Aldri so galet, det er altid godt for nokot.

Kjetil Motzfeldt sagde i 1880 i Debatten um Statsraadssaki (Storth. Tid. S. 190):
           
Saaledes som Forholdene nu gestalte sig (dvs. so lengje Statsraaderne ikkje er med i Thinget) sidder der en Regjering, som ikke er kjendt af denne Forsamling og ikke er kjendt af det hele Land; man glemmer endog, hvad de heder, man ved det næsten ikke; og jo længere de sidder der, desto mindre bliver de kjendt i Landet.
           
Men no tek dei høge Herrarne til aa verta kjende i Landet. Det er ikkje so reint faae no, som veit Namni paa dei. Og Ludvig L. Daae fer ikring og fortel Folk, at desse Statsraadarne er det beste og gildaste me hev i Landet; ja dei er Blomsten av det beste i Landet, hev det vortet sagt. Slikt drøymde nok ingen um for 3 Aar sidan.
           
Kva kjem det av? Kor hev det seg, at Selmer og hans Menn no hev vortet
so namngjetne? Det kjem seg av at dei hev fenget Riksrett paa seg.
           
Dei høge Herrarne skulde altso i Grunnen vera glade, fordi dei kom under Riksrett. For det var den einaste Maaten, dei kunde vinna eit Namn paa i denne Verdi.
 
           
Det hastar ikkje, meiner Selmer og hans Menn. Dei elder Sakføraren deira finn paa alt det dei kann til aa hala Saki ut. Det ser ut til dei kjenner med seg sjølv, at Domen maa gaa dei imot, og so er det greidt, at dei ikkje tykjer det hastar.
           
So lengje Saki stend paa, so lengje kann dei og sitja paa sine Krakkar. Hellest er det so, at naar ein Embættsmann vert sett under Tiltale for Embættsbrot, so vert han suspenderad, d. v. s., so maa han gjeva upp Embættet, til dess Dom er fallen. Men dei 11 Herrarne driv paa og sit i sine Embætte liksom ingenting var; og so læt dei Sakføraren sin finna paa alle dei Kunster som til er for aa draga Saki ut.
 
- Dei er seg sjølve like.
 
 
Dei hev voret for store, desse Statsraadarne, sagde ein simpel Mann her ein Dagen; det kunde ikkje taka nokon god Ende med dei.
           
Ja, dei hev voret for store. Dei var innsette til aa vera Folkets Tenestemenn, og so vilde dei vera Herrar. Dei vilde hava sine Meiningar fram, anten Folket meinte so elder so; og so brukad dei den Magti, Folket hev gjevet dei mot Folket.
           
Dei hev styrt ukonstitusjonelt, som me segjer, og med slike Styrarar kunde det i eit konstitusjonelt Land ikkje taka nokon god Ende. Dei maatte koma i Omstændigheder der er det gode i eit fritt Land, at kor store Folk er, - dei kann daa ikkje fara plent som dei vil helder.
 
 
Av sine eigneer Statsraadarne dømde. Ein Bisp hev sagt, at dei hev gjort den største politiske Daarskap; ein Skrivar hev sagt, at dei ikkje hev raadt til Landsens Bate, og ein fyrrverande Statsraad hev sagt, at dei hev fornægtat det repræsentative System.. Stort verre Ting kann væl ikkje Statsraadar i eit fritt Land gjera.
 
           
Det er Systemet, som skal dømast, segjer Høgre, og det skal daa vera so galet.
           
Tingen er i rette Røyndi den:
           
Um eit Statsraad hadde faret galet i ei Sak, elder um det so var i tri Saker, men dei i det heile og store hadde styrt konstitusjonelt og faret fram etter Grunnlovens Ord og Aand, - so vilde aldri Storthinget ha sett dei under Riksrett.
           
Men naar det no av heile deira Framferd fraa fyrst til sist viser seg, at dei er ukonstitusjonelle, og naar dei galne Gjerningarne deira atter viser seg aa hava sin Grunn i eit galet System, som dei held fast paa, og som dei ikkje vil uppgjeva, og helder ikkje vil dei gaa sin Veg, - so var det naudsynlegt aa lata Saki gaa til Doms, og so maa Domen yver deira Gjerningar verta so mykje strengare.
           
- Dei vil ikkje døma Systemet. Men fordi dei galne Gjerningarne hev sin Grunn i eit System, og altso ikkje berre er tilfeldige Mistak, maa dei faa ein Dom, - som er deretter.
           
Næst etter rein Landssvik som det er sett Livsstraff fyre _, er ingen Gjerning verre enn den: aa styra eit Land mot Konstitusjonen. Hev me Rett i, at Selmers Ministerium hev gjort den Gjerningen, so fær dei taka sin Dom - deretter.
 
           
Men, spør Folk, dersom Domstolen finn, at Selmer og hans Menn ikkje hev fortent større Straf enn aa tapa dei Embætti, dei no hev, - so vert dei innsette i andre store Embætte, og so vert heile Greida upp i Laatt og ingenting.
           
Ein Stakkar, som av Svolt stel eit Stykkje Mat, han fær Vatn og Braud og tilslutt Tukthus. Men desse Storkararne, som lat oss tenkja oss, at Retten kjem til det som hev brotet Riksens øvste Lov, - som hev gjort Urett mot heile Nasjonen, - som hev sett heile Landet tilbake i Utvikling, ja hev sett det reint paa Ende i Staak og Strid og borgerleg Uro, - dei skulde verta dømde til aa faa Amtmannspostar, Bispedøme, Høgsterettspostar og annat slikt, - det vilde vera ein hyggjeleg Ting! det vilde gjeva Folk Vyrdnad for Lov og Rett!
           
- Ja, det vilde vera mindre enn væl. Dersom Retten kjem til det, at Statsraadarne hev forbrotet seg paa slik Maate, og so Domen skulde vera slik, so vilde det nokk ikkje verta til korkje Bate elder Gleda for Landet.
           
Me maa halda paa, at Aktor krev at Statsraadarne vert dømde av med all Rett til aa hava Embætte elder Postar i dette Landet; for det er vaar faste Tru, at Riksraadarne hev stelt seg slik, at dei hev fortent den Domen, og det heilt og fullt.
           
Men naar Folket paa den Maaten hev sett fram sitt Krav, so fær Domstolen avgjera Saki etter sitt eiget Skyn; for Domstolen hev berre den eine Tingen aa tenkja paa _ _: at han dømer rettferdigt.