Fraa Skulesoga.

[Del 10 av 13. Første delen]
 
(Ved Matias Skard.)
                       
VI.
 
Basedov hadde lovat Verdi aa gjera store Ting i sitt Filantropin. Og i 1776 heldt han ei Storprøva, der det skulde syna seg, kvat han kunde gjera. Der skulde det verta so myket stort aa sjaa og høyra og undersøkja og raadleggja um, skriv han, so det var Umaken verdt, at det vart sendt Folk til den Prøva fraa Kjøpenhamn, Petersborg og Landskapom lengst undan. Og der kom mange namnspurde Menner. Millom deim er serlege han aa nemna her, som skulde leida dei nye Tankarne inn i Folkeskulen. Det er Frederik Eberhard Rokov. Rokov høyrde til ei gamall Adelsætt og var Erveherre til store Eigedomar i Brandenburg (Krane, Rekan, Gettin o. s. v.). Han var vel berre tridje Son; men alle hans 13 Systkin døydde burt. Sjølv er han fødd 1734. Ikkje mindre enn 11 Huslærarar arbeidde med honom, fyrr han kom paa Riddarakademiet i Brandenburg. Seinare vart han Fanjunkar, vidare Offiser, men vart i ein Tvikamp saarad slik i høgre Handi, at han maatte taka Avskil. I 1759 gifte han seg (men fekk ikkje Born), og tok so ved sin Faderarv 1760. Og so tok han seg serlege av sine rekanske Eigedomar. Rokov var ein Mann med lika so varmt Hjarta som klaar Tanke. Difyre saag han helder ikkje berre etter, korleides han best kunde hava Vinning av Eigedomar sjølv. Nei han saag dei mange Smaafolk, som budde paa deim, og han saag, at med deim stod det ikkje so til, som det skulde. Og so var det Kjærleiken til desse andelege og sedeleg laagtliggjande Menneskjor, som dreiv honom til aa arbeida fyre aa lyfta deim upp. Det galdt fyre honom fyrst og fremst aa hjelpa deim til den Utvikling av Forstanden, som han saag dei vantade, men saart trong til i heile sitt Liv.
           
I 1771 og 1772 var der vaate Sumrar; korn og Høy rotnade; det vart Dyrtid. Tilmed kom det Farsott paa Folk og Fe. Daa tok Rokov seg paa alle Maatar av sine Folk. Han leigde sjølv ein Lækjar, som dei kunde bruka fritt. Han gav deim Raad og Rettleiding skriftleg; men Skrift kunde dei ikkje lesa; han gjorde det munnleg, serlege var det Raader mot den leide Farsott. Men nei, vonde Vandomar, Uvanar og Yvertru gjorde hans Stræv til inkjes. Dei vyrde ikkje Lækjaren, men gjekk til Underdoktarar og kloke Konor, betalade der dyrt og døydde ofta burt. Han maatte freista aa leggja dei styrande paa Hjarta, kor naudturvelegt det var aa fremja Upplysningi ved betre Skular. Um ein so berre saag det fraa Pengesida, so var denne Vankunna til stor Skade og Spilla fyre Landet. Til all Gjerning treng ein baade Fyretanke og Ettertanke, um den skal drivast rettelege. Men slike Folk tenkja ikkje, so det duger, korki fyre elder etter. I saar Smerta yver Fylgja av Tankeløysa og Vankunna sat eg eingong (det var 4de November 1772) ved Skrivebordet og teiknade ei Løva, som ligg innballad i eit Nett. So, tenkte eg, ligg ogso den gjæve Gudsgaava Fornuft, som daa kvar Menneskja heve, ho ligg soleides innsnørd i ein Vev av Vandomar og Vansinn, at ho lika so litet som Løva her kann bruka si Kraft. Aa berre der var ei Mus, som kunde gnaga sund nokre Moskor i dette Nettet. Kannhenda denne Løva daa vilde bruka si Kraft og gjera seg laus. Og no teiknade eg ogso likaeins berre som ein Tankeleik Musi, som alt heve gneget sund nokre Moskor i Nettet, som Løva var innsurrad i. Som ein Elding foor meg den Tanken gjenom Hugen: Enn um du vart den Musi. Og so gjekk det upp fyre honom heile Samanhenget med, at Landmannen er som han er. Han veks upp utan retteleg Hjelp. Skulen tek si Gjerning paa den grøvste Maate utverdes, handverksvoret. Presten talar Høgtysk, han Plattysk; dei skyna kvarandre ikkje. Ingen bryr seg med aa dyrka Saali hjaa deira Ungdom. Deira Lærarar det er som naar blinde leida blinde. Og so lid Samfundet større Tap ved dette enn ved den største Ufred. Gud, tenkte eg, maa daa dette vera so? Kann ikkje Landsfolkjet ogso, denne rettelege Styrken i Statskroppen, paa sin Maate verta danat og gjort laglegt til all god Gjerning? Kor mange dugelege Menneskjor hadde ikkje eg til Dømes kunnat berga fyre Fedralandet i desse Aarom; men no ero dei vortne eit Rov fyre sitt forfælande Vansinn. Jau eg vil vera Musi. Gud hjelpe meg:
           
Og han drygde ikkje med aa leggja Hand paa Verket. Enno same Morgon skreiv han Yverskrifterna til alle Hovudstykke i ei Bok, som skulde vera til Undervisning fyre Lærarar i dei lægre og Landsskular:
           
Sitt Kall, sin Rett til aa vera Folkelærar giv han stutt og godt i dei Ord: Eg ynkast yver Folket. Og det Ord kann gjerna standa som Yverskrifti yver heile hans Liv.
           
