Nokot um Maalarbeidet vaart.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Slutten.)
           
Skal me samla oss um ein Ting, so maa det daa vera nokot, som baate kann samla det meste Arbeid og det meste Folk.
           
Lat oss sjaa.
           
Folkeupplysingier nemnt som det, me serleg skulde velja. Det er ei stor Sak, som væl fortener aa verta lagt Arbeid paa; for eit upplyst Folk det er den beste og sikraste Studnaden for Verket vaart.
           
Men aa taka ut den som No. 1 trur eg inkje høver. Det er ei Sak so vid og breid, at det er vanskelegt aa finna nokon sams Midstad til aa ganga ut ifraa, allvist i slike urolege Tider. Og Arbeidet gjeng so smaatt, at ein maa verta gamal, skal ein sjaa, at det veks. Dei Pengar ein set inn paa det, vil ein seint sjaa Rentur av, dei fleste vil halda det som eit Offer for Ideen, og daa er det berre faae, som kann vera med, ein kann umogeleg faa store Flokkarne til aa fylgja med Samhug, og endaa færre kann faa sleppa til og vera med i sjølve Arbeidet, dei vert daa snart likesæle og gjeng trøyte. Einskap vert det inkje. Det maa vera noko fastare, nokot som kvar kann taka og kjenna paa.
           
Aa faa det smøygt inn i alle Institutionar?I Kyrkja, i Skule, i Formannsskap og Storting?
           
Men det er vanskelegt aa arbeida med dei Ting aaleine, det er for faae med og for faae Midlar. Det einaste var um ein kunde taka Skulen aaleine, byrja med Smaaskulen og so halda paa, alt til ein fekk det inn paa Universitetet, daa hadde ein eit langt Leite for seg, og her umkring kunde daa det andre lægra seg.
           
Men forutan andre Ting er det her noko, som meinkar, Politikken, som stengjer Vegjerne, Høgre, som slær ein Bomm i, so mykje Arbeid kann falla magtlaust til Jordi.
           
Det kann inkje verta nokon Mun paa det, fyrr Politikken fær losna utruleg mykje; for heile Skuleverket, og Lærararne med, det er bundet fast i baate dei politiske og sociale Forhold.
           
Det er ein einskild Ting, som det kunde vera Tanke um, det norske Samlaget, det som alt i 15 Aar hev boret Bokavlen vaar fram, og som verkeleg hev havt fremste Rang i Arbeidet vaart.
           
Men um det hev eg aa segja, at det alt er aa kalla framfødd, det stend paa eigne Bein, det kann daa selja Bøkerne sine til den billege Pris 8 Øyrur Arket. Og det kann inkje bera ei for braa Utvikling, for det hev for faae fullgode Menn til aa driva med. Men hell inkje alle dei smaae Krefter kann det nytta.
           
Det kann inkje gjeva det fulle Samarbeid, som einast tryggjer ei god og sann Utvikling. Det er berre nokre faae, som kann faa nokot avgjerande Innverknad paa det, dei som skriv Bøker, og so Styringi, og den vesle Delen av Laget, som vel Styret i Kristiania. Den store Flokken held seg til det som til ein Bokhandlar, dei berre liksom kauper Bøker av det, fær dei inkje dei slik som dei vil hell i rett Tid, so vert dei vonde og gjeng sin Veg. Allmannen vert standande for mykjet i eit passivt Forhold til det, han kjenner inkje og ser inkje, at han er med sjølv nok, og kann inkje hava den personlege Gleda aa sjaa Frukterne i det av sitt eiget Stræv.
           
Arbeida upp Maalet, auka Bokavlen, hjelpa fram Folkeupplysingi og gjeva Norsken baate i Skule og Kyrkja gode Verjur det er det gagnlegt til ja arbeida upp Maalmenn og, naar dei daa av seg sjølve hev havt seg so langt fram, at Samlaget kann hava Bruk for dei, men nokon Smaaskog sjølve kann dei inkje ala upp. Og daa det er berre eit litterært Lag, kann ein inkje venta den Framdrift i det, den Samling og Umfatning av dei praktiske Emne, som er Vilkoret for eit stødt og jamt Arbeid.
           
Mange meiner, at det i det heile lite kann nytta aa leggja nokot overlag serskilt Arbeid paa Maalsaki no i desse Tider for Politikken Skuld, som baate stengjer alle Veger og dessutan syg i seg all den Saft og Kraft, som finnst millom Folk. Men at det er best aa bida til den Ridi er yverstadi.
           
Men me skal hugsa for det fyrste, at nettupp Politikken er ein, som hev ført med seg stor Framgang og mykje godt aat Maalsaki, og daa skulde ein venta, at ho kunde gaa, um og mykje anna maatte stansa. Me rosar oss av, at naar det berre vert Skikk paa Politikken, skal me gjera store Ting. Lat oss visa, at han hev Grunn for seg denne Rosen vaar. Her er ei Sak, som me kann syna det paa, for me kann koma langt i den endaa slik som her er. Det er eit Røynand verdt. Lat inkje Politikken gjera oss blinde for anna, so me gjeng og ørskar, og det glepp unda oss eit godt Tak, som me nettupp i slike Tider kunde gjera. Politikken hev voret oss til Framhjelp, lat oss nytta honom meir! Lat oss taka Tidi som ho er og suga henne som me best kann. Legg me berre Vit og Umtanke og so litevetta Stræv i det, so kann me vinna storleg.
           
