["Den bedre Del"...]

Den bedre Del, den upplyste Del, som Morgenbladet snakkar so mykje um, kor stor er den paa Lag? Det kann ein tenkja seg til, naar ein høyrer, at alt i alt 15000 Mann skal ha voret med og bøygt Kne for Selmer.
           
15000 Mann, alt i alt, med Embættsmenn, Tenestgutar, Taterar og Daudingar; og dei hev teket væl med seg, fraa 20 Aar elder ikkje fullt det og uppyver til paa hi Sida Gravi.
           
Men i Landet er der, skriv V. G., ikring 500,000 Mannfolk yver 20 Aar, som liver.
           
So kann du sjølv rekna ut.
           
- Nei, den upplyste Del vert fælt so liten. Og so maa ein væl dessutan rekna ifraa alle dei, som hev skrivet under m. p. P.; for d e i kann daa ikkje høyra til dei upplyste? Og so fær ein kanskje rekna ifraa dei, som hev skrivet paa og ikkje visst, kva dei gjorde, og endeleg dei, som hev skrivet paa ikkje just heiltupp av sin eigen gode Vilje. Det skal vera ikkje so faae av slike helder, er det sagt.
           
- Det skal ingen misunna Selmer, naar han kjem dragande upp i Riksretten med heile denne upplyste Delen sin etter seg! Dersom dette ikkje var so aalvorlege Ting som det i Grunen er, so kunde ein faa Hug til aa minnast det lystige Eventyret um Tyri-Hans.