Skrefsrud

hev voret her paa Heimekantar lengje no. Med det aller fyste reiser han attende, han fær med seg ein ung teologisk Kandidat, som heiter Pahle no med det same, og fleire skal koma etter sidan.
           
Han hev voret her i Byen no paa det siste og talat paa Festningsplassen. So mykjet Folk veit eg inkje eg hev set nokon Talar hev samla kringum seg fyrr. Halve Delen av den store Festningplassen var fullstappa med Folk, det var vist 8-10,000. Og det er Gut som hev Maal og, inkje so kavende høgt endeleg, men so greidt og klaart, og rolegt segjer han kvart Ordet. Han er inkje av dei, som Talen fløymer fraa som ein Foss, han pryder honom litet med Blomar og Bilæte, han brukar inkje Fakter. Han set inkje iveg med Eld og Glo og riv Folket med soleids. Det er inkje nokot av det Slag Hjartevarme hjaa honom, som dei vert dregne av og likar so hjaa sume andre Talarar. Han tykkjest heller vera kald, og kjem med vegne Ord og rolege Tankar, han fortel og skildrar mest, han brukar Forstand meir enn Fantasi og Diktar-Flog. Det er berre stundom, at ein ser Lippurne bivrar, og det skyt Eld i dei skarpe Augo, men han bræder det inkje upp for seg, han styrer seg og veit kvat han segjer.
           
Han gjeng uvandt klædd, det er inkje nokot som peikar honom ut fraa andre Folk, ein kjem inkje til aa minnast, at han er Prest, naar han stig fram i sine graae Klæde. Prestekjole hev ingjen fenget honom til aa taka paa seg. Han legg i med ein Tone so kvardagsleg og vanleg, at inkje nokon kjem til aa tenkja paa, at det nettupp skal vera eit gudelegt Fyredrag, han skal faa høyra.
           
Han liknar slet inkje dei flinke Talarar, som Kristiania-Aalmugen er uppvandt med. Men likavæl kann Folk standa rolegt den eine Timen etter den andre og høyra paa honom og gløyma av seg sjølv, sine eigne Krav, ja sin eigen Vyrdnad.
           
Kvat er det daa, som gjer honom so merkjeleg?
           
Det er berre det, at han er ein Mann, ein som verkeleg vil nokot. For slike er so sjeldsynte i vaare Dagar, at Folk held dei for eit Under.
           
Kvat Interesse skulde dette likeglade, lettlyndte Kristianiafolket hava av aa vita um nokot Folk der langt inn i Asia, ja so at det skulde vilja ofra baate Tankar og Arbeid for deires Skuld, desse som inkje bryr seg det Slag um sitt eiget Folk og Land og det, som her for seg gjeng?
           
Her ser me kvat ein Mann kann gjera, berre det er rett To i honom. Det er den staute sterke Trui, som gjer honom til nokot, men den gjer honom ogso til ein Ovkar, til eit Sjeni.
           
Trui sigrar yver all Ting.
           
Trui hans hev rudt Veg gjenom villaste Myrker, greidt dei umogelegaste Vanskar.
           
Trui hans hev vunnet heile dette norske Folket, ingjen Mur hev kunna stadet seg for honom, inkje eingong Prestar og Teologar, heile Kyrkjeskipnaden hev han brotet eit Hol i han hev vunnet alt med Storm. Han kom, han saag, han vann.
           
Han, Plassguten fraa Gudbrandsdalen, Forbrjotar, Slave, sjølv redda berre som ein Brand utor Elden - og no Landvinnar og Folkvinnar i framande Heimar, Folkvinnar i sitt eiget Land, Vitenskapsmann, Asiatisk Yverhovding, heidrat millom dei gjævaste, Hat og Ovundsjuke maa røma undan honom, berre han visar seg - og endaa kjenner eg Gudbrandsdølen att i honom.
           
Ein skulde venta, at slik ein Mann maatte vera berre ein Drøymar og Æventyrar. Men nei, det er inkje den Gjerdi paa honom; han er berre som ein Arbeidskar, men han er verkeleg ein Arbeidskar han. Det er det, som er Dygdi hans. Og med det stend han høgt yver alle Eventyrmenn og Drøymarar.
           
Tanken i heile Misionsverket hans er praktisk, han vil hjelpa Folk iveg, so dei kann hjelpa seg sjølve. Han siktar inkje berre paa aa umvenda ein for ein, for at dei sjølve skal verta frelste. Nei han legg Arbeidet mot det Fyremaal, at det skal byggjast upp eit nationalt og kristelegt sjølvstendigt Samfund, som skal veksa sin eigen naturlege Vokster etter sine eigne frie Lovar.
           
Han vil inkje hava nokon Formyndarskap av Evropa, inkje som nokon Planteskule for visse theologiske System hell Samfundssell, som gjeld heime. Alt skal vera fritt, han er berre ein Hjelpar til aa faa det paa Glid.
           
Og etter utrøytelegt Arbeid i 14 Aar hev det alt komet istand, so Grunnen er lagt, som det kann byggja seg sjølv paa.
           
Det er underlegt kor langt me ligg attende: denne Mannen, som kjem fraa langt inn i Asia, han er langt meir framkomen, langt meir frisynt paa ymse Ting enn me, som er heime og hev det godt, han baate lærer oss og kveikjer oss, istadenfor, at me skulde venta, det var han, som hev voret framand og aaleine, som maatte hit for aa suga Kraft og Mot av oss. For so skulde det vera um Rett var, at det var berre den Kraft og den Kveik, som fløymde yver det Maalet, som var sett for vaar eigen Bruk, den aaleine kunde me hava Raa til aa senda fraa oss. Men no i heile Landet finnst det snaudt slik ein heil Arbeidskar som Skrefsrud, som me hev sendt ifraa oss.
           
Daa fyst kunde me taka Ros aat oss sjølve for Framgangen, som denne Misionen hev gjort, naar me sjølve hadde sendt honom ut. Men no kann me verkeleg inkje det. Me maa heiltupp skjemmast, naar me høyrer, at Santalarne kvar Dag takkar sin Gud fordet, som me hev gjort mot dei, og lovar at dei skal læra Borni sine det same, so me aldri skal gløymast. Me hadde inkje nokot gjort, hadde inkje Skrefsrud brøytt seg fram sjølv, men no tek me gjerne imot den fraastøytte og vil gjerne dela Æra med honom.
           
Aa kor det er friskt og godt aa sjaa ein heil Kar i desse Tider, her det gjeng so mangt eit Liv veikt og sjukt og øyder seg upp til inkjes.
           
Naar eg ser dette kloke sterke gudbrandsdalske Andlitsdraget paa Skrefsrud og høyrer dei støde Ordi hans og merkjer den Kraft og Manndomen, som er i honom, daa fær eg ei Kjenning av kvat det kann verta av dette Folket vaart, daa skynar eg, at her sanneleg finnst Mannsemne i Landet.                                   
 
ar.