Fraa Fyrisdal. (Brev.)

Kjære Fedraheim. Eg kann segje som Olav, at eg hev so titt tenkt paa aa skriva eit Brev til deg, men det hev ikkje blive noko av det fyr. Idag vil eg daa gjera Aalvor av det. Naar ein hev ein god Ven, so er det mykje, at ein skriv Brev til han. Eg tykkjer Gutane er kleine her i Fyrisdal, som ikkje kann skriva eit Grand til Fedraheimen, som dei likar so godt. Ja, mi likar han ikkje kleinare mi, Gjentune. Olav sae, han ha stae aa set paa, at Gjentune laag aa las i Fedraheimen til langt paa Naatti. Ja, fekk mi ikkje Stondir um Dagarne, so las me nokk um Netanne. Eg sille ikkje bli syvjug, naar eg las i Fedraheimen! Han er so hjarteleg gjill aa morosam, tikje eg. Amtskulen skal vera her i Vetr. No skal han fyst vera 6 Maanar for Gutar, aa so skal han vera 2 Maanar for Gjentur etterpaa. Hadde det berre vore Folkehøgskuli! Det ynskjer mi alle. Daa hadde der blive fullt nokk tenkjer eg. Her er mange Gutar, som hev vore paa Folkehøgskulen, aa ikkje so faa Gjentur hell, men det bli vel fleire alfort. Ifjor Vetr var her ein Gjenteskuli, aa den blei godt nytta.
           
De bejøndar naa te aa hauste, den fianste Somaartidi er forbi, aa dermed au Somaararbeidi. Naa er mi for ein Tur sia færige med Slaatten og Skuren, aa Joreple hava me au fengje upp naa.Paa Heii aa sleji hava mi vori i Somaar som almindeleg. Some kann vera lenji ou 1 4-5 Vikur. Daa kann det mange Tidir bli langsamt, aa mi længtar heim i Bygdi att. Men um Sundagane, naar Ungdomen samlas:
 
Til Dans og Sprang paa Sætervang,
daa fell inkje Stundi lang.
 
So hava mi mæ oss Sangbøkar, aa so er mi upp paa Nutane aa syng so det svarar fraa den eine til den andre.
           
1/ 10 83.                         Sigrid.