det her uppe er aa finna ei ljot Jente, og set paa alle dei surbleike Skjønheder paa Karl Johan, so er det slett inkje aa undrast paa, um ein vert hugteken her. So kom Posten, og daa Jenta, eg hev rødt um, var heime aaleine, so var det ho, som skulde opna han. Eg bad um aa faa inn Verdens Gang og Dagbladet, og det var inkje lengje, fyr ho kom med dei. Eg fekk daa lesa Aktors Foredrag um Utskjotingsretten, og so vilde eg snøra Skreppa paa Ryggen og draga vidare. Men so fekk eg høyra, at Jenta skulde til Sætri i Lag med ei onnor, og so vart eg spurd, um eg inkje vilde slaa Lag med dei uppyver Sjøen. Den, som inkje hadde nokot mot det, det var no eg. Jenta kom so fram med Flaska, og Reisesupen vart inkje gløymd.
           
Paa Vatnet var det lugumt aa fara. Vedret var vortet klaart, og Kveldsoli glimad so vent i Liderna. Alt ikring meg var so kyrt, at det inkje var annat aa høyra, enn Aarataki aat Roaren. Eg sat og rødde med Jenturne, og ret som det var, slog eg i Vatnet med Staven min for aa faa ein Stump av ein Regnboge til aa syna seg. Naar det so skvatt paa dei, so bad eg om Tilgjeving, og det fekk eg no sakte.
           
Eg kjende meg so høgtidelegt stemt. Eg hadde liksom ei Kjensla av, at eg var tvo Gonger so stor og tvo Gonger so sterk og tvo Gonger so god, som eg nokot Sinn hev voret. For gildare finnst inkje mangt enn aa fara paa eit fint Vatten soleids med fagre Jentur til Fylgje. Er det nokon, som er for mykjet huglaus og tykkjest alt vert berre stygt og svart i Livet, so skal eg vaaga det er rar Kar, som inkje vert ved Mot, naar han kjem saman med fine Kvinnor, der Reinleik og Uskuld speglar seg av. Eg tykkjest tru, at Sedugskapen i det heile maa standa høgt i Østerdalen. Utan det vilde inkje Folket sjaa so blømandes friske ut.
           
Daa me lagde i Land, bad eg Velfar med Kameratarne mine; men eg lovad dei, at eg neste Dagen skulde vitja dei paa Sætri. Helst hadde eg no Hug til aa vera med det sama, men eg viste, at dei ventade fleire etter seg, so eg vilde inkje nemna nokot um det.
           
Der laag nokre Smaagardar i Nermunum, og eg gjekk daa burt til ein av dei, Kjeringi var ute, og eg spurde henne, um eg kunna faa Hus um Natti. Jau, vilde eg taka til Takke, so skulde eg nokk det; men her er simpelt, lagde ho attaat. Eg var vand med, at Smaalenningarne altid kom med ein slik Ettersleng, naar eg bad um Husrom, um dei etter Maaten hadde det aldrig so fint, difyr sagde eg strakst, at eg tok mot, som det var.
           
Soli var endaa inkje gladd, og eg fekk Mannen der paa Garden med paa ein Fisketur. Me brukad Oter; men Fisken vilde inkje bita, endaa eg las baade attlengs og framlengs alle dei Paatrevessar, eg hadde lært av henne Gamle-Kari der heime. So sette me ut Garni og ruslad upp atter til Garden.
           
Eg vart visa inni, der eg skulde liggja um Natti. Det var i eit litet Kammers, og der saag inkje vidare fjelgslegt ut. Der stod inkje mindre enn seks Sengjer, og dei tok upp mest alt Romet, so det var vandt ein kunna snu seg. Eg likad meg inkje; men no var det for seint aa ganga vidare, so eg laut slaa meg til Ro. Daa eg hadde lagt meg, so kom der inn den eine etter den andre, so eg trur alle Sengjerne vart fulle til Slutten. No byrjad det ein Musik, som var skrekkjeleg. Dei snorka og raut alle i Hop, og det var plent, som dei laag i Kappestrid med kvarandre um, kven som skulde vera den beste til aa halda Styggelæte. Det let mest av fyrste og andre Bas; men ender og daa kom der ein Tenor av uhyggjelegaste Slaget. Eg laag og vreid meg og fekk inkje somna. Det vart so kove, at eg fekk hovudvondt, og eit Par svoltne Loppur gjorde og sitt beste for aa halda meg vakjen. Seint um sidar blundad eg likevel inn og drøymde at eg var paa Fjellet og Sætri.
           
