Fraa Riksretten.

Fredag i fyrre Vika byrjad Dahl paa andre Tilsvaret sitt og sluttad no um Onsdagen. Bergh hadde enda Tala si med aa segja, at det var med stor og aalvorleg Sorg, han førde denne Saki. Ja i dette var Dahl samd med han. Det var verkeleg syrgjelegt, at det hadde kunna hendt, at Riksens høgaste Rett laut halda Dom yver Landets fyrste Embætsmenn. B. hadde sagt, at det inkje kunde kallast Kjendelse, kva Retten hadde avgjort paa Fyremøtet ivaar. Talaren slapp aa svara paa dette, daa B. hadde gjort det sjølv; for B. hadde sagt, at han (B.) inkje heldt fram nokot annat enn det, som Hansteen og Ottesen hadde sagt paa Fyremøtet. Han vilde takka B. for denne Hjelpi.
           
So hadde B. sagt, at det var berre Snarasnakk 1) naar han (D.) paastod, at det vilde vera umogleg aa faa Riksrett, um Ugilds-Paastandet vart godkjendt. Nei det var kje Snarasnakk; for det vilde vera umogeleg aa faa setja saman eit Lagting, som inkje hadde havt det minste aa gjort med Saki. Det einaste kunde vera, aa venta til ein fekk setja heilt nye Menn inn i Lagtinget, men dette hadde B. sagt var ulovlegt. B. hadde framleis haldet fast paa sitt gamle Paastand, at 9de Juni var so fastbunden til 15de Juni, at det inkje gjekk an aa skilja dei fraa kvarandre. Nei slik var det inkje. Det var kje den, som skulde dømast. 9de Juni var inkje Grunnlovsavgjerd, og den gjorde kje Avgjerdi av 17de Mars til Grunnlov; Marsavgjerdi var Grunnlov av seg sjølv, og 9de Juni berre sagde 2) , at ho var det. Det som her skulde dømast var um Sanksjonsnegtingi paa Marsavgjerdi var landsskadeleg, og so um Regjeringi hadde Rett til aa nekta aa kunngjera den, som Stortinget ved 9de Juni sagde ho skulde, med andre Ord: um Kongjen hev absolut Veto. So hadde B. sagt, at Bonden var villstyrt av Sverdrup, som hadde narra honom til aa vera med paa aa setja nokot unasjonalt inn i Politikken. Dette hadde Talaren høyrt fyrr og det meir enn ein Gong; men det var like galet for det. Sverdrup hadde i heile sitt offentlige Liv inkje arbeidt for annat enn aa faa klaargjera og praktisera dei Tankarne, som Grunnloven av 1814 er bygd paa. Men B. kunde hava Rett forsovidt som sjølve Grunnloven er unasjonal paa den Maaten, at den er bygd paa framande Meiningar. Dette var nokot, me alle viste; men me meinte og, at Grunnloven var like nasjonal for det. Hellest tok det seg rart ut og, at B. vilde vera Domar yver Sverdrup, Landets fyrste Politikker; for B. hadde minst 10 Gonger sjølv sagt her i Retten, at han (B.) inkje skjyna seg paa Politik.
           
Som Døme og Prov paa Sverdrups Villstyring hadde B. nemnt Myrmannsgreida. Men B. sjølv viste vist likso godt som nokon annan, at det var Høgres Hovding, Aschehoug, som i si Grunnlovslære hadde godkjendt henne. Og samaleis, at det var Høgre, som hadde byrja med aa gjera Myrmenn. Og daa Saki vart avgjort i Tinget, so stod det baade Høgre- og Vinstremenn paa baae Sidur. Spursmaalet vart kje teket som politisk, men som ei Grunnlovsfortolking. Vinstre likad kje Myrmennerne og hadde vedtekjet eit Lovforslag um Røysteretten; men Regjeringi hadde som vanleg nekta aa sanksjonera det; ho vilde altso framleis hava Myrmenn. Men daa gjekk det kje an aa gjeva Sverdrup Skyldi. Det var menneskelegt aa taka i Mist, men at eit heilt Folk let seg narra av ein einskild Mann og det i samfulle 20 Aar, det hende aldri. Naar det norske Folket hadde fylgt Sverdrup, so var det avdi han hadde voret Talsmann for dess klaare Tankar og djupe Kjensla for det, som fremmar konstitusjonel og personleg Fridom, og for det, som tener Fedrelandet best.
           
B. hadde slutta Tala si med aa segja, at han (D.) hadde fornærma Retten. Dette var kje sannt. Daa Talaren hadde visa til Andsvarsloven, so hadde han med det same ogso sagt, at det inkje var for Skuld Retten, han gjorde det; men for aa prova, at Læra hans B. var ulovleg. B. hadde skulda Talaren for det, han hadde gjort sjølv. Var det paa denne Maaten, at Høgsterett no for Tidi lærde upp sine Advokatar, so var det all Grunn til aa tala um Forfaldets og Nedgangens Tid. Soga sin Dom vil avgjera, kven hev Skuldi for Forfaldet og Nedgangen. Som Aktor so sluttad Dahl og i dette Høve som Talsmann for det store Fleirtal av det norske Folket, ventar eg paa Tidi sin Høgsterettsdom med den same Godtru, som eg paa Forhaand hev til kvar ein Dom, som vert avsagt av denne Retten i denne Saki. Og den same Tru hev alle, som veit seg sjølve og Saki si i Pakt med det rette og sanne.
           
Etterpaa vart det avgjort av Retten, at Kjendelsen skulde gjerast um Maandagen.
 
 
1) = Fordreielse av Ord.
 
2) Nokon annan Meining ligg det kje i 9de Juni, og daa hadde B. ogso fenget Svaret paa sitt Paastand um, at Stortinget, dersom 9de Juni vert godkjendt, kann umgjera Grunnloven, naar det finn for godt.