Luren.

Til Hr. G. K.! Eg trur, at eg er likeso norsk og nasjonal som du; men eg er inkje so gamalkjær, at eg vil forsvara det gamle, naar eg veit, at det nye er betre. Luren læt like godt, kvat du veirer han med, berre du fær han varigt tett utan aa gjera han for tjukk og klumpen. Veir Luren med, kvat du vil, han vert like nasjonal fyr det. Luren er dana paa sama Maaten som eit Blaasarhorn; difyr gjeld det sama fyr baae. Den, som kann blaasa godt paa Horn, han kann ogso blaasa godt paa Lur og omvendt. Som eit Døme kann eg fortelja, at paa eit Lurmøte upp i Valdris var det ein, som hadde vore Tambur, som ved eit Tilfelde fekk fatt i ein Lur og bles so ein Signal i han. Han fekk paa Møtet 1ste Premien, endaa han aldri hadde blaaset paa Lur fyrr. Enno eit Døme. Her i Haust var det ein Telemarking her inne i Kristiania og bles paa Lur. Eg var og stad og høyrde paa honom; men eg likte inkje vidare Maaten hans. Du segjer, at naar ein brukar Munnstykkje og brukar heile Munnen istaden fyr Munnviki, so vender ein ikkje so lett Ljoe. Detta er det motsette av det eg meinar. Denne Thelemarkingen, som bles her i Haust, han hadde tungt for aa venda Ljoe totte eg, og detta kom seg visst av, at han bles med Munnviken og utan Munnstykkje, trur eg. Eg gjorde meg ein Lur ivaar og lærde paa ei stutt Tid aa blaasa dei fleste militære Signalar, likeso mange Slaattar og nokre Visetonar med. Eg brukte Munnstykkje og sette Luren midt paa Munnen likesom Hornblaasaren. Dermed fekk eg, etter mi Meining, mykje større Magt til aa vende Ljoe, fyr daa hadde eg baade Tunga og Leporne til Hjølp: - Naar ein bles, so skal ein inkje sleppa Vinden burti Kjakarne sine, men tryste Lufti med ei Gong fraa Lungom og inni Luren, fyr endaa bli ein so snøgt utmasa og staar inkje lengji det. Detta er inkje so godt med, naar ein brukar eine Munnviki. Hermed fær det vera nokk um denne Lurtrætta.
                                   
Ola Viking.