Eg vaknad tidleg um Morgonen. Hadde det voret usunnt Kvelden fyrr, so var det inkje betre no. Eg kjende, at der beit nokot paa den eine Oksli, og litt etter kjende eg eit Bit av sama Slaget paa den andre og. Eg spratt upp og saag etter i Skreppa, um der skulde finnast att reine Underklæde; men nei, det var inkje fleire att. Eg reiv paa meg Klædi, so fort eg kunne, og eg kjende meg betre, daa eg kom ut og fekk supa i meg i fulle Drag den friske Skoglufti. Eg saag meg ikring og vart var, at eit stort Rom av Huset inkje var innreid eingong, endaa Stova var gamall. Der stod Skog nokk ikring, og Mannen var vist inkje fatik, so eg trur, at allt Sluskestellet der kom berre av Leta. Ellest er det no sjeldan aa finna ein slik Gard i Østerdalen. Eg tenkte ved meg sjølv, at det Romet, eg hadde legjet i um Natti, vilde vera eit høvelegt Rom aat ein Flokk Bakstrævarar, for der var plent lik Luft, som er høveleg aat slike Folk, naar dei skal kunna trivast. Eg lovad ved sjølve meg, at eg inkje vilde ganga inn att, fyrr Folk hadde stadet upp og gjort Nattmannstenesta, so der kunna ganga an aa vera for Folk. Slikt Arbeid er no, som me veit, vortet eit Sneidord; men ingjen Ting kann no vera meire bakvendt. Nattmannen er all æra verd. Han ryd og reinskar vekk det, som er vanhutalegt, og utan han vilde det snart verta Sott og Sjukdom alle Stadar. Og det sama, som Nattmannen gjerer i ein By, det gjerer Politikkaren og Skalden i Samfundet. Dei søkjer kvar paa si Vis aa reinska ut allt det ufysne og rotne, so det kann verta meire lugumt og fint aa bu for allt det, som eig Livshug og Livskraft. Nei, det skulde ingjen bøta for det, at han kallar ein annen ein Nattmann. Han skulde helder hava ein Orden, for han syner dermed, at han hev so myket Vit i Hausen, at han kann setja Pris paa Folk, daa kvar stor og god Mann hev paa si Vis voret ein Nattmann, um han enn inkje hev gjenget i Gaturne med Balj og Spade.
           
I Garni fekk me litt Fisk og den kaupte eg og ruslad til Sætri. Eg helsad paa henne Brita, som eg kjende fraa Gaarsdagen. Der var komne fleire av Systkjeni hennar, og dei hadde det sama fine og tekkjelege Laget som ho. Det var no inkje so lengje, fyrr eg gløymde baade Utyet og Husromet, som eg hadde havt, og kom i Godlag att. Eg spurde, um eg kunna faa kokt elder steikt Fisken min, og det skulde eg daa. Medan Budeia dreiv med det, so synte ho Brita og Syster hennar meg kring i Selet. Det var, som paa dei fleste Kantar her, kvitskurat baade høgt og laagt. Byttur og Mjølkeringar var so drivkvite, at det inkje fannst den minnste Flekken paa dei. Eg fekk ein Mjølketaar, og slik Mjølk er det no aldri Tale um aa faa i Hovudstaden. Kunna me der faa av beste Sætermjølki, so kunna me gladeleg gjeva dubbel Pris for ho. Me tente endaa paa det. Det var no ellers myket rosande aa segja um Sæterstellet baade paa denne aa mange fleire Sætrar, som eg var paa, men me hev no so mange Skildringar av reinvaska Sel og laattmilde Sætergjentur, at eg inkje skal upphalda meg med det her.
           
So kom Fisken paa Bordet, og ein kunne nokk sjaa, at dei hadde god Raad paa Smør, for han flaut i Feitt. Eg spurde, um inkje dei andre og skulde hava Mat; men det skulde dei no inkje, daa dei nettupp hadde etet. Eg vart litt fingen for det, daa eg hadde tenkt meg til aa traktera; men det var ingi Raad med di. Eg kom til aa tenkja paa ein Gut, eg kjenner, daa han skulde av aa fri. Han hadde teket med seg ein Brennevinsdunk, og daa han hadde skjenkt av den so myket, at han hadde fenget baade Foreldri og Jenta i godt Lag, so bar han upp Maalemni sine og kom med Ærendet sitt. Men han fekk nei. Han vart daa furten og gjekk i Baaten att for aa ro heimatter. Men so tenkte han ved seg sjølv: Hev eg no fyrst gjort ei uheppi Friarferd, so skal eg hemna Harmen min ved aa drikka upp det Brennevinet, som att er. Og han drakk, so lengje han orkad, og Enden paa Visa vart, at han somna, og Straum og Vind dreiv han av tvo Mil utetter Fjorden, so han hadde stort Stræv Dagen etter, daa han vaknad, med aa koma heimatter.
           
Eg tenkte paa Lag som Guten. Eg vilde hemna Harmen med aa setja til Livs so myket, som eg orkad, og det gjorde eg. Andre Slags Rettar fekk eg no sakte og, og Vinflaska vart inkje gløymd no helder.
           
Vedret hadde voret blankt fyr paa Dagen; men ved Middagsleite vart det ein Regnskur so har, som han mest nokon Tid kann verta. Det lettad upp att, og me ruslad daa heile Fylgje til ei onnor Sæter, som laag paa Lag so ein 3 Fjordungs Veg burte. Eg vilde vera galant og bera nokot av Reisetyet; men ho, som bar mest, var so raasjølete 1) , at eg inkje fekk Lov til det. So gjekk det daa med Laatt og Lentur, til me kom fram.         
 
( Meir.)
 
 
1)