Folkemøtet i Eikersund. (Brev):

Daa eg ikkje veit, um nokon annan sender nokot til Fedraheimen fraa Folkemøtet i Eikersund, vil eg senda eit Par Ord um det. Eikersunds Vinstreforeining hadde fengje Hr. Statsrevisor Jacobsen til aa koma dit og hadde innbodet sovel Høgre som Vinstre fraa By og Bygder. Endaa Vedret var surt, var der mødt fram 12-1500 Menneskjur, Hr. Storthingsmann Eskeland vart vald til Ordstyrar, Hr. Jacobsen talad greidt og djervt, og det vart sagt av Storthingsmenn at han her talad framifraa godt. Desutan talad paa Vinstresida Hr. Storthingsmann Øverland. Paa Høgresida talad fysst Prest Irgens, Toldindspektør Slang, Amtsskulestyrar Karl Aanestad og Konsul Puntervold. Det var tunnt med Høgres Argumentering serleg dei tvo sisste Herrar, som fysst fekk Ordet mot Slutten, og som daa dei saag at Jacobsen ikkje let seg slaa av Marki, let Sinnet raa med seg slik, at dei ikkje kunna styra Ordi sine som ein kunna venta av vaksne vituge Menn. Den siste av desse, Puntervold, gjorde slik eit Spetakel, at hans eigne Lagsmenn maatte riva honom ned av Talarstolen, daa han ikkje let seg segja av Dirigenten. Det Høgre hadde aa rykkja i Marki med her, var det gamle Snakket um Vantru, Magtfordelingi m. m. Hr. Jakobsen sagde um dette, at han hadde høyrt det mange, mange Gonger fyrr, og likso godt framført som her. Og han motlagde det kraftig og klart. Han vart jamleg stansad av lange Bravorop og daa han um Kvellen sluttad med aa beda Forsamlingi sovel Med- som Motstandarar samla seg med honom um eit Lenge live gamle Norge svarad Folket med eit ljomande Hurra, som mest ikkje fekk Ende. Hr. Eskeland ropad: lenge leve Fedrelandskjærleiken, det vart livlegt Samtykkje. Vinstreforeiningi takkad for Møtet og bar upp eit Live Hr. Kaptein Jacobsen. So myldrar Folket ut paa Gata, nokre i ein Sexa, mesteparten dreiv i smaa Flokkar, som livleg umsnakkad Dagens Talarar. Møtet vart haldet under open Himmel, daa der ikkje var Husrom aat somyket Folk. Arbeidarsamfundet i Stavanger hadde og fengje Tilsegn um, at Jacobsen skulle koma dit, men det kom Hindringar i Vegen denne Gongen. Kjem han nokon Gong, skal han vist ikkje sakna Folk.
 
- h.