[Ei Hallinggjente...]

Ei Hallinggjente skriv nylig her i Bladet millom annat, at ho tykte det inkje var sømelegt for ei Kvinna aa reisa umkring og halda Fyredrag, sitja paa Stortinget, og slikt nokot. Men kvifyr skulde det vera osømelegt, soframt ho ellest hadde Hug og Dug til det? - at ho enno ikkje hev det, er ei onnor Sak. Eg fyr min Part vilde inkje skjemmast ved aa reisa umkring og halda Fyredrag, elder aa sitja paa Tinget, soframt eg hadde Emne og Tilføre til det. Der er vel dei, som vil segja, at Kvinna daa vilde forsøme Husstellet sitt.
Men Mannen daa? Hev inkje han Gardstell og mykjet anna Stell, og endaa finn han Tid til aa sitja paa Stortinget og til aa reisa umkring aa halda Fyredrag? Ingen kallar det osømelegt. Kanskje vil dei segja, at det inkje er kvendelegt aa fara med slike Ting; men det er inkje so godt aa segja, kvat som er rett kvendelegt; eg trur, at det kvendelege skifter med Tidi, likesovel som alt annat. Det var ei Tid, daa dei kalla det mannlegt aa draga ut aa herja og plyndra og aa æska andre ut til Strid fyr aa faa Tilføre til aa syna fram Styrken sin. Kven vil no kalla slikt mannlegt? Og kann det mannlege skifta, so kann vel det kvendelege og gjera det, veit eg. Og so er der det vande ved Tingen, at inkje mange er samde um, kor langt ei Kvinna kann gaa, fyr ho mister Kvendelaget sitt; ein vil setja Grensa der, ein annan der. Nei opna berre alle Dører og Vegjer fyr Kvinna, og det vil, fyr henne som fyr Mannen, gjeva seg sjølv i Enden, kvat ho skal gjera og inkje gjera.
                       
Ei Gudbrandsdølsgjente.