Torni Slyngstad.

[Del 11 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
 
(Framhald.)
 
Margit Slyngstad og Torni gjekk ut etter Non. Sumarvinden bar ein Klong upp millom Fjelli, yver Vatnet, til Slyngstad og vidare til Dals. Det var Kyrkjeklokka som let. So visste dei, at Liket var gravsett. Margit vilde, dei skulde setja seg til aa bida, tildess Baaten synte seg ut under Slyngstadnipa.
 
Aaja, sagde Torni; men ho vilde, dei skulde gaa inn paa Smedjebakken og sitja der.
           
Dit kann me ikkje koma no, fyrr der er slaatt, Barnet mitt.
           
Jau, naar me vil, sagde Torni og lagde midt gjenom høgste Graset. Margit laut lægja, fylgde etter, men maatad til aa stiga i Fotafari aat Torni.
           
Er du sinnad, Mor?
           
Nei, men eg er forbinad.
           
Paa meg?
           
Jadaa; du gjerer alt det, som ingen av oss andre.
           
Synest du det?
           
Det var ingen, som vilde bera seg aat soleids her paa Garden.
           
Berre her paa Garden?
           
Nei, ikkje i heile Bygdi, trur eg.
           
Daa var det gildt at eg gjorde det.
           
Du likar best aa staa einsam i all di Aatferd, du, er det likt til.
           
Ja naar eg tenkjer meg um.
           
Du merkar det kannhenda fyrst, naar det er gjort?
           
Det gjer eg visst, ja.
           
Margit sette seg ned: Stakkars Torgeir, no vert det kaldt og audslegt for han, ottast eg.
           
Heime meinar du?
           
Ja, naar Mor hans er burte.
           
Ja soframt han ikkje er før til aa gjera Livet fagnadsamt for seg paa einkor Maaten. Mor si vil han daa faa sakna dubbelt saart. Ho var ei merkjeleg Kvinna.
           
Korleids var ho daa?
           
Høyrde du ikkje, kvat Bjørhaug sagde i Dag?
           
Aa, det var no vel dei fleste, som ikkje forstod Talen hans, serlegt det - um Torgeir.
           
Aa! eg forstod det so vel! - Knut Bjørhaug er fin!
           
Nei tykkjer du det, Torni? han, som er so myrkleitt?
           
Nei, du Mor, du Mor! han tenkjer fint, meinte eg.
           
Detta vilde Margit burt ifraa. So sagde ho: Det, Mor hans Torgeir lengtad mest etter i dei siste Aari, var no vel aa faa sjaa han i Brudferd.
           
Aaja, veit eg!
           
Stakkars Mor, - ho var so ovlege glad i han.-
           
Og difor vilde ho so gjerna faa han gift!
           
Med deg, ja?
           
En segja meg! Det var vel Stas!
           
Ja, no er det venteleg dess, at Bygdi vil finna paa eitkvart.
           
Til aa segja um han og meg?
           
Javisst.
           
Bygdi hev ikkje med oss aa gjera.
           
Eg trur, du vart sinnad, Torni?
           
Ja, Bygdi, som slarvar, er nokot Skrap.
           
Det kann vera sannt; men
           
Me maa laga oss etter Bygdarslarvet, meinar du? Eg vil ikkje gjera det, um so det kostar _ _ _ Ei Taara glimde i dei fagre Augo. Dei drog seg ut yver Vatnet, feste seg paa eitkvart der, og med eit vart ho uppskræmd og ropad:
           
Sjaa Mor!
           
Kvat ser du?
           
Baaten!
           
Ja, ser du Baaten? Soli glimar so paa Vatnet eg ser ikkje Slag.
           
Jau sjaa, sjaa! Aa, Gud! Fylg meg Mor! Nei, ver heime!
           
Gakk ikkje fraa meg, Torni! Eg er so rædd! Ho trudde, Torni hadde sett ei Syn.
 
           
Daa dei, som var i Likferd, skulde paa Heimvegen, vilde Tergje, at dei skulde drikka Gravøl hjaa Landhandlaren. Det sette Torgeir seg beint imot. Daa vart Tergje vrang og gav vondt ifraa seg. Torgeir vilde vera fin paa det og tekkjast Slyngstadfolket, sagde han.
           
Torstein hadde Hug til aa faa eit Ord i Einvære med Tergje. Dei var snart Gamlingar baade tvo; og det var fælt, tykte Torstein, at bera inn i Alderdomen eit ugreidt Rekneskap.
           
Tergje forstod, at Torstein vilde finna han. Gjekk det daa so til, medan Torgeir hadde eikor onnor Andsemd, at dei tvo Menner fylgdest aat inn i Skjenkestova. Der vilde Tergje vera raust. Titt og traatt fylte han Staupet. Men Torstein drakk ikkje stort. Detta gjorde Tergje galen til Gagns. Smaatt um Senn vart han grovare og grovare. Men best som var, tagnad han plent og berre beit Munnen ihop. Paa Vegen inn yver aat Vatnet nemnde han aldri eit Ord. I Baaten kom han atter saman med Torstein i Framskuten. Men det vart snart umogelegt for han aa brenna inne med all den Illska.
           
Nei, kven kann sitja her midt i Elden? sagde han.
           
Er her Lauseld i Baaten? spurde Vatnemennerne og skrattlog.
           
Ja, eg segjer Elden! Det er heitt her i Framskuten tvi! det er som i ein Bakaromn! Eg vil her ifraa! Du Skulelærar, som er so høglærd og bibelsprengd, giv meg Rom der i Bakskuten! Og du, Torgeir, Plassegut, kann koma her fram, du som er so glad i Slyngstadvarmen! Aa hoi! skreik han og sprang yver Oksli aat den Mann, som rodde paa Framtofta. Mannen bøygde seg aat Æsingi, medan Tergje kvilde paa han med heile si Tyngd. Baaten tolde det ikkje, - skar under og kvelvde.
           
Nokre Minuttar baktetter stod berre tvo av dei, som i Baaten var, paa Strandi reddad. Det var Torgeir og Knut Bjørhaug. Ikkje fleire kunde symja. Eit Skotmaal fraa Land flaut Baaten med Kjølen i Vedret. Lenger ut paa laag nokre Maasar og laugad seg i Kveldsoli. Men høgt paa ein Fjellhamar yver dei tvo reddade stod ei Kvinna og stirde ned. Ho tykte, der stod liksom tvo Bautasteinar. Rødde dei med kvarandre? Nei, dei rørde seg ikkje, men lutte seg inn aat ein stor Stein der i Fjøra. Daa fekk ho ei Kjensla, som ho aldri fyrr hadde kjennt Maken til. Det kvelvde ihop vyer henne som i ein usæl Draum, avdi ho tykst sjaa Torgeir med brostne Augo.
           
Kor det gjekk til, at ho kom ned aat Vatnet visste ho ikkje. Berre ei tjukk Bjørkerust skilde henne der ifraa dei tvo reddade. Men no saag ho, at dei livde. Daa lagde ho Henderna saman, lyfte dei i ein Bogje yver Andlitet i Bøn, tildess ho seig aagruva der paa Marki og vart liggjande utan aa vita av seg.
           
Daa ho kom til eg sjølv atter, var dei tvo Karmenn ikkje der lenger. Daa sette ho seg ned og fekk graata. Ho saag ikring seg; men her var ingen, som saag henne. Difor kunde ho graata so myket som ho vilde. Det var Sorg, Tankar, Kjenslur, ein djup Lengsel og Hugsyner i Samandrag fraa mange Aar, som vilde løysa seg upp i Graat, og det fekk dei Lov til.
                                               
( Meir.)