Torni Slyngstad.

[Del 6 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
                       
VI.
           
Slyngstadsætri laag paa høgre og Vatnesætri paa vinstre Elvarsida. Elles aatte Slyngstad Sætr ihop med Brusdal, ein Gard, som laag nærre upp til Stødlen. Brusdalsgjenturna gjekk difor heim dagstøtt jamnaste. Berre i Gudmunds-Selet sætrad ei gomol Møykjella, som heitte Kanutta, og som var so laak og saarføtt, at ho laag yver (paa Sætri). Ho var soleids det einaste Selskap aat Torni um Dagarne, daa Gjætargutarne var i Skogen elder langt nord i Dalen med Buskapen.
           
I Byrjingi var gamle Kanutta so blidsam og godsnakkande, at Torni tykte Mun vera i Svallet og Songen hennar. Men best som var, snudde Bladet seg. Møykjella vart so sur som ein Agurk. Ho var komi paa den Tanke, at Torni var trulovad. Og det var reint skrøpelegt! Møykjella smaabeit og rengde Augo og svarad paa Tverke til alt det Torni spurde etter. Det var flirande i lengste Laget, men vart paa Sluten grovt og utekkjelegt. Det steig til Hæding og Slengjeord um Husmannskjærast og meir av same Slag. Slike Karar var det vandelaust aa faa! Dei var jamnaste ute fyrr Tidi og friad baade jamt og samt. Ikkje heldt dei seg berre til ei helder dei Kropparne; det skulde vel Torni ogso faa røyna vonom snøggare.
           
Alle Brusdalsgjenturne var ikkje alle like helder. Sume av dei drogst med ein Snev av same Sott som Kanutta. Torni gaadde det vel, men sagde ikkje eit bidugt Ord. Ho var lika blid og kjærleg kvar Dag. Men det er likavel so si Sak aa staa midt upp i slik Styggedom. Ein kann ikkje faa koma i Kast med elder faa drepa det, um ein var aldri so sinnad. Torni streid imot, men Kviskring og Kaldflir av ovundsjuke Kvendfolk stod i Vegen, kor ho snudde seg. Ho kulsad og lengtad etter Smil og Hjartevarme. Eit kjærlegt Kvendeandlit synte seg i Fraastand, kom nærre, men stadnad liksom av Bljugskap. Ein Mann med trufaste blaa Augo, klaar Panna yver dei skarpe Tunnvangarne var ikkje langt undan, men vann altid sist fram; dess tryggare vart ein, daa han kom.
           
Torni lengtad etter Foreldri sine.
 
           
So var det Dagen etter, at dei tvo heime paa Slyngstad hadde havt den aalvorsame Samrøda. Um Natti hadde det klaarat upp likavel. Alt i Graalysingi var dei spræke Ungstutarne komne paa Flog att og fram yver alle Haugar, skræmde upp Sauder og Lomb, vekte Hundarne. I Livd av store Steinar vart gamle Bjøllekyr upprivne og uroad av sin djupe Blund. Snart var heile Buskapen komen paa Føterne og helsad den fagre Dag med eit høgmælt og velmeint Glederop. Fjellgarden, som stod kring Sætri med myrkeblaa Tindar og Taarn, gav Svar. Nordetter laag Dalen med skiftande Lauvskog; Smaabjørk i Ruster millom Blaabærlyng fraa Legret og upp etter Lidi; sidan i større Bolkar med Raun og Hegg, Selje og Alm i samanmengde Bundlar upp i Giljom. Millom Smaahaugar og Lyngrabbar kom Elvi heim og ned etter. Lomen, som spaadde Godvedr, strauk til Dals høgt yver Sætri, so høgt, at han svam i Solskin, medan Lufti nedunder endaa var døkk og kald i Morgonstundi.
           
Det var Sundag. Brusdalsgjenturna vilde heim og til Kyrkja i Grannegjeldet og til Sætri um Kvelden atter. Det var aa gaa sju Mil paa ein Dag, det; men det klara dei fint desse Folk. Gamle Kanutta, som ingjen Stad skulde, var likavel fyrst uppe. Ho laut ut paa Legret og bruka Munnen. En segja meg, ikkje heim og til Gudshus i Dag helder! Ho maa venta Torgeir i Dag daa. Det er vel upp i Skogen einkor Stad dei skal halda Helg. Til detta log Møykjella ein stor Kaldlaatt i Voni um, at Brusdalsgjenturna skulde gjera det same. Men dei saag berre upp i Rindarne og smilte; for no paa det siste var det komet eit Umslag, som Gamletrollet tykte var aa arga seg i Hel yver.
           
Torni kom sist ut. Ho hadde legjet til yver Midnatt og ikkje faatt sova. Buskapen vilde røma fraa Legret; ho laut skunda seg talad ikkje til nokon. Brusdalsgjenturna kviskrad aat kvarandre: Ho dreg seg no! Dei tykte, ho vart nokot byrg i Gangelaget i desse Dagar. Elles var ho lika blid i sine Ord, ja, endaa mjukare og liksom so undarlegt varm i Mælet. Dei visste, at ho las baade seint og tidla i Bøker, som ho fekk til Laans og til Kjøps gjenom Lærar Knut Bjørhaug alle nye norske Forteljingar og Stevleikar. Slikt var daa alt ikkje so uhøyrt endaa paa ei Sætr der paa Grensom. Berre paa sekstan, ja paa tie Aar hadde so myket forandrat seg, Dansen, Songen, Klædi og Skikken, at ein ikkje vilde kjenna det atter. I og yver det heile var komet og kjem dagstødt meir og meir av nokot uheimlegt med ein Kjeim av Byar og Jarnvegar.
           
Dette stod Torni Slyngstad upp i, ho og Torgeir Vatne, han med sine sermerkte Krav, sin Elsk til det Fagre, men Styggje til det fyr han smaklause i detta sundrivne Folkeliv, ho derimot med sin naturlege Givnad til aa misslika det gamle Vaneslarvet.
           
Ho las og var fullvaksi no, høg og finbygd med stort brunsvart Haar og so dei makalaust fagre myrkeblaa, men alt rannsakande Augo. Det var myket til aa halda Styr paa, for henne sjølv, myket til aa trøyta seg etter for andre.
           
I Livd av den myrke
og skuggande Nut
der stend vye Elvi
eit Lauvtre, min Gut!
Kom her, eig du Hjarta,
Hug hev du so visst,
aa skjera deg Emne
til Fløyte av Kvist!
 
Kvi vaagar du ikkje
aa bruka din Kniv?
Aa, Stakkar! av Hug
du i Haaret deg riv!
Sjaa Livet, som svell
or kvart angande Blad!
Kvar einaste Kvisten
eig Tone til Kvad.
 
Nei, Treet stend høgt,
paa eit Flogberg det er;
og Glansen fraa Bladom
i Augo meg skjer.
Eg tøygjer mot Emnet
meg ut; men eg skjelv,
for under meg susar
den brusande Elv.
 
Imedan stend Treet
og bidar um Vaar.
Det kjenner, at Blomar
det fær i sitt Haar;
det kjenner, at Jonsok
med Sumaren kjem
og tykjer, at liksom
i Saftur det svem.
                                     
( Meir.)