[Paa eit Lærarmøte i Haranger...]

Paa eit Lærarmøte i Haranger hadde dei for seg, um ikkje Lære- og Lesbøkar paa Landsmaal burde takast i Bruk i Barneskulen. Høgskulestyrar Joh.s Helleland byrjad Ordskiftet. Han meinte, det var naudturvelegt, at Bondeborn vart upplærde paa sitt eiget Maal. Stortinget og Skulestyret hadde ogso voret av same Meining, daa dei avgjorde, at Lærararne paa Landsbygdom skulde læra ifraa seg paa Barnet sitt eiget Talemaal. Men no var dette vandt, daa alle Lære og Lesebøkar var paa dansk. Der maatte difor arbeidast for aa faa norske Bøker aat Skulen. Dei fleste var samde med honom i dette og talad godt for Abcboki hans Austlid. Ein upplyste, at Ulviks Skulenemning 1) hadde kaupt 50 Stykkje av denne Boki til Bruk for Smaaborni. Fleire Lærarar hadde røynt, at Borni likad utifraa godt Boki hans Austlid; dei fekk baade Lære-og Lesehug av henne. Nokle meinte, at Skuleautoritetarne vilde setja seg imot; men dei fleste trudde, at roleg og klok Fyretale vilde hjelpa. Og monad kje det, so fekk Lærararne freista aa verja si Gjerning, si Yvervitning og sin Rett so godt dei kunde. Samstelte og duglege og sjølvstenduge Lærarar med Bygdefolket til Ryggstød var ei Magt, som det ikkje var godt aa faa blaasa burt anten for Prest elder Bisp.
 
 
1) Det same burde alle frilyndte Skulenemningar gjera. Me tykkjest, det er rart, at det ikkje alt er gjort i dei Bygder, som Maalsaki er lengst framkomet.