Fraa Riksretten.

Saki hans Kierulf var for seg havt sin Fredag og vart utsett til den fyrste Desember.
           
Til Hjelparsmenn aat Bergh hev Selmer tekjet ut og Justitsdepartementet utnemnt Advokatarne Heffermehl og Heyerdahl. Morgenbladet fortel, at Bergh skal forsvara Sanksjonsnektingi paa Statsraadssaki, Heffermehl Nektingi av aa utbetala Pengarne til Folkevæpningsamlagi og Heyerdahl Sundbytingi av Stortingsavgjerdi um tvo folkevalde Menn i Jarnvegsstyret.
           
Ski hans Vogt var for seg havt um Maandagen og vart utsett til den fyrste Desember. I det same Møte vart det framlagd eit Skriv fraa Heffermehl med Krav paa, at ei Vitnenemnd skulde veljast. Som Vitne vilde han hava innkalla Rektor Steen, Amtmann Blackstad og Kjetil Motzfeldt.
           
Retten valde daa Asessor Lambrechts, Sakførar Mustad og Lensmann Havig til Vitnenemnd. Vitneførsla gjeng for seg um Laurdagjen den 20de Oktober. Den 19de byrjar sjølve Saki med Selmer. Morgenbladet fortel, at Bergh inkje vil hava henne utsett fleire Gonger.