Tidender.

Kristiania, den 13de Oktober.            
           
Dei kjem seg.
 
Dr. Yngvar Nielsen, Kongelig Hof- og Aftenposthistoriker, - han meinte det paa Kodalsmøtet, at det var ikkje so faarlegt, um Høgre svinad til Storthingsmajoriteten han brukad det Ordlaget -; for Storthinget var 114 Mann sterkt og kunde altso likare bera likt enn Kongehuset med dets faa Personer.
           
For nokre Aar sidan sagde Høgre-Thingmannen Schwarz fraa Drammen, at det aa arbeida paa minska Vyrdnaden for Storthinget, var den daarlegaste Gjerning, som kunde gjerast i Norigs Land. Det meinte Høgre daa.
           
Hellest kann Dr. Nielsen hava Rett i, at Storthinget toler nokk Svine-skapen fraa Høgre, dersom det just skal koma an paa det. Um Storthinget toler nedriving betre um Kongemagti, - det fær Hoffsogemannen Yngvar Nielsen avgjera.
 
 
Krunprinsen av Portugal kom til Stockholm den 9de. Musikken spelad den portugisiske Folkesongen, daa han kom til Jarnvegsgarden, stend det i Telegrammet.
           
Hm! Hadde det voret den norske Krunprinsen, som hadde komet til eit framandt Land, so hadde Musikken spelat: Hør oss, Svea!
           
Det hender jamvæl, at naar den norske Kongen kjem til Norig, so vert han helsad med: Ur svenska hjertans djup.
           
Slikt vilde væl ikkje gaa an i Portugal, kann eg tru.                           
 
w.
 
 
Ingen Riksrettsdomtrengst no lenger. Morgenbladet hev sjølv dømt. Retfærdigheden har ingen anden Dom end Frifindelse, segjer det.
           
Kva skal me med Riksrett, naar me hev ein so habíl Domar som Friele?
 
           
Aftenpostensegjer at det er stygt og imot all god Skikk aa skriva i Bladi um Utfallet av ei Sak, so lengje ho stend for Retten. Kos vil Friele lika det, tru?
 
           
Det kom ei Segnfraa Stavanger um, at Lars Oftedal skulde ha negtat ein skikkeleg Mann aa tala Guds Ord i Bedehuset sitt. Daa song dei upp, kann du tru, alle Høgrebladi. No kunde ein sjaa, kva Lars Oftedal var for ein Kar! No var ikkje han betre enn Høgreprestarne! So gildt totte dei ikkje dei hadde høyrt paa lang Tid, - dei kristelege Bladi.
           
Det var mykje til Gleda.
_ _ _ Og so var det ikkje sannt.
 
           
Fyrr og no. I 1833 skreiv Fredrik Stang, Statsministeren sidan, at det laag i det konstitutionelle Monarkis Begreb, at Aalmannviljen, d. e. Folkeviljen, skulde vera den drivande Kraft paa alle Leider av Rikslivet.
           
No - ? vil dei ikkje vyrda Folkeviljen nokonstad.
 
           
Morgenbladet lovar paa, at Høgre vil halda fram med Striden, u m Selmer og hans Menn vert dømde.
           
Er ikkje det lovlydigt?
           
- Kanskje dei trur, at Landet hev godt av denne Striden. Det trur no ikkje me. Men ein Ting veit me, og det er, at Høgrepartiet ikkje hev godt av Striden; og ein annan Ting veit me og: at dei fær nokk aa gjera, dersom dei vil driva Politikk mot Lov og Dom.
 
           
Dersom det er Synd,at Folket sjølv hev Husbondsretten i Landet sitt, so maa det og vera Synd, at kvar Mann hev Husbondsretten i Huset sitt, og Husbondsretten yver sinn eigen Gard elder sitt eiget Stell i det heile. Vil Kristendomen, at eit F o l k skal vera umyndigt, so maa Kristendomen likso væl vilja, at kvar Mann skal vera umynddig. Der er ikkje meir Ovmod i den Læra, at eit Folk sjølv etter Loven skal hava Avgjerdsretten i sine eigne Spursmaal, enn der er i den Læra, at kvar Mann, naar han held seg til Lov og Rett, kann raada yver seg og sitt som han sjølv synest.
           
- Det kann du svara, dersom ein Uppropar kjem til deg og vil fortelja deg, at Folkesuveræniteten er syndig!
 
                       
Prest N. I. Laache er utnemd til Bisp i Trondheims Stift. Han er fødd 1831 paa Garden Laache i Ullensaker. Far hans var Bonde. Me hev no tvo Bispar av Bondestandet. Bisp Folkestad er Bondeson fraa Telemarki.