Sut og Sorg.

Det er Kyrkjeklokke-Klang i Norrigs Dal. Det er Selmer-Styret, som ringjest alt til Jordi. I kvar Bygd er det altid den, som kann faa Klokkurne til aa gaa og Ljomen svarast fraa det eine Soknet til det andre. Allstad, der tvo hell tri Høgremenn er saman, der er det Sut og Sorg for deires største Mann, for han Selmer, og Adressur dett fraa dei nett liksom Taarur. Det er det gode ved desse Selmertaarurne, at dei klakar med det sama, dei vert til Isklumpar, og naar dei vert stelte fint med, kann dei sendast med Posten og synast fram kor det skal vera, dei kann samlast saman og hengjast paa ei Snor liksom Perlur.
Med den Snori um Halsen kann so Selmer møta fram i Riksretten; der maa det væl verta so heit, at dei smeltar, daa vil det verta ei Syn. Eg trur no, at Syni vert den, at det visar seg, at dei er umskapa til skire Kampesteinar alle, dei vil inkje kløkka nokon.
           
Taarur er nokot, som kvar Mann ynskjer yver si Grav, men naar dei kjem drysjande yver ein, alt medan han er i Live og tykkjest vera frisk, daa plagar dei vera lite kjærkomne. Daa fær han som eit Hot um, at han hev fenget sitt her i Livet og inkje kann venta nokot sidan. Det er underlegt aa høyra sin eigen Likferd-Song. Det maa vera for Selmer, som um han saag ned i si eigi Grav, naar han ser nedi Papirkorgi si, som er full av Adressur og Namn fraa Legdkallar, Føderaadsfolk og Daude.
                       
* * *
 
Byretten, som var so vand paa det, at han dømde Garborg for en Usædelighedens Forsvarer, han hev frikjennt Thommessen for Klaga fraa Justitsdepartementet. Den Holmboeske Rettferd hev inkje vortet samtykt av Byretten, tru daa nokon liter paa, at den Selmerske skal kunna standa seg for Riksretten? Aa nei hadde dei gjort det, so hadde ingjen brytt seg med aa senda Adressur og pressa ut Taarur i Fyrevegen.
                       
* * *
 
Daa Balder var burtfaren, kunde dei faa honom att, um det røyntest, at han var so aastsæl, som sagt er, soframt dei kunde graata honom or Hel, kvike og daude. Og alle gjorde det, Menn og Kvikende, Jordi og Steinarne og Tre og all Malm. Det var berre ei, som sat i ein Kjellar og kvad:
 
            Thøkk mun graata
            turrum Taarum
            Balders Baalfarar.
            Korkje kvik hell daud
            naut eg godt av Karen;
            halde Hel det ho heve.
 
Det er sama Gjerdi, dei vil freista no for aa frelsa Selmer, dei vil faa kvike og daude til aa graata honom fri. Men han røynest nokk inkje fullt so aast sæl som Balder. Det er nokk fleire no av same Slaget som Thøkk, og av dei, som vil halda med honom er det nokk og mange, som feller berre turre Taarur, det dei uppe i Bygderne kallar for aa graata gamle Ullfillur.