Eg siktar til Maalbladet. Det meiner eg er som skapt til aa vera Førar for Maalsaki og Maalarbeidet no i desse Tider. Det meiner eg er det, som no bør hava fyrste og fremste Rangen i kvar Maalmanns Umtanke og Arbeid. Det skal kunna føra Saki vaar endelaust langt fram, fyrr me veit Ordet av. Og det blygjest eg inkje aa venda meg til Folks Kjærleik og Samhug for midt i Striden og Uroi. Eg segjer: takke til Godtfolk, at De i so myrke Tider hev ei Sak so ljos og so rik paa Voner, det er ei Kvild og ei Sæla i det.
           
Eg vil beda Maalmennerne tenkja yver dette og leggja fram sine Tankar. Fyrst: Er det inkje det beste aa velja seg ut einTing aa driva fram. Og: Er inkje Maalbladet det, som no er det høvelegste til det.
           
For me skal vera samstelte; alle ihop!
           
Eg meiner det: at Avislesning er no den, som kjem vidast ut og som Folk bryr seg mest um og gjerne kann leggja ein Skilling i.
           
Eit Blad er den beste Verkstad for baate Maal og Maalmenn. Der kann alle møta fram, Umgang og Tid jamnar og sem dei ihop og slipar Kantarne av, so det fullgode og aalgjengde til Slutt kjem fram. Og med Tid og Lempe kann ein yvergjevast til Samlaget som fullgild Bokskrivar.
           
Eit rett Blad vert Allmanns Eigendom og fær Allmanns Kjærleike, som um det var hans eiget Barn, han er sjølv den, som el det upp. Det narrar den til aa vera med, til aa skriva jamvæl, som aldri hadde tenkt paa det.
           
Kvar sann Ide hell Tanke er som ein Bank, som du kann setja eit Verde inn i. Dei fleste slike Idear er som ein Livsasurance, der ein ingen Ting fær att sjølv utan Ætti, som liver etter honom. Men eit Blad er den Banken, som tek mot dei minste Summar og gjev dei høgste Rentur, der ser ein det veks, difor kann Smaamannen og vera med, og helst naar han er i Flokk.
           
Samlingi um eit Blad vil læra oss upp i det jamne Arbeid for Maalsaki, no me slepp, at det gjeng so støytvis berre, som det mykjet hev gjenget.
           
Me hev alt havt eit Maalblad gangande i 7 Aar, men Saki er den, at det aldri hev vortet sterkt nok framhaldet, at her er 1ste Rangs Arbeidet i Maalsaki no, og difor hev det inkje tekjet den Munen, som ein heiltupp skulde ynskja.
           
Men eg trur at vert me samstelte um dette og vender all vaar fremste Hug og Dug paa det, skal me snart baate sjaa store Frukter og faa ei fast Studning og ein stø Fotstad for heile Framtidi.
           
Her er det tvo Stig aa naa:
           
Fyrst er det aa arbeida Tingartalet upp, so det kann koma i Jamnhøgd med alle andre Blad i Pris og Storleik. Det skal berre ein ganske liten Auk til, fyrr det kann taka til aa veksa, det trengst berre, at det syner seg, at det er Vilje og Tiltak millom Maalvenerne til verkelege aa vera med. Daa fyrst hev det Rett til aa byrja, men det maa hava sikker Grunn under seg for kvart Stig det gjer, inkje noko paa Vaag, so det inkje skal ganga som det gjekk fyrr.
           
Mange syntest, at Bladet var einsidugt fyrr, andre synest, at det er einsidugt no 1) . Og det er so, eit litet Blad hev vanskelegt for aa fullnøgja Kravet aat alle, men di større det vert, di meir mangsidugt kann det og vertabaate i Innhald og Synsmaatar, meir høvande aat alle Folks Krav og Tarv. - Eg hev høyrt, at soframt Folk greidt visar Samhugen sin fram no i siste Fjordungsaaret, vil det byrja med Auking alt fraa Nyttaar.
           
Dinæst maa Bladet verta slik i Pengevegjen, at det kann hava Raa til aa løna dei, som arbeider i det. Maalmennerne er jamnast slike Folk, som inkje er for rike paa Gods og Gull, dei maa stræva for Maten og fær difor korkje Tid hell Raa, meir enn det dei maa stela seg til, aa dana seg ut retteleg hell aa leggja si fulle Kraft paa Maalarbeidet. Mange gode Krefter hev gjenget til Spilles for oss for den Sak Skuld.
           
Skal eit Maalblad paa Lengdi kunna sikra seg av dei beste Krefter, maa det difor kunna betala likaso mykjet som eit annat Arbeid kann gjeva av seg.
           
Ja det bør i visse Tilfelde kunna koma til aa faa Raa til aa gjeva meir. For det gjeldst inkje for det berre aa faa det Arbeidet godt utført som det treng sjølv. Men det skal hava eit Fyremaal attaat, aa stydja uppunder sjølve Bokavlen ved aa hjelpa fram unge Folk og Næmingar med meire Løn daa, enn netupp Arbeidet er verd (liksom det er ved Stipendier og dilikt) og ved aa halda Tak i dei meir framkomne, so dei inkje kjem seg for djupt ned i annat.     
           
Kunde me faa det slik, daa kunde me segja, at me hadde eit godt Tak paa Framtidi, daa kunde det gaa av seg sjølv sidan.
 
           
Mi Meining er daa den, at gjenom Fedraheimen gjeng no Vegen aat Maalsaki.                                      
N.
 
 
1) Sume kann soleids kanskje tykkja no, at det er for mykjet Smaaskog, men det er eit godt Lyte det, det veks av med Tidi, det er det, som hev vantat fyrr; det er det beste Merkje paa at Skogen er god og voksternæm, det er jamt ille, naar det er berre gamle einstaka Kraggar. Det er nokot, som skynuge Folk vil gleda seg i, dei veit ein høgg inkje Timber fyrste Aaret.