Tidender.

Kristiania, den 20de Oktober.
                       
I England forstend ikkje Folk, at eit Statsraad kann fara aat som det Selmerske: sitja Aar etter Aar og styra Landet imot Fleirtalsviljen i Storthinget og i Folket.
           
No, daa dei engelske Storbladi hev fenget Greida paa denne Selmerske Politikken, so hev dei teket til aa skriva um, at det norske Folket hev gjort Rett i aa setja Statsraadarne under Tiltale.
 
Morgenbladet likar ikkje dette.
 
 
Berre ein einaste Gong. Gjenom Praksis (Bruk), gjenom 66 Aars Praksis er det absolute Veto innført, hev Høgre sagt.
           
No fortel Morgenbladet som sannt er, at det absolute Veto berre hev voret brukt ein einaste Gong.
           
Ein einaste Gong. I Aaret 1880, 66 Aar etter 1814, - korkje fyrr hell sidan.
           
Det var ikkje lang Praksis det, Morgenblad!
           
- Men Professor Aubert er verre endaa, han. Han sagde paa Sarpsborgsmøtet, at det absolute Veto ikkje vart brukt i 1880 helder.
           
- Det er Rotturne som rymer fraa det søkkjande Skipet.
 
 
Farten er rivende. Radikalismen hev vakset med rivande Fart i seinare Tid, fortel Morgenbladet.
           
For 35 Aar sidan forkynnte Morgenbladet sjølv dei same Lærdomarne, som Vinstre arbeider fyre no.
           
Paa Mysenmøtet fortalde Professor L. L. Daae, at Kristiania og Drammen i dei fyrste Aari etter 1814 sende Menn til Storthinget, (Grosserar Young, Krigsraad Flor o. fl.) som var mykje radikalare enn nokon Mann i Landet no er.
           
Det kann ikkje vera so faarlegt med den rivande Farti lel daa!
 
           
Medan Høgrelagar Adressur og tiggar ihop Underskrifter av laust og fast, - vinn Vinstre ved Heradsvali.
           
Det er ein god Maate aa svara Adressetullet paa. Møt upp alle Mann ved alle Val, og lat det der visa seg, kva Folkeviljen meiner!
           
Det er det, som gjeld.  
 
 
Høgsterett hev sagt si Meining um Lensmannsloven. Dei meiner at han er imot Grunnloven. Lambrechts og Ph. Hansteen finn da inkje noko Mein i so Maate.
 
           
Bondestudentar av Garborg er utkomet.
 
           
Fraa Styret fyr det Norske Samlaget. Styret bed Lagsmennerne og Kommissionærar vera so snilde aa senda Aarspengarne fyr 1883 og tidlegare Aar straks. Laget hev no Bruk fyr mange Pengar til Trykkaren o. m. Gjer difyr so vel aa senda Pengar og samla fleire Lagsmenn. Det skal no ganga skjotare med Utgjevingi av Bøkerne enn det hev gjort med 1ste Bandet av Vinjes Skrifter. 1ste Heftet av 2dre Bandet er under Prenting.
 
 
Retting. I fyrre no. stod, at § 3 i Grunnloven handlar um Lovgjevarmagti; det var naturlegvis eit Mistak for § 49. § 3 handlar um den utøvande Magt, som me veit.