[Naar Folkesuveræniteten gjeng laus...]

Naar Folkesuveræniteten gjeng laus, so er han faarleg, meinte Ludvig Ludvigsen Daae paa Kodalsmøtet; og difor vart Folkesuveræniteten bunden i 1814, - sagde den historiske Professoren so no gjer han ikkje Ugagn meir.
           
Ja, vart Folkesuveræniteten bunden i 1814, so vart han kleint bunden. For no veit me alle sjølve Fædrelandet veit det -, at Loven er det høgste i Landet. Loven er yver alle, ja yver bade Konge og Prest; Loven maa alle lyda; Loven er Herren for alle Herrar i Landet.
           
Men kven er det, som gjev Loven?
           
Det segjer Grunnloven i den 3die Paragrafen.
           
Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, segjer Grunnloven.
           
Og § 79 segjer, at um Kongen ikkje vil stadfesta ein Lov, so kann Folket gjeva ut Loven like godt med full Lovskraft.
           
Kven er det so, som hev Suveræniteten?
           
Loven er den øvste Herren i Landet. Folket gjev Loven. Kor er so Suveræniteten?
           
- Og so dertil den Ting: at etter Grunnloven maa Regjeringi staa Folkettil Andsvar for alt det ho gjer og ikkje gjer. Prøver ho aa vrida seg fraa dette Andsvar, so som Selmers Regjering hev gjort, - so fær ho Riksrett.
 
           
Bunden vart Folkesuveræniteten i 1814, sa Ludvig Ludvigsen Daae.
Ja, - lovbunden!