Landsfolket segjer han heve Stræv nog i si eigi Stilling; tilmed lida dei under sine Vandomar. Dei vita ikkje aa stella seg; difyre verta dei misnøgde. Dei ero korki nøgde med Gud elder Styremakti. Til Naud vilja dei vel verta sæle ved Krist, men ikkje fyrst liva gudeleg etter Kristi Bod.
           
Alt dette kjem av, at det ikkje vert syrgt fyre Uppdraging av Landsungdomen. Dei syrgja ikkje fyre aa læra deim sitt Skule-Maal, som ofta vik myket av fraa deira eiget Tungemaal. Ein utdanar ikkje heile deira Saal. Samvitet vert ikkje dyrkat. Dei læra utanaat Katekisma og Frelseordenen, men skyna deim ikkje. Og eg tenkjer daa ikkje, Folk halda Saali aat eit Bondebarn fyre ein Ting av eit annat Slag enn Saali aat eit Barn av høgre Stand. Vidare ventar han seg det Motlegg, at det er best fyre Samfundet, at Bonden vert verande i si tankelause Vankunna, at det er skadelegt, naar han vert klok og forstandig. Men han kallar klok berre den, som i kvart Stand ber seg so, at hans Maate aa liva paa ikkje hindrar honom fraa aa naa Fullendingi. Etter den Uttyding vil vel ikkje den rette Klokskap vera Landmannen i Vegen, annat enn han kann vera ein lagleg Bonde, ein flitig Arbeidar, ein trufast Tenar, ein dugeleg og lydug Soldat o. s. v.
           
So maa der Lærarar til. Men dei kunna ikkje lærast fullferdige. Han vil berre giva deim ei Utsyn inn i dei gagnlege Sanningar. Naar det kjem til Bruk, maa dei altid sjølve tenkja aa finna paa. I ein Samtale hevdade han eingong, at alt kviler paa, korleides Læraren er, og at Læraren fyrst og fremst maa hava Kall, indre Drift til Gjerningi; han set i so Maate Lærargjerningi saman med det aa vera Missionær fyre Heidningom. Utan Skulelærarar som hava retteleg Missionær-Sinn, vil der ikkje verta uppnaatt nokot til Forbetring av Menneskjesaalerna. Den som ikkje sjølv er reint gjenomtrengd av den frelseførande Verdleik av Jesu Læra, den som ikkje ynskjer Menneskja timeleg det gode, vil altid vera ein Leigesvein. Lesnad, Skriving og Rekning vert tilslut heile Vinningi, vaare Skular giva; um Utviding av Guds Rike paa Jordi er der liti Von. Den Kalde som Leigesveinarne tala um Religionen med, er meir til Skade fyre den, enn um dei reint tagde med honom. Den som Religions-Sanningarne ikkje verma, han heve ikkje nokot Kall til aa vera Lærar i deim. I eit Brev segjer han elles um Religionsundervisningi: Den kann verta myket meir fullkomi, naar alt det vert sett utanfyre, som heiter lutersk, reformert og romersk-katolsk. Dette skal Presten syrgja fyre ved Konfirmationsundervisningi. Men i Skulen skal der ikkje verta lært og øvt annat enn den naturlege Gudskjenning og aalmenn kristeleg Dygd.
           
I det heile er hans Augnamerke det at Borni maa verta forstandige, so dei gjenom det kann vita aa gjera det, som er rett og gagnlegt. Serlege tek han det med, som kann vera til praktisk Gagn fyre Jordbrukaren; for i Jordbruket ligg Samfundet si Grunnkraft.
           
Han set daa fram dei Krav: 1, at Skulelærararne skulo ikkje vera Handverkarar, som dei fyrr so jamt var. Han vil helder hava teologiske Kandidatar, som so seinare kunde verta Landsprestar. Men daa maa ogso 2, Løni vera større, minnst Kr. 270, so dei gjerna og heilt kunna vigja seg til Skulegjerningi. 3, I Skulen skal det vera 2 Klassor. Skuletidi 6 Timar dagleg. 4, Skulestova skal vera ljos og utstyrd med Bilæte o. s. v.
           
Etter denne Boki si hadde han den Gleda aa faa eit myket takksamt Brev fraa Friherren av Zedlitz 1 ) , preusisk Minister, som styrde det luterske Kyrkje- og Skulestell. Lat meg no sjaa paa dykker som ein Mann, . . . . som kann giva so god Hjælp til Undervisningi av Landsungdomen, og som heve Fedralandskjærleike nog til aa vilja giva den Hjælp. Og denne raadførde seg seinare med Rokov um alt, han skulde gjera i Skulevegen.
                                               
( Meir.)
 
 
1) Zedlitz var ein stor Ven av Basedov.