["Folket i Vaaben"...]

Folket i Vaabener nokot, som Høgremennerne er livande rædde for. Jamvel Christian Friele, som hev Ord for aa vera ein heil Dyre Vaa, flyg baade gjenom Eld og Vatn, so snart han ser eit Skyttarlag øver seg. Og Selmer, som no hev fenget yver Hundre Takkebrev for sitt uforfærdede Mod til aa verja Grunnloven, skjelv i Kneom av berre Rædsla. Det skulde vera av berre Ræddhug, at han fekk telja Kongjen til aa nekta Sanksjon paa Bevilgningen til Folkevæpningsamlagi. Denne Rædsla for Folk med Vaapen tykkjest i ei Snøggvenda vera merkjeleg, men tenkjer ein litevetta paa det, so er ho kje so merkjeleg endaa. Det er kje ventande, at so nervekleine Folk, som Høgremennerne no er, kann tola Byrsesmell og Krutrøyk. Dei sprett høgt upp fraa Sessen, berre ein kjem og rykkjer i Klinka. Det vert jamvel fortalt, at Friele uvita her ein Dagen, daa han møtte ein Telebonde med ei Rifle i Haandi. Og daa er det kje det mindste underlegt, um han vert ør av aa sjaa eit Skyttarlag øver seg.
           
Men det er ein annan Ting, som er merkjeleg. Ein Statsminister og han, som no yver tjuge Aar hev voret Styraren av Regjeringsbladet, hev heilt gløymt burt, at Staten hev lagt ut mange Millionar Kronur for aa faa Folket i Vaaben: Det er kje eit Aar sidan, at Regjeringi lagde fram for Stortinget eit Reknskap paa fleire Millionar Kronur, som skulde brukast til
Folket i Vaaben. Og daa Tinget ikkje vilde lata til so mange Pengar, so skreik alle Høgrebladi ende yver seg, at slikt gjekk aldri i Verdi an. Russen kunde koma og taka oss, fyrr me viste av det. Og daa hadde sjølvsagt Tinget Skuldi. Ja dette er merkjeleg, det er vist; men endaa merkjelegare er det, at det skal vera so reint burt i Veggjerne galet, at ein Gut, som hev Pengar sjølv, kauper seg ei Rifle, so Staten slepp aa gjera det. Og framleids: at det skal vera so ravruskande galet, at den same Guten øver seg til aa bruka Rifla si heime paa sin eigen Gard, so Staten slepp aa halda honom paa ein Eksismo i fleire Vikur.
           
Naar han færRifle, Krut og Kulur, Mat og Klædi av Staten 1) , so er det, som det skal vera, men kauper han seg Rifle, Krut og Kulur sjølv og held seg sjølv med Mat og Klædi, so er det, ja so er det galet.
           
Med Konge-Rifla paa Oksli er han ein Ordenens Mand, men med si eigi Rifle i Haandi er han Anarkist.
           
Ja dette er merkjelegt; men det er Morgenbladet, som hev sagt det, og det veit me kjem med mange rare Ting, endaa Vestnespresten, Lille Theodor, ikkje hev synt seg fram i det paa lange Tider. Men Morgenbladet hev Meiningmed sine merkjelege Ting, jamvel naar det foretager Tankeeksperimenter som t. D. det med Statskupet ifjor. Og det hev nokk ei Meining med dette og. Det veit, at det er ein stor Skilnad paa Karen med Konge-Rifla og han med si eigi paa Oksli.
           
Fyrst er det Maaten, dei hev fenget Rifla si paa. Den eine er tvinga til aa bera og bruka henne, den andre gjer det friviljugt. Den eine kostar Staten mange Pengar, den andre tek Pengarne or sin eigen Pung. Men no er det desse tvo Ting, Høgrefolket hev stridt for og framleids strir for: at ingjen Mann fær raada sjølve seg og sitt, som han sjølv vil, og at alt vert so dyrt for Staten som mogleg. Og daa er det kje underleg, um dei fordømer han, som held seg Rifle og Skyttargreidur sjølv. Dette var um Maaten. So er det, kven er best av desse Kararne. Ja um det hev Høgrebladi havt ei langt Stykkje, som er skrivet i Tyskland um Skyttervæsenet i Danmark. Men det høver so framifraa godt for oss Nordmenn, segjer dei; det har den største Interesse for os. I dette Stykkje stend desse Ordi: Rekrutten(dvs. han med Kongebyrsa), har den store Fordel for den saakaldte øvede Skytter(dvs. han med si eigi Rifle), at han ved, at han intet ved, medens hin har Indbildninger.
           
Her hev me det. Rekrutten veit kje nokonting, den andre hev Indbildninger. Kva for Slags Innbillingar daa tru? Jau desse: at han hev eit Fedraland og ein Fridom aa døy for, ein Grunnlov aa verja, ein Heimstad og Far og Mor aa halda Vakt um. Dette er Tankarne av den friviljuge Skyttaren. Difor kauper han seg Rifle og Skyttargreidur, og difor øver han seg. Han vil vera so godt buen som mogleg paa alle Vis, um det skulde henda, at han maatte ut og slaast for sin Heimstad.
           
Men Rekrutten veit ingjenting av dette; for han ved, at han intet ved. Han veit kje um nokot Fedraland, nokon Fridom elder Grunnlov. Han hev berre høyrt, at han hev ein Konge yver seg, ein General, ein Oberst, ein Øvsteløytnant, ein Kaptein, ein Andreløytnant, ein Fyrsteløytnant, ein Kommandersersjant, ein Furer, ein Sersjant, ein Korporal og ein Visekorporal. Desse veit han um, og so at han ufortøvet og uden Indvending maa udføre, kva desse befaler; det hev han maatt lært utanaat som Fader-Vor. Men hava nokon Tankje um det andre t. D. Fedraland, aa nei var det likt seg. Han vert jamvel innprenta, at han hev kje nokon Far elder Mor lenger, naar han hev fenget Kongeklædi paa; han er daa Kongjens Tenar og ikkje det Slag annat. Og det er so rimelegt og, at han lyt vita, at han ikkje hev Far elder Slegtningar; for visste han det, so vilde det vera umogleg aa faa honom til aa storma Stortinget og slagte Tingmennerne som annat Fæ 2) , daa det er mang ein Rekrut, som hev Far sin elder ein annan Slegtning i Tingsalen. Og her hev me ein av fyrste Grunnarne til, at Høgrefolket er so harme paa Folkevæpningi. Som me veit, er det ei god Gjerning av Regjeringi aa gjera Statskup, um Trykket blir for sterkt. Men utan Herfolk kann kje Regjeringi gjera Statskup. Det nyttar kje aa leggja i Veg med utturka Departements-Krokar og gamle avdanka Embetsmenn og ein Flokk firkanta Torgkjeringar, naar ein skal storma Stortinget. Dei orkad kje koma upp Troppi eingong. Nei Herfolket maatte til. Men naar so det baud av og vilde kje lyda korkje Kongen, Generalen, Obersten elder Øvsteløytnanten o. s. v., ja daa gjekk heile Statskupet yver Styr, og det vilde vera ille. Og Høgrefolket veit kavgodt, at alle, som hev Folkevæpning-Merket, vil bjoda av for aa tena ein Statskuppmann, han kann hava so gullbora Klædi og bera so mange Stjernur han vil. Og difor er Folkevæpningsamlagi slike Uting og.
           
Men det er ein Ting til, som gjer desse Lagi so avskræmlege for Høgrefolket. Vert Folkevæpningstankjen verkeleggjort, so vil Folkevæpningsamlagi koma til aa løysa av den standande Heri. Dette veit Høgremennerne likso godt som me andre. Og daa veit dei ogso, at Kongemagti er paa god Veg til aa missa sitt fyrste Prærogativ, som Morgenbladet for ei Tid sidan kallad Herfolket.
                                   
Hermod Hejmdal.
 
 
1) d. e. Kongen etter Høgrefolkets Talemaate.
 
2) Erling Moen, som er andre Varamann for Romsdals Amt, fortel i Dagbladet, at ein Kaptein paa Eksismoen i Sumar sagde, at Stortingsmennerne var Fæ, som selvfølgelig burde behandles som saadant.