Torni Slyngstad.

[Del 10 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
 
                                     
VIII.
           
Hausten var komen. Alt vart liksom sveipt i den store Kvild attpaa Annsemdi. Men fraa Plassen under Vatne høyrdest Minering, Hamarslag og Singling med Jarnstaurar. Torgeir var heim att komen. Arbeidsfolk vart leigde. Krut brukad dei nett som Sand og skaut og velte fram Stein i horvlause Røysar. Bøgard kom upp. Brun av nybroten Stein lagde han seg upp etter Bakkarne liksom uthespade Linur. Grasvorden vart riven, Mold køyrd aat Husar og ei Kolvingsbru vart bygd yver Elvi millom Plassen og Slyngstad.
           
Men til Vintren kjøpte Torgeir seg ein Otring og var sjølv Styremann paa Baaten den Fiskja. Det Liv treivst han ikkje med. Daa Vaaren kom, selde han heile Sjøbornaden.
           
Um Sumaren døydde Mor hans. Tergje hadde endaa ikkje sett sin Fot paa den nye Brui; men den Dag, daa Kona hans skulde til Gravi, laut han til; for det nye Baatnaustet, som Torgeir hadde bygt, stod paa Slyngstadsida!
           
Det var slik ein fin Dag. Vatnemennerne kom reikande med Gravar-Ambodi sine, Kvende fylgde dei med Salmebøker. Paa Tunet stod Hesten for Kjerra. Utyver Troppi til det store nye Vaanhuset, som Torgeir hadde bygt, var straadd med frisk Einer og Smaalauv nokot, som elles var nytt der paa Bygdom endaa.
           
Vatnefolket kviskrad seg imillom um detta; endaa meir, daa dei kom inn i Stova. Kista var prydd med Blomar og Grønt. Kven hadde gjort det? Um det vart dei lika kloke; men so var det vel Torni, trudde dei.
           
Alle var nyfikne og gissad paa, um Slyngstadfolket vilde lydast inn um Elvi. Jau, der kom Torstein, Margit og Torni. Etter dei fylgde Tenestfolket deira. Ei Salme vart sungen. So steig Skulelærar Knut Bjørhaug fram og sagde, at han hadde Hug til aa faa tala nokre Ord yver den Kista. Knut var den beste Ven, Torgeir aatte. Det same tykte Bjørhaug um Torgeir. Dei tvo var i Lag baade jamt og samt. Knut Bjørhaug var ein fintenkt ung Mann med framifraa godt Hovud og eit kjærlegt varmfølande Hjarta. Nettupp det same tykte han um Torgeir Vatne.
           
I sin Liktale hadde han mange fine Vendingar um den sermerkte Kvendenatur, som den Avlidne hadde synt fram i sitt Liv, serlegt um hennar sjeldsynte Elsk til det fagre. Dette skildrad Bjørhaug paa ein fager Maate som den beste Arv Torgeir hadde faatt etter Mor si.
           
Vatnegutarne ymtad seg imillom um, at dette, som Venskapsstykke, vel var sagt for Torni si Skuld. Men elles kunde Skulelæraren spara seg Umaken; for Torni vilde visst aldri i sitt Liv gifta seg, trudde dei.
           
Daa Likfylgjet kom ut aat Vatnet med Kista, laag Baaten reidug med eit Klæde yver Bakskuten. Ingen visste, kven det var, som hadde breidt det.
           
Torgeir sette seg paa Framtofta og vilde ro; men Bjørhaug tok Aararne fraa han. Tergje kom i Lag med Torstein i Framskuten. Bjørhaug tykte, det foor vel; for slik ei Stund var høveleg til aa braadna Isen. Torstein sat og lidad litevetta paa Hovudet, flutte seg lenger ut aat Æsingi og gjorde seg so liten som mogelegt. Han var ein fredelskande Mann. Kann henbda var det Kristenpligt aa tala eit Forsoningsord her i Dag? Visst var det so; men han orkad det ikkje fram, serlegt no, daa baade Læraren og Vatnemennerne var til Stader. Torstein var bljug. Men Kravet vilde ikkje tagna; tvertum, det steig fram aa nyo, beitte paa med Trugsmaal, sleit og reiv, so Sveiten rann av arme Mannen; han fekk mest ikkje pusta. So greip han Bljugskapen liksom kring Barkjen, snudde seg aat Tergje og vilde opna Munnen; klarad det ikkje; men daa fekk han Hjelp. Soli skar seg ut av ein Skybanke, som hadde løynt henne, alt sidan Baaten kom paa Vatnet. Den arme Straalestraumen løyste upp, lyfte og gledde Menneskja. Bjørhaug sette i og song med sitt sterke Maal; fleire stemde i med Salmen: Jeg gaar til Himlen, hvor jeg gaar, kunde høyrast paa lang Leid.
           
Torstein lagde Hændarne saman og takkad Gud for alt.                    
 
( Meir.)