Ferdabrev.

[Del 4 av 4. Første delen]
 
(Slutten.)
           
Etter Kaffeen spurde eg Kammeratarne mine, um dei vilde vera med meg uppaa ein Bergknause der i Nermunom, og det vilde dei. Uppe paa Fjellet var det mest alltslag Vedr. Stundom skjein Soli, og stundom var det Regn og kalde Vindgufsar. Eg stod og saag ned mot Dalarne og Dokkerne ikring meg. Sume Stadar var Solskjin og sume Stadar Regn og Toka. Regnsulurne drog seg lenger og lenger undan, og etter kvart kom Solskjinet i Staden. Det var liksom Naturi speglad av mitt eiget Liv. Lenger burte saag eg høgare Fjelltoppar, og eg hadde Hug til aa ganga dit og; men daa Vedret var so utryggt, so vilde eg inkje umaka Kammeratarne mine. Daa me ruslad nedatter, byrjad Jenturne aa smaatretta seg imillom um Diktningi hans Alexander Kielland, og ho Brita likad svært godt Else. Eg gjekk og lydde paa og tenkte ved sjølve meg, at det vilde vera godt, um mange baate Gutar og Jentur hadde fenget Augurne upp for det, som Kielland der dreg fram. Daa me kom nedatter, var Rjomegrauten ferdug, og daa eg aldri hev havt nokot imot den Retten, so tømde eg heile Talerkenen. Det byrja aa kveldast, og eg laut taka til aa tenkja paa Husrom for Natti. Eg kunna godt fenget voret, der eg var, men so kom eg til aa tenkja paa, korleides det stod til med Ullskjorta mi; difor bad eg Farvel med dei hyggjelege Kammeratarne mine og ruslad vestyver Fjellet.
           
Daa det leid ut i Myrkningi, kom eg til ein Sæterkrinsil. Eg gjekk inn i fyrste Huset, eg kom til, for aa beda um Husrom for Natti. Huset, eg var komen inn i, var ei Timmerkoje. Paa Brikerne rundt Veggjerne laag fullt av Slaattekarar og saug paa Pipa, og paa Gruva mitt paa Tufti brann ein Eld, som sende den eine Røykkrullen etter den andre upp gjenom Ljoren. I eit slikt Hus kann det vera nokkso lugumt aa vera um Sumaren; men hutte meg tu, naar Snjoen ligg tjukk paa Marki, og det er so kaldt, at Flisi sprett i Veggjerne. Eg spurde ein av Kararne, korleides dei kunna halda det ut um Vinteren i slikt eit Rom. Aa, sagde han, me brenner oss paa den eine Sida og skjelv paa den andre. Ein av Kararne fylgde meg upp i Selet. Mannen sjølv var paa Sætri, og han bad ei Jente stella i Stand Seng til meg. Eg fortalde, kos det stod til, og sagde, at eg ingi Seng vilde hava. Eg vilde berre liggja paa Benken. Til all Lukka hadde han der ei lidug Hengekøy, og den fekk eg. Han lagde paa Peisen, so det logad lystugt, og daa eg inkje kjende meg trøytt, so spurde eg etter, um han hadde Avisur der. Nei, det hadde han inkje; men heime hadde han Dagbl., Opl. Av. og Fedrah. Eg laag og rødde med Mannen, og det var hugnalegt aa høyra, kor god Greida han hadde paa det, som Folk no tenkjer mest paa. Eg laag og voggad meg og tenkte ved sjølve meg:
 
Hvad Bondens Bund kan bære,
skjønt aldrig der blev saadd,
det er vor Folkeære
og har vor Fremtid spaadd.
 
           
Daa eg vaknad Dagen etter, stod baade han og Folket hans i fullt Arbeid paa Slaatteteigen. Eg spurde, um eg fekk Lov til aa ganga inn heime hjaahan og lesa Avisur, og det hadde han ingen Ting imot. Daa eg kom til Garden hans, tok Mor hans mot meg, som eg skulde voret ein Kjenning. Eg fekk baade Kaffe og annat godt. Det var no hellest inkje den einaste Staden, Folk synte seg aa vera gjestfrie. Det var mange Stadar, eg vart motteken paa sama Maaten. Eg saag meg ikring paa Garden, og dersom alle hadde so vældyrkte Gardar aa syna fram som han Haakon, so kunna dei slaa i Fjellet; men fyrr skulde dei helder inkje bry seg med det.
           
Daa eg var komen paa Jarnvegsstasjonen og hadde fenget skjiftat Klæde, kjende eg meg som ei ny Menneskja. Eg kveikte Snadda og tok til aa lesa i Aftenposten, som laag paa Bordet. Litt etter kom der inn ein Mann, og daa han saag meg med eit Høgreblad i Handi, spurde han, um eg hadde nokon Tru paa, at det vart Statskup. Nei eg hadde no inkje det helder. Ja, sa han, skulde det lika vel treffa, at det vart, so tek me Skreppa paa Ryggen og Rifla paa Oksli og kjem til Hovudstaden alle Vinstremenn, som kann krjupa og ganga. Morgenbladet og Monrad skal no inkje faa stella alt, som dei vil. Slike Fridomsmenn er det Tak i, og av desse er det mange i Østerdalen. Eg trur, at Østerdølen stend høgre baade i Frisinn og Reinleik enn Folk paa andre Kantar av Norig. Serleg likad eg meg godt i Elverum, Aamot og Elvedalarne. Naar ein kjem lenger upp, so er det meir Blanding.
           
Der reiser mange Kristianiamenn um Sumrarne her uppe, og mange av dei driv hardt med aa preika Vetopolitikk for Bøndarne. Soleides var det ein no i Sumar, som trettad med ein Bonde um det Emnet. Dei var usams, og Bymannen baula daa frami: Det maa vel jeg skjønne, som er . . . . .. Det hjelp no inkje, um du var det 10 Gong, det stend inkje i Grunnloven, at Kongen hev dette Vetoet, og daa hev han det inkje hell, meinte Bonden. Den sama fleinskallute Bymannen skulde ellest inkje bry seg stort med aa preika Vetopolitikk og Moral paa Landet. Han er vel kjend for Ulivnaden sin inne i Hovudstaden, og ei Sæterjente fortalde meg, korkje ho elder nokor onnor Sæterjente deruppe vaagad seg inn til honom med Kaffeen, naar han var i Fjellet. Slikt eit Kretur var han. Eg tykkjer, at det skulde vera nokk for slike Karar aa hava Kjering og Frillur i Hovudstaden. Dei skulde agta seg for aa føra Nautemoralen sin ut blandt Folk, som inkje hev komet upp i Nautekulturen endaa.             
 
